Foto: © Pedro Armestre/AFP/Scanpix

Dei indignertes dilemma


Usemje om strategi og utfordring frå høgre har prega våren for venstrepopulistane i Podemos. Lokal- og regionalvala 24. mai kan gje ein peikepinn på vegen framover for Spania.

Email: redaksjon@nytid.no
Publisert: 2015-05-12

Januar 2015 var venstresida sin månad i Europa. Søndag 25. januar gjorde den greske venstrekoalisjonen Syriza eit brakval, og blei største parti i nasjonalforsamlinga med 149 av 300 representantar. Seks dagar etterpå, laurdag 31. januar, stoppa Spania opp då den spanske venstrerørsla Podemos (omsett til «me kan») markerte starten på valåret 2015. Ved Puerta del Sol i hjartet av Madrid møtte 150 000 støttespelarar opp for å vise motstand mot den politiske eliten og sparetiltaka som har prega Spania dei siste fem åra (sjå bilde). Same dag publiserte gallupinstituttet Simple Lógica ei meiningsmåling som stadfesta at Podemos på eit år hadde tatt Spania med storm: rørsla hadde ein oppslutnad på 30,8 prosent. For tredje månad på rad var Podemos det største partiet i Spania.

Rørsla har likevel hatt ein turbulent vår. Meiningsmålingane for april gjev Podemos ein oppslutnad på rundt 20 prosent – eit massivt resultat for ein politisk eittåring, men eit stykke frå rekordresultata i vinter.

Forfattar Lotta Elstad, som denne veka kjem ut med boka Den spanske sensasjonen Podemos – og hvordan gjøre venstrepopulisme i krisens tid (sjå utdrag og omtale side 8 og 9), meiner at ein skal vere forsiktig med å tolke dei siste meiningsmålingane: «Podemos kom ut av ingenting og fekk åtte prosent av røystene i EU-valet. Dei har ikkje stilt til nasjonale val i Spania før, det gjer det òg vanskeleg å måle kor stor oppslutnad dei faktisk har,» seier Elstad til Ny Tid.

Trass usikre meiningsmålingar har utskiftingar i leiinga og nye utfordrarar gjort at fleire sympatisørar stiller spørsmål ved strategien til Podemos. Søndag 24. mai kjem ein ny styrkeprøve for partiet: Då held Spania regionale val.

På podiet. «Stans i alle utkastingar av folk frå heimen deira, 50 000 nye offentlege arbeidsplassar og ei reform av dei lokale skattesystema.» Desse punkta stod øvst på dagsordenen onsdag 5. mai, då Podemos lanserte sitt program for regionsvalet no i mai. Programmet er eit resultat av Podemos sin deltakarstruktur: Medlemmane har sidan desember røysta på kandidatar og fanesaker gjennom urrøystingar og arbeid i dei såkalla «sirklane» – partiet sine lokallag. Både generalsekretær Pablo Iglesias, valkampstrateg Iñigo Errejón og toppkandidatane frå regionane Madrid, Aragón, Asturias og Valencia stod på podiet då programmet blei lansert.

Abonnement kr 195/kvartal

Ein av dei som ikkje stod på podiet då …


Kjære leser. Du har nå lest månedens 3 frie artikler. Så enten logg inn hvis du har abonnement, eller støtt oss gjerne ved å tegne et abonnement for fri tilgang?