Vest-Saharas intifada – verda ser bort

I desse dagar føregår det eit drama i dei okkuperte områda av Vest-Sahara, som Marokko har halde på sidan Spania trekte seg ut i 1975. I byen El Ayoun har folk sidan måndag 23. mai protestert mot dei marokkanske okkupasjonsstyresmaktene. Men det internasjonale samfunnet reagerar ikkje. Til no har minst 70 personar vorte såra, over […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

I desse dagar føregår det eit drama i dei okkuperte områda av Vest-Sahara, som Marokko har halde på sidan Spania trekte seg ut i 1975. I byen El Ayoun har folk sidan måndag 23. mai protestert mot dei marokkanske okkupasjonsstyresmaktene. Men det internasjonale samfunnet reagerar ikkje. Til no har minst 70 personar vorte såra, over 30 personar er arresterte og minst 19 personar er bortført av marokkanske styrkar, deira situasjon er ukjent. Mykje tyder på at oppstanden ser ut til å halde fram. Utanlansk presse og journalistar vert systematisk nekta å vitje dei okkuperte områda. Eit grovt brot på internasjonale avtalar om rett til innsyn.

I følge raftoprisvinnar (2002) Sidi Mohammed Daddach, vert legar ved sjukehuset i El Ayoun nekta av dei militære å behandle sahrawiske demonstrantar. Han ber samstundes om hjelp frå Noreg til å verne om deira rettar og deira liv. Dei sahrawiske demonstrasjonane er retta mot den brutale framferda til okkupasjonsmakta, som nektar dei basale menneskerettar og deira rett til ytringsfridom. Samstundes krev dei eit fritt Vest-Sahara. Er det for mykje å krevje for eit folk som systematisk vert undertrykt og der deira land sine ressursar vert utnytta grovt av Marokko i lag med utanlanske storselskap? Det internasjonale samfunn, FN, menneskeretts- og solidaritetsorganisasjonar må reagera mot desse overgrepa no! Norske styresmakter må også kome med sterke oppfordringar til Marokko om å stanse arrestasjonane og sleppe folk fri. Slik kan Noreg rette opp att litt av skandalen den norske ambassadøren i Marokko stod for, då han for kort tid sidan uttalte at han forstod Marokko sine økonomiske prosjekt i dei okkuperte områda, noko han sidan trekte attende. Men det er langt frå godt nok – no må handling til!

Ivar Jørdre er Vest-Sahara aktivist

---
DEL

Legg igjen et svar