Vietnam-veka frå 14.–20. oktober: Stort program 50 steder kringom i landet


ORIENTERING OKTOBER 1968: Vi må ikkje gløyma Vietnam, og vi har ikkje gløymt Vietnam. Difor arrangerer Solidaritetskomiteen ei stor Vietnamveke med møte, demonstrasjonar, utdeling og sal av materiell over heile landet i veka som kjem. Vietnam er ikkje så moderne på visse hald nett no, og difor er det så viktig å minna om den kampen det vietnamesiske folket fører.

Email: andersmandersen@nytid.no
Publisert: 2018-10-01

Det er Vietnam-aktivisten Odd Erik Germundsson som seier dette i ein samtale med Orientering. Germundsson er sekretær for FNL-gruppene i Oslo. No driv han på harde livet og organiserer opplegget for Vietnam-veka i Oslo, så det er berre så vidt han har tid til ein samtale.

– Vi går ut frå situasjonen i Vietnam slik han er no. Hendingane i år har synt at Frigjeringsfronten leier folket i ein veldig offensiv mot dei amerikanske okkupantane. I bylgje etter bylgje har folket storma fram og har teke nye skansar i kampen for sjølvstende. Før offensiven kontrollerte FNL godt og vel 80 prosent av området i sør. No har amerikanarane att berre nokre få store byar, sine eigne basar og nokre få sterke punkt elles. Fleire av desse har dei måtta gje opp. Khe Sanh er ikkje den einaste.

– Sterkare terror fører til hardare motstand. Korleis er stoda i byane?

– Også der har FNL hatt stor framgang. Ikkje minst politisk. FNL har stått sterkt i nokså lang tid i mange …


Kjære leser. Du må være abonnent (69kr/mnd) for å lese flere artikler i dag. Kom evt. tilbake i morgen, eller logg inn om du har abonnement.

Abonnement kr 195 kvartal

Close
Logg inn