Vår ven, euroen?

Spania har fått oppmoding om å kutte i pensjonane til dei eldre, mens Latvia må skjere i lønna til offentleg ansatte. Det er følgja av å vere med i Pengeunionen ØMU.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Jammen er det kjekt å sleppe å veksle myntar og setlar når ein skal på ferie til Spania. Eller å dra på interrail gjennom på kontinentet og betala med same valuta nesten kvar som helst. Eg har sjølv tenkt tanken mang ein gong: euroen, min beste ven!

Men så, av og til, vert ein minna på at biletet er litt meir nyansert enn det. Denne veka har fleire euro-land verkeleg fått merka ulempene ved å vere ein del av det økonomiske og monetære samarbeidet i EU. Land som Frankrike, Hellas og Spania har fått såkalla «oppmodingar» frå EU-kommisjonen om å kutte i sine nasjonale budsjett og stramme inn på område som pensjon og helse. I røynda dreier det seg om at EU tvingar landa til auka privatisering, og til å byggje ned viktige velferdsordningar. Er kanskje ikkje euroen ein så god ven likevel?

Bakgrunnen for desse krava frå kommisjonen, finn vi nemleg i avtalen om Pengeunionen ØMU. Om eit land går inn i ØMU, må dei skriva under på ein vekst- og stabilitetspakt som legg klare føringar på korleis den nasjonale budsjettpolitikken skal sjå ut. Underskotet i statsbudsjettet skal mellom anna ikkje overstige tre prosent av bruttonasjonalproduktet. Den offentlege gjelda skal til einkvar tid vere under seksti prosent av BNP.

I tillegg kan landa ikkje lenger bestemma sitt eige rentenivå, men må slavisk følgje renta som vert sett av den europeiske sentralbanken. Denne sentralbanken skal vere uavhengig frå politisk styring, og kun ta omsyn til inflasjonen i ØMU-området. Så lenge inflasjonen held seg lav, er det ikkje så nøye med arbeidsløyse og andre bagatellar.

Men i desse krisetider er det mange som kjenner det på lommeboka. Krisepakkar vert lansert både her til lands, i United States of Obama, og i EU. Det er heller ikkje mangel på land som går med store underskot i budsjetta sine. Til dømes kjem Irland, ifølgje ABC nyheter, til å bruke heile 11 prosent meir enn dei har i inntekter i år. Og irane er ikkje aleine. Både Frankrike, Hellas, Malta, Latvia og Spania har så store økonomiske problem at dei bryt med vekst- og stabilitetspakta. Alle dei seks landa fekk difor førre onsdag «oppmodingar» frå kommisjonen.

Komponert på det sedvanlege, glatte EU-språket, kan mange av oppmodingane sikkert høyres både fine og flotte ut. Men når land som Spania får beskjed om å få «aldersrelaterte utgifter» ned, betyr dette i klartekst at det skal kuttast i pensjonar og ordningar for eldre borgarar. Bør dette vere det første steget ein tek når det går dårleg? Å lata dei gamle ta støyten? Euroen er tydeleg ikkje dei gamle sin beste ven.

Og når Malta får beskjed om å «akselerere» ein omfattande helsereform for slik å spare pengar, er ikkje det berre fryd og gammen. Helsevesen er ein kjenslevart område, der ein må overvege endringar nøye. Lat oss håpe Malta ikkje hoppar når EU seier «hopp!», og dermed kuttar i viktige helseutgifter. Euroen syner seg heller ikkje å vere ein særleg god ven for dei sjuke.

Den verste av onsdagens «oppmodingar» gjekk nok likevel til Latvia, eit land som er nokså ferskt som EU-medlem. Sjølv om det baltiske landet enno ikkje har kunna innført euroen og blitt fullt medlem av Pengeunionen, blir dei pressa til kutt like fullt. Latvia bør ifølgje EU-kommisjonen «…rigorøst gjennomføre reduksjonar i den nominelle lønn i offentlig sektor…»! Er du tilsett i det offentlege er tydelegvis heller ikkje euroen ein du bør stole på.

Kriser er ikkje billige. Eller trivelege. Heller ikkje her til lands. Men i Noreg står me i det minste fritt til å finne gode ordningar for å avgrensa omfanget av den pågåande krisa, utan å lata det gå utover verken gamle eller sjuke. Og me kan prise oss lykkelege over at me slepp euroen. Ven, du liksom.

---
DEL