Abonnement 790/år eller 190/kvartal

Ytringsfridom for arbeidstakarar

Økt fokus på effektivitet, konkurranseutsetting og profilering truar omsynet til fri meiningsutveksling

I spørsmålet om endring av § 100 i grunnlova har eg sakna SV si stemme i den offentlege debatten. Derfor er det nyttig med utfordringar av det slaget Svein Tuastad presenterte i sist nummer av Ny Tid. Mitt innspel i debatten har likevel eit noko anna fokus enn kronikken til Tuastad; nemleg ytringsfridom for arbeidstakarar.

For ein del år sidan fremma eg følgjande forslag i formannskapet i Kristiansand: “Arbeidstakarar i kommunen må ha rett til å delta i den offentlege debatten – også på sitt eige fagområde.” Dette høyrest kanskje opplagt ut. Men forslaget blei avvist. Den nye trenden med fokus på effektivitet, konkurranseutsetting og profilering vann over omsynet til fri meiningsutveksling som basis for eit levande demokrati..

Mindre innsyn

Tilhengarane av privatisering og marknadsliberalisme likar å framstille seg som forkjemparar for eit opnare samfunn. Men resultatet er ofte det motsette. Når kommunale tenester blir konkurranseutsette, må kommunen tilpasse seg kulturen i det private næringslivet og legge lokk på ein del informasjon. Kommunale etatar må passe seg for å sleppe ut informasjon som kan svekke konkurranseevna. Dermed får folk flest mindre innsyn i den kommunale aktiviteten som vi alle er så avhengige av.

Ein open og frisk diskusjon om kommunale tenester kan gi dei private konkurrentane innsyn og argument som dei kan bruke i neste tilbod. Slike meiningsutvekslingar kan også sette kommunale tenester i eit negativt lys i opinionen. Private konkurrentar kan på si side styrke sin posisjon ved å bruke lojalitetskravet for å skjule tilsvarande forhold i eigen organisasjon. For å unngå denne konkurransevridinga strammar kommunane inn lojalitetsplikta og svekkar ytringsfridomen.

Sjølvsensur

Sjølvsensuren og lojalitetskrava i kommunesektoren aukar i takt med krava om konkurranseutsetting og effektiv profilering. Offentleg debatt som kan skade forretningsinteresser og omdømme, blir oppfatta som ein uting. Konkurranse og profilering blir viktigare enn nyansert informasjon som basis for ein brei samfunnsdebatt.

Norsk redaktørforeining gav i 2003 ut ein oversikt over informasjons- og uttalereglementa i norske kommunar. Her blir det vist til mange eksempel på korleis kommunane utviklar informasjonsstrategiar som ligg tett opp til det som er vanleg i det private næringsliv. Redaktørforeininga åtvarar mot dette og etterlyser kommunane sitt ansvar for å styrke den offentlege debatten. Som eksempel blir det vist til mediestrategien for Stockholm by der det heiter: “Det är en självklar rättighet för alla anställda i Stockholms stad att få kontakte och uttala sig för massmedierna. Yttrandefriheten och meddelarfriheten tilhör grunnstenarna i den svenska demokratin. Etterforskningar av anställdas kontakter med massmedier får inte förekomma “.

Smålege reaksjonar

Kravet om bedriftsøkonomisk effektivitet og strømlinjeforma profil fører til at politikarane i aukande grad misslikar at tilsette deltar med avvikande syn i debatten. Dei folkevalde tolererer ikkje alltid at tilsette får ha sin faglege integritet og gi utrykk for fagleg usemje sjølv om dei presiserer at dei vil gjere sitt beste for å gjennomføre det som blir vedteke. Eg har sjølv sett smålege reaksjonar frå folkevalde i slike situasjonar.

Politikarane skal ha makta og ta ansvaret, men all relevant kunnskap og alle relevante syn må komme fram. Eit argument som ikkje når fram hos etatsjefen, rådmannen eller det politiske fleirtalet, må likevel kunne komme fram i diskusjonen. Det som enkelte finn uviktig, kan vere av stor verdi for andre som skal sette seg inn i saka. Personleg har eg ofte vunne fram i den politiske kampen ved å få fram informasjon og synspunkt som ikkje var med i den offisielle saksframstillinga.

Men det er viktig å legge til at ikkje all informasjon har ein naturleg plass i det offentlege rom. Blir ytringsfridomen for tilsette missbrukt til å posisjonere seg i interne konfliktar eller å oppnå personleg vinning, kjem den i misskreditt, og dei som ønskjer å snevre den inn, får nye argument.

Open debatt

Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om ytringsfridom og endringar i grunnlova. Meldinga som stortinget skal behandle i haust, tar blant anna opp spørsmålet om ytringsfridom for tilsette. Her blir det peika på at spørsmålet om ytringsfridom kontra lojalitetsplikt ikkje berre er eit spørsmål som handlar om interessene til arbeidsgjevar og arbeidstakar. Stortingsmeldinga legg vekt på eit tredje omsyn, nemleg behovet for informasjon og open debatt, og då særeleg informasjon frå dei som har relevant kunnskap for debatten – både frå næringslivet og frå offentleg sektor. Men meldinga peikar i liten grad på konkrete tiltak på dette punktet.

Ytringsfridomskommisjonen som blei leia av Francis Sejersted, er også opptatt av at personar med viktig informasjon for samfunnet må ha reell ytringsfridom. Kommisjonen stiller seg skeptisk til mediestrategiar der offentlege etatar legg opp til at all informasjon skal gå gjennom få utvalde personar som “veit ” korleis media og opinionen skal handterast. Kommisjonen minner om at grunnlova set skrankar mot innskrenking i ytringsfridomen for offentleg tilsette.

Ikkje nok med “whistle blowing”

Etter kvart som private konsern får større mak, og offentlege oppgåver blir privatisert i eit akselererande tempo, blir ytringsfridomen for tilsette i privat sektor stadig viktigare for samfunnsdebatten. Hittil har det vore mest fokus på retten til å offentleggjere informasjon om lovstridige eller sterkt klanderverdige forhold, såkalla “whistle blowing “. Men sosialistar bør ikkje nøye seg med det.

Tilsette i private verksemder har i aukande grad tilgang til informasjon som er av avgjerande verdi for den offentlege debatten, for eksempel når det gjeld miljø, helse, bioteknologi og energipolitikk. Redselen for å bli stempla som illojal og bli gjort ansvarleg for økonomiske tap skremmer nok mange frå å bringe fram slik informasjon.

Falsk liberal retorikk

Konkurranseutsetting og privatisering skaper lojalitetskrav som reduserer breidda i informasjonen frå det offentlege. Samtidig ser vi at private konsern der ytringsfridomen for dei tilsette har trongare kår, får stadige større makt og overtar stadig fleire offentlege oppgåver. Resultatet blir mindre mangfald og snevrare kunnskapsgrunnlag i den offentlege debatten.

Det marknadsliberalistane prøver å framstille som eit liberalt samfunn, blir det motsette. Marknadsliberalismen skaper forhold som svekkjer den reelle ytringsfridomen og snevrar inn den kritiske debatten som må ligge til grunn for gode og frie val – både individuelle og politiske. Ytringsfridom for dei tilsette er meir enn kamp for lovfesta rettar. Det er også ein kamp mot marknadsliberalistane og deira falske liberale retorikk.

Du vil kanskje også like