Treng ikkje SV ein skuledebatt?

Det har vore mykje avisdebatt om skulen, særleg etter at den siste PISA-undersøkinga, for andre gong, synte at norske elevar ligg lågt nede på prestasjonsskalaen når det gjeld kunnskapar i fleire fag. I denne debatten har det vore ei underleg oppleving å sjå kva SVs skulepolitiske talsmann, Rolf Reikvam, har prestert i debatt med fleire […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Det har vore mykje avisdebatt om skulen, særleg etter at den siste PISA-undersøkinga, for andre gong, synte at norske elevar ligg lågt nede på prestasjonsskalaen når det gjeld kunnskapar i fleire fag. I denne debatten har det vore ei underleg oppleving å sjå kva SVs skulepolitiske talsmann, Rolf Reikvam, har prestert i debatt med fleire framståande kapasitetar på skule. Blant desse er det særleg filosof og fyrsteamanuensis Atle Måseide han har vore i polemikk med, og andsynes han har Reikvam oppført seg nedlatande og som ein «besserwissar»: «Måseide må ha sovet i timen,» seier han. Reikvam seier elles millom anna at «god læring skjer i samspill med kunnskapsrike og faglig sikre lærere».

Kor finn så Rolf Reikvam desse kunnskapsrike og fagleg sikre lærarane? Jau, dei finn han blant dei yngre lærarane. Og desse vil SV tilsetja fleire av for å bøta på kunnskapsskorten hjå dei norske elevane – medan dei eldre lærarane vert sende på kurs for å få «påfyll». Dei unge, som dei openbert trur er betre pedagogar, skal sørgja for det som dei meiner manglar, nemleg opplæring betre tilpassa evnene og interessene til den einskilde elev. Det paradoksale er då at elevar på same alderssteget tidlegare, løyste oppgåver som dagens elevar ikkje greier.

Dette framlegget frå Reikvam avslører at det er han sjølv som ikkje har fylgt med i timen. For korleis må det stå til med kompetansen hjå mange av dei unge lærarane, når strykprosenten ved lærarhøgskulane er skyhøg? I matematikk strauk nemleg 80 prosent av lærarstudentane ved Tromsø lærarhøgskule i 2001. Året etter strauk 38 prosent i Volda og 64,5 prosent ved Sogndal lærarhøgskule. Ved dei andre lærarhøgskulane har det vore om lag sameleis.

I mange år etter krigen var lærarutdaninga «eit lukka studium», medan lærarhøgskulane no lenge har hatt elevar med botnkarakterar frå vidaregåande skule. Og det er sagt at ei varsla innstramming til ein medelkarakter på 3, vil fjerna ein stor del av elevgrunnlaget til lærarhøgskulane.

Heldigvis finst det enno mange dyktige lærarar i den norske skulen, og det som læringa står og fell på for elevane, er om dei får ein av desse lærarane. Men sjansane for det er minkande.

Det er ikkje tvil om at den norske skulen er i eit alvorleg uføre. Det skuldast blant anna at han har vore utsett for eksperimentering i fleire tiår. Styresmakter og pedagogar har trudd at dei har laga «verdens beste skole». Men så syner det seg altså at skulen deira ikkje held mål.

Tryllemidlet skulle vera pedagogikk som gjer læraren i stand til å undervisa i kva som helst utan fagutdanning, og når ein ser kva Kristin Halvorsen uttala til skulebladet Utdanning nr. 24/04, er det tydeleg at ein i SV har trudd på pedagogikkens undergjerande verknad: «De gylne øyeblikkene i skolen opplever elevene sammen med en lærer som kan sin pedagogikk, og der de arbeider i et sosialt miljø.»

SV har elles signalisert ei nedlatande haldning til kunnskap, og læring må ikkje kosta strev. «Høyres puggeskole» har difor vore det store skræmebiletet. Reikvam lanserer no sitt eige, utvida og ulne kunnskapsomgrep.

Det som elles har vore overordna for SV, er å skapa ein menneskeleg skule. På dette punktet er eg fullt ut samd. Vi ynskjer ein skule som «løfter mennesket», for å bruka eit programuttrykk som nyleg er skapt av filmskaparen Margareth Olin. Men då må ein og spørja: Kva er det som «løfter mennesket», og i kva grad maktar dagens norske skule å gjera det?

Til slutt: Når det gjeld SVs fremste skuletalsmann, Rolf Reikvam, så peikar han seg ikkje ut som emne til ein skuleminister i den nye samarbeidsregjeringa vi ynskjer skal koma etter valet til hausten.

Eg veit, at no går eg i utakt. Men som veteran i rørsla vår, med medlemskap frå starten av SF i 1961, tillet eg meg dét. Å gå i utakt har elles vore rolla til venstresida. No er det på tide med litt realisme – og ein intern debatt!

---
DEL

Legg igjen et svar