Abonnement 790/år eller 190/kvartal

Eit spørsmål om uskuld

Ingen er skuldige i tragedien skildra i Hvitt hav. Men ingen er uskuldige heller.

Roy Jacobsen: Hvitt hav. Cappelen Damm, 2015

Finst det verkeleg ikkje noko «så rommelig som havet», som Alexander Kielland skriv i Garman og Worse? Er det sant at havet har tålemot, at «i sitt store kjølige dyp eier det plass for all verdens jammer»? I Roy Jacobsens Hvitt hav er ikkje havet menneskeleggjort. Hav er hav; farleg og flott, ein æveleg gravplass for fiskarar – uforsiktige, eller ofre for forlis. Havet er aldri reint meir, skriv Jacobsen, i denne historia frå 1944.
Me vert tekne med til Barrøy – den fiktive øya frå Jacobsens førre utgiving. Som i romanen De usynlige, følgjer vi Ingrid og det vesle samfunnet på Helgelandskysten. Området er no frekventert av krigsskip og båtar med nazioffiserar. Dei siglar att og fram forbi øyene, mellom busettingar, bunkersar og fort.
Ein dag kjem noko heilt anna drivande. Blåkvite kroppar – lika av russiske fangar frå det tyske skipet «Rigel». Skipet har vorte senka av dei allierte, og 2500 av 2800 russiske fangar druknar etter forliset; dobbelt så mange som omkom då «Titanic» sokk. Eg hadde ikkje høyrt om dette før eg las Jacobsens bok. Kvifor har det vore vanskeleg å snakke om «Rigel»? Korleis skal ein snakke med kvarandre i Noreg, om dette som dei allierte hadde skuld i? Korleis skal ein forklare hendinga til dei attlatne i Russland?

SvartRoy Jacobsen Hvitt hav byrjing. Hvitt hav skildrar den store historia med éi einskild historie – ei kjærleikshistorie som òg blir «sukkeret» som gjer det tunge stoffet lettare å ta inn over seg. Det byrjar svart; byrjar med desse lika som kjem til Barrøy. Ingrid ber og handsamar dei. Ho skremmer vekk måsane med Krag Jørgensen. Då ser ho at det er liv i ein av kroppane. Ingrid bind og pleier brannsåra, og reddar livet til soldaten. Ho gir han tryggleik: Ikkje berre skjuler ho han for tyskarane – ho snakkar russaren roleg etter traumet. Ingrid fortel og forklarar, på norsk, til ein russar, som svarar i hytt og vêr på russisk. Ingrid gir liv og helse, ro og kjærleik i den sjuke tida. Men ikkje eingong ho er berre uskuldig. Ingrid er god, sterk, handlekraftig og dyktig i faga sine – å handsame fisk og årer.
Når ho skal setje eit nytt liv til verda, går ho til havet – som har så mange spor av raudt i seg.

Fiske etter fakta. Desse spora vert omsider no følgt etter – ikkje berre av Roy Jacobsen, men også av ein russisk journalist: Anna Sikova er redaktør for Komi Republics månadlege magasin – eit medium for den meir grundige journalistikken. I 18 år har ho undersøkt saka om soldatar som reiste frå Komi under andre verdskrigen, som aldri kom attende, og som pårørande aldri fekk vite noko om. Ho søkjer i Finland og Polen, Tyskland og Frankrike. Ho finn fleire gravstader, før ho kjem inn på eit norsk spor. I september i år reiser Sikova frå St. Petersburg til mellom anna Tjøtta på Helgeland. Her får ho høyre om «Rigel»-tragedien – og får også vite at hendinga er lite omtalt. Fangeskipet av Leif B. Lillegaard fekk rett nok store oppslag i til dømes VG då dokumentarromanen kom ut i 1974. Men så høyrer det med til historia at det ikkje finst treff i same avis på «Rigel» frå juni 1945 og til artiklane om Fangeskipet stod på trykk. Fangeskipet er forteljinga om éin einaste fange: ein russar som blir skjult i hus etter hus. Ifølgje VG skildrar Lillegaard «befolkningens djerve og fåmælte klokskap som lokale strateger overfor tyskernes jakt på overlevende» (Odd H. Vanebo). At skipet vart senka av dei allierte er, ifølgje Lillegaard sitt føre- og etterord, ikkje motivasjonen bak boka: Han vil rett og slett fortelje ei heltehistorie. Også Jacobsens roman har dei positive forteljingane som hovudfokus: Ingrid personifiserer og konkretiserer heile Helgelandskystens djervheit og «fåmælte klokskap». Ho skjuler russaren. Når ho fryktar at tyskarane har mistanke om kva ho gjer, ror ho han til ei anna øy. Kjærleikshistoria mellom Ingrid og soldaten, og Ingrids heltedådar, er hovudhistoria i romanen. Men i Hvitt hav finn denne lesaren nyansar i helteskildringane. Eitt døme er når yndlingen Arne «mistar uskulda» på loftet til Ingrid: «[Ingrid] sier at han skal være forsiktig og stå bak henne så barnet ikke blir skadd. Han er ivrig og hardhendt, og det varer ikke lenge. Hun sier at han ikke kan sove der, ikke i dette rommet, men at hun håper at de vil bli over onna, til de også har fått unna myrslåtten på øyene. Han sier noe, men hun hører ikke hva, det lyder som snufsing, og hun ser ikke etter. Han legger hendene rundt magen hennes, de er varme og harde som knust skall rundt et kolossalt egg.»

Rekvisittar. Dette er éin av få metaforar Jacobsen brukar i boka. I likskap med Kjell Askildsen, nyttar Jacobsen i staden symbolsterke rekvisittar. Som Lars Saabye Christensen, bruker han einskilde rekvisittar igjen. Havet er éin. Havet er altså ikkje reint – det er vatn brukt igjen; menneskeliv og verdshistorier resirkulerte. Forteljaren i Hvitt hav forventar meir av havet: Han er ikkje med på eit hav som «uten krav, uten forpliktelse, fritt, rent og uforfalsket banker det store hjerte – det siste sunne i den syke verden». Vinden går inn i havet og tergar det opp. Måsar stupar ned i det; fangar fisk – før dei sirklar over vassflata som ein «hvit orkan». Ser ein nærmare etter, er det flekkar av blod på nebba deira – ikkje berre fiskeblod, men også spor etter småkjeklinga måsar imellom.

Havet er altså ikkje reint – det er vatn brukt igjen; menneskeliv og verdshistorier resirkulert.

Arbeidaren. Jacobsen dømmer ingen – ikkje eingong nazistane. Men så var det også ein gong, før han debuterte som forfattar, at han levde eit hardare liv. Hardt som i den urbane utgåva av omgrepet. Dop og småkriminalitet. Men sjølv om han var «ute på livet» om nettene, leverte han alltid aviser om morgonen. Roy Jacobsen arbeidar framleis mykje. Han snekrar på huset sitt på Helgeland, eller skriv. Jacobsen skriv ofte og mykje om kvinner – og kvinnene på Helgelandskysten vert godt og sympatisk skildra. Men kvaliteten ligg ikkje berre i varmen han fortel med; den ligg også i innlevingsevna i kvinnene sine liv. Dei er langt frå han geografisk, sosiologisk og tidsmessig – men Jacobsen skriv om det å vere kvinne på ein måte som eg, ei kvinne, trur på. Eg trur på at Ingrid klarar «alt». Ho har vakse opp på ein stad der det ikkje går an ikkje å klare alt. «Eg får det ikkje til» finst ikkje i dette øyfolket sitt språk. Språket deira er ikkje som andre språk; det er først og fremst eit språk av handling, eit språk for dei hardt arbeidande.

Stødig grep. Roy Jacobsen brukar mange verb og få adjektiv. Så har han også omsett sagaer til norsk – og at han har sansen for sagalitteraturen, skin gjennom i skrifta hans. Hans karakterar gjer ting, og dei gjer det med kunnskap. Som arbeidet med fisk frå mottaka. Fagterminologien er ikkje alltid til å skjønne. Det eg skjønner, er at eg ikkje skjønner; dette er utføring av eit fag som eg ikkje kan. Eg myser med øyrene.
Men detaljane er ikkje viktige. Det roar meg, dette å bli fortalt til av nokon med myndigheit. Eg liker forteljarens stødige grep om historia – liker å bli ført igjennom ho. Ein skulle nesten tru at eg var russisk, og likte sterke leiarar! Det er eg ikkje. Men, eg kan få ei kjensle av korleis det er å vere russar og verte snakka til av Ingrid. Det gir stor tru på språket. Det får bety noko, også på ein stad der prat er luksus, der folk alltid har noko dei må gjere for å halde alt gåande, og seg sjølv flytande.

Ingen klisjé. Helgelendingar har eit eige uttrykk for eit hav som er tomt for fisk. «Svart hav,» seier dei, når overfisket har komme så langt at heile bestandar er borte. «Det er sjø,» seier dei, når bølgjene er høge. «Det er luft,» skulle dei ha sagt: Bølgjer blir skapte når luft reiser. Øybuarar les vindens fart på havets farge: Viss bølgjetoppane er kvite, bles det til liten kuling, minst.
«No man is an island,» skreiv Dagsavisens meldar om Roy Jacobsens forfattarskap for nesten ti år sidan. Etter dét har barokkdiktaren John Donne sitt sitat vorte gjenteke om forfattaren. Fellesskapen er eit ofte brukt tema i Jacobsen sine bøker. Øya er ikkje ein klisjé, men det universet som kan «halde» forteljingane hans. Også førre bok var lagt til Barrøy. Handlinga i De usynlige byrjar ved førre hundreårsskifte, og går over rundt tretti år, og romanen fangar opp i seg samfunnsendringane i denne perioden. Hvitt hav er også avgrensa i tid. Men handlinga her sirklar inn berre om lag eit år; frå dei russiske avlidne driv til skjærs på Barrøy, og gjennom Ingrids graviditet og fødsel. Tidsramma er noko av det som gjer Hvitt hav så stram. Havet sett òg naturlege grenser. Men havet opnar også alt opp: Det er dét som muleggjer utreisene. Med havet driv òg mangt til øya – og av noko av det som driv dit, blir øya bygd.

Jacobsen skildrar det å vere kvinne på ein måte som eg, ei kvinne, trur på.

Eit anna blikk. «Å bu på øy er å leite,» skriv Jacobsen. For, som Tove Nilsen seier i si bok om øyfolk: Øyfolk finn dyrkbar jord der fastlandsfolk finn berg. Øyfolk ser molda under skjelsanda, og får potetar og gulrøter til å gro bak knausar og steinar. Dei tryllar bølgjeblekk til bordkleding, og vernar veggar av tørka drivved med dette blekket. Bølgjene tar ikkje berre liv, men gir liv. Samfunnet og menneskeskjebna endrar seg som resultat av det som driv inn på stranda. Ingrids russar, til dømes: Han gir nytt liv til Barrøy. For vel døydde dei fleste russarane etter forliset – men nokre var att, og har satt spor etter seg oppetter kysten. Om journalisten Anna Sikova følgjer desse spora, kan vi håpe på snart å få vite endå meir om vår eigen historie.

Du vil kanskje også like