Vest-Sahara og Noreg

Det har i den siste tida vore mange rapportasjar i norske og utanlanske media, m.a. i programmet «Brennpunkt» i NRK og den spanske avisa El Mundo, om norske styresmakter sitt etterkvart merkelege tilhøve til Vest-Sahara. Vest-Sahara, som ligg mellom Mauretania i sør og Marokko i nord, har sidan den tidlegare kolonimakta Spania trekte seg ut […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Det har i den siste tida vore mange rapportasjar i norske og utanlanske media, m.a. i programmet «Brennpunkt» i NRK og den spanske avisa El Mundo, om norske styresmakter sitt etterkvart merkelege tilhøve til Vest-Sahara.

Vest-Sahara, som ligg mellom Mauretania i sør og Marokko i nord, har sidan den tidlegare kolonimakta Spania trekte seg ut i 1975, vore okkupert av begge dei nemte nabolanda. Mauretania trekte seg ut allereie i 1979 etter forhandlingar med frigjeringsrørsla Polisario. Marokko var rask med å innvadera dei frigevne områda og okkuperar no størsteparten av landet. Frigjeringsrørsla trappa då opp kampen for sjølvstende. Sidan den FN-forhandla fredsavtalen mellom Polisario og marokkanske styresmakter i 1991, har FN forsøkt å halde ei folkerøysting der dei opprinnlege innbyggarane i Vest-Sahara skal kunne velge si framtid – utan å lukkast. Marokkanske styresmakter har heile tida nekta å godta folketeljinga frå 1974 som grunnlag for røysteføre. Dei har istaden flytta inn omlag 200 000 marokkanarar i den okkuperte delen.

Med denne historien som bakteppe er det underleg å sjå korleis det norske diplomatiet handlar. Den norske ambassadøren i Marokko, Arne Aasheim, har trampa i det diplomatiske klaveret, ved å direkte støtte den marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara, for vidare å fremje norske fiskeriinvesteringar i det okkuperte området. Det norske forskningsskipet Dr. Fridtjof Nansen, fullfinansiert av den norske staten, har i 10 år undersøkt fiskeressursane utanfor kysten av Vest-Sahara (der ein finn nokon av dei største sardinførekomstar i verda, rekna til omlag 6 millionar tonn, mot 0,8 millionar tonn utanfor Marokko sin kyst) og gove all informasjon til dei marrokanske styresmaktene. Dette er eit klårt brot med FN si line om ikkje å direkte forske eller investere til førdel for den marokkanske okkupasjonsmakta.

Det ironiske er at Noreg offisielt uttalar si støtte til FN og Utanriksdepartementet (UD) tek avstand frå okkuperinga. Samstundes har to ambassadørar på rad fullt ut støtta norske innvesteringar i området. Aasheim er no kalla heim for å forklåre sine siste uttalingar. Han har nyleg beklaga sine fråsegn ovanfor UD, noko han truleg får ha jobben si for.

Eit norsk dobbeltspel av denne typen gagnar ingen andre enn okkupasjonsmakta, som med sin stadig meir kyniske og agressive politikk mot eikvar rørsle som indikerar kritikk av okkopasjonen, gjer alt dei kan for å overtyde utanlandske innvestorar til å investere i det okkuperte Vest-Sahara. Og i denne prosessen skal altså ein norsk ambassadør, Arne Aasheim (som diplomat i fleire latinamerikanske land er kjend for sin rolle i fredsdrøftingane i Guatemala og Colombia), delta som marrokansk medspelar. Utruleg!

Vest-Sahara, som også vert kalla Afrika sin siste koloni, fortener betre enn dette dobbeltspelet. Vest-Sahara fortener at Noreg endå klårare tek avstand frå okkupasjonen og avsluttar alt som luktar av forskning og innvesteringar til støtte for Marokko i det okkuperte landet. Samt annerkjenner Den Sahrawiske Republikk som sjølvstendig nasjon. Dessutan bør ambassadør Aasheim ta seg ein laaang ferie!

---
DEL

Legg igjen et svar