Uforståelig aldersgresne

Stortinget har nyleg vedteke ei ny pensjonsordning etter forslag frå regjeringspartia og Arbeiderpartiet. LO-kongressen har gjeve grønt lys, på visse vilkår, for eit forlik mellom desse partia. Pensjonsreforma blir oftast grunngjeve med at eldrebylgja vil føre til store offentlege pensjonsutgifter. Bondevik-regjeringa og Arbeiderpartiet har heva grensa for når ein kan gå av med alderspensjon, såkalla […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Stortinget har nyleg vedteke ei ny pensjonsordning etter forslag frå regjeringspartia og Arbeiderpartiet. LO-kongressen har gjeve grønt lys, på visse vilkår, for eit forlik mellom desse partia. Pensjonsreforma blir oftast grunngjeve med at eldrebylgja vil føre til store offentlege pensjonsutgifter.

Bondevik-regjeringa og Arbeiderpartiet har heva grensa for når ein kan gå av med alderspensjon, såkalla levealderjustering, frå 67 til 70 år og med 43 års opptjeningstid for å få full pensjon. Innsparingen for dette reknas til 18-20%.

På bakgrunn av ovanståande var det interessant å lesa eit utdrag av ei stor undersøking som forskaren Annika Hærenstam på Svenska Arbetslivsinstitutet har utført i fleire land i Europa. Forskaren hevdar at stress i arbeidslivet i Europa fører til store problem og at stress og sosiale faktorer er store risikofaktorer i arbeidslivet. Problema og årsakene til desse er like i dei ulike landa. Avreguleringar, personalnedskjeringar, effektivitetskrav og økt budsjettrykk langt ned i arbeidsorganisasjonen fører til psykososiale problem. Helseproblema finns mest blant kvinner innafor helse, skule og omsorg.

Arbeidssituasjonen er nok ikkje betre her til lands og utsiktene framover er ikkje lyse med tanke på den aukande konkurransen i næringslivet, samt dei nedskjeringane innanfor offentlig sektor som no går føre seg. Presset fører til at arbeidstakarar i aukande grad blir sjuke, andre blir offer for utstøyting, og mange må difor gå ut av arbeidslivet langt føre oppnådd pensjonsalder. Nokre vil nok kunna jobba lenger og opprettholda eller auke pensjonen, mens andre med meir slitsomme jobbar vil tape på den nye pensjonsreforma.

Det er difor uforståeleg at LO og Arbeiderpartiet går inn for å auke grensa til 70 år for å få full pensjon.

---
DEL

Legg igjen et svar