Var vi fantasilause og late?

Alle novellene minner meg, på kvar sine måtar, om at vi alle skal døy. Holtet Larsens språk er eit dyrka språk, eit avansert språk, er språk for språkets skuld.

Forsøk på å bevege seg med mørkets hastighet

Terje Holtet Larsen

Oktober

Norge

«Dessuten hadde jeg fått en følelse av at hun skjønte at det aldri hadde eksistert noen grandtante og at det jeg fortalte om mine foreldre, sannsynligvis heller ikke var sant, at de heller aldri hadde eksistert, ikke som en familie, men at jeg hadde fått for vane å fortelle slike historier, ganske enkelt fordi jeg ikke likte å bli kikket i kortene.»

Dette er tankar frå ein av forteljarane i Terje Holtet Larsens siste novellesamling: Forteljaren er invitert til middag hos ein kollega. Kollegaen førebur middagen medan kona hans drikk vin med gjesten. Gjesten studerer denne kvinna, som han ser som oppsiktsvekkande stor, og i sin styrke, attråverdig. Eg tenkjer: Kanskje ikkje ulik jotunkvinna Gerður frå Skirnismál, som hadde så kvite og svære overarmar at frævleiksguden Frøy såg dei heilt opp til Ásheim, og vekte hans attrå. Frøy tvang Gerður opp til seg, til ei drøy veke med valdtekt. Også gjesten tar seg til rette. Ikkje fysisk, men med å sjå vertskapet intenst i korta.

Observasjonane blir til forførande setningar av intrikat og elegant syntaks. Så vakre at eg som lesar glømmer kva dei eigentleg syner: Korleis han forholder seg til tilliten frå vertskapa. Først etterpå, ute av dei sju novellene, ute i frisk luft igjen, kjenner eg kor tungt det var inne i hovuda til dei sju forteljarane. Ingen av dei er særleg godt selskap. Alle er dei påfallande opptekne av å sjå, og sjå liksom heilt gjennom medmenneska, og å formulere råkande skildringar av dei. Og alle minner dei meg, på kvar sine måtar, om at vi alle skal døy.

Gullalderen. Novellene er sett i det som ein forteljar kallar eit «oljevelsignet, sosialdemokratisert lykkeland». Skildringar av ein oljelat, kanskje desillusjonert dessertgenerasjon er heldigvis ikkje nytt. Janne S. Drangholts Ingrid Winters makeløse mismot, skildrar òg «lukkelandet» med brodd. Hos Drangholt som hos Holtet Larsen, finnest ein utryggleik under fasaden. For størst av alt er døden. Døden deler rike og fattige, forfattar og journalist og så vidare.

Frøy tvang Gerður opp til seg, til ei drøy veke med valdtekt 

Dødens tilstedeværelse er noko av det som gjer Holtet Larsens Noregsportrett særleg avansert. Ein annan ting er at boken ikkje berre skildrar men også praktiserer den såkalla «gullalderen» i Noreg. Det er i språket, som er eit overskotsspråk. Det er i estetikken, som har rang fremfor alt praktisk-pragmatisk. Forteljarane er uhyre språkmektige. Men dei verkar heller makteslause over eigne liv. Kjem språket i vegen for lykka? Den eine etter den andre set seg sjølv i problem på grunn av språkbruken. Ein klarar å fornærme så elegant og verknadsfullt at han får ein gjeng bønder til å slå livet ut av seg.

Eg må sjølv stille spørsmål ved ein påstand som eg alt for lenge, og sikkert som sjølvforsvar eller sjølvbedrag, har tatt for god fisk: «Den norske rikdommen har gitt ein kunstnarisk gullalder.» Jau, det blir skapt kunst i verdsklasse innanfor alle disiplinar. Ein samanliknar det språklege og filosofiske overskotet i Noreg i dag med det som skjedde i Storbritannia, Frankrike, Tyskland i deira rikaste periodar. Ein måtte ikkje spare analysen, språket og refleksjonane til overleving. Det var råd til estetikk og meiningsbygging og ikkje berre pragmatikk. Har ein overskot til transcendens? Til å grunne over døden, til tida? Ein kan òg finne tid til, som ein av Holtet Larsens forteljarar, å nytte overskotet til å irritere seg over leppestiften på tennene til søstera si. Tvisynet finnest som vekslinga mellom dei perspektiva. Det er her også at novellene demonstrerer overskotssamfunnet.

Lyst til å lese videre?

Logg inn eller registrer deg her

---
DEL

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here