Tuastads kjerne?

Kva SVs kjerne er, anar ikkje eg, etter å ha lese Svein Tuastads debattinnlegg mot Hans Ebbing i Ny Tid nr 37. Derimot får eg stadfesta noko eg lenge har visst. Ein «statsvitar» veit altså noko om stat. Samstundes er ho/han uvitande om historie. Dermed har vedkomande vitar her alle føresetnader for å leve i […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Kva SVs kjerne er, anar ikkje eg, etter å ha lese Svein Tuastads debattinnlegg mot Hans Ebbing i Ny Tid nr 37.

Derimot får eg stadfesta noko eg lenge har visst. Ein «statsvitar» veit altså noko om stat. Samstundes er ho/han uvitande om historie. Dermed har vedkomande vitar her alle føresetnader for å leve i dei illusjonane om Verda ho/han ønskjer.

USA handla altså ut frå det normativt positive i desse tilhøva: Støtta til Franco-Spania, og NATO-medlem Portugal under høgrediktaturet til Salazar. Støtta til gresk høgreside i Den greske borgarkrigen, og omfamninga av militærdiktaturet i landet heilt fram til 1974. Det same gjeld militærdiktaturet i NATO-landet Tyrkia. Vidare kjenner vi den normativt positive rolla til USA i Vietnam, Laos, Korea, Indonesia, Filipinane, Kambodsja under Pol Pot, Angola, Afghanistan på 1980-talet, militærdiktaturet i Argentina, Chile under Pinochet, Guatemala, Nicaragua, Panama, El Salvador, Iran under Shah Reza Palawi, Irak under Saddam på 1980-talet.

Kva gjeld Andre verdskrig, så uttala den amerikanske diplomaten George Kennan seg svært rosande om Nazi-Tyskland i april 1941. Han var då diplomat i Berlin. Kor mange «trafikklys der er i England» veit eg ikkje. Men «Det amerikanske Holocaust» er talmessig identisk med ned det nazityske av same namn: 6 millionar menneskeliv der CIA har bana vegen. Jamfør her Steve Kangas: A Timeline of CIA Atrocities. Den som først nytta uttrykket «American Holocaust», var den tidlegare tilsette i Det amerikansk utanriksdepartement, William Blum.

Kva gjeld EU, så går eg ut frå at du kjenner grunnen til at Frankrike sa nei, non, dersom du forstår dét betre. Ver snill å halde Chirac unna her. Eg såg nemleg fransk TV «nei-natta» i Frankrike i mai i år. EU skal bli den «mest konkurransedyktige økonomien» i Verda innan år 2010. Som EU-tilhengar er du sjølvsagd innforstått med dét. Nyleg uttala både Peter Mandelson og Tony Blair at EU har berre ein måte å møte Kina på innan WTO: Å bli meir konkurransedyktig!

Konkurransedugleik er dermed også «kjernen» til EU-tilhengjarane i SV!

Kjell-Arnt Labukt, Sjursnes

---
DEL

Legg igjen et svar