Tredjeperiodesyndromet

2016 er eit stort valår, og da sikter eg ikkje til Donald Trump. 

portret
Johan Hermstad
Johan N. Hermstad er daglig leder for Fellesrådet for Afrika.

15 afrikanske land har val i år. Først ut er Uganda, og for femte val på rad er Yoweri Musevenis namn på stemmesetelen den 18. februar. Det har gått 30 år sidan Museveni sa at problemet til Afrika generelt, og Uganda spesielt, ikkje var folket, men leiarar som blir sitjande for lenge. Mange vil hevde Museveni er del av ein klubb av afrikanske leiarar som lid av «tredjeperiodesyndromet». Korleis går det eigentleg med demokratiet i afrikanske land?

Unge i nøkkelrollen. Museveni nekta nyleg å ta del i ein tv-sendt debatt mellom presidentkandidatane i valet i Uganda. Som i det liknande tilfellet med Donald Trump i USA, vart kandidaten sitt fråvær eit heitt tema i sosiale medium og kjelde til mange gode ordspill. Vidare har det vekt stor oppsikt at presidenten og statsapparatet byggjer opp under frykt for uro og vald for å kontrollere valutfallet. Valmøta til dei to største opposisjonskandidatane, begge tidlegare støttespelarar, har blitt møtt med tåregass og politiskjold heilt sidan september.
Trass den urovekkjande utviklinga i valkampen er det tydeleg at dei unge sin plattform, sosiale medium, speler ei viktig rolle. Informasjon om maktmisbruk blir spreidd enkelt, og kritiske røyster lèt høyre frå seg.
Det var nettopp dei unge som spelte nøkkelrolla da president Abdoulaye Wade i Senegal stilte til ein tredje periode i 2012. Ungdomsrørsla «Y’en a marre» («Nok er nok») med røter i hiphop-miljøet i Senegal mobiliserte breitt, og skapte ei kritisk masse som trass auka spenning inn mot valet tvang Wade til fredeleg å akseptere valnederlaget.

Grunnlovsforslag. Den 19. februar viser filmfestivalen Human Rights Human Wrongs i Oslo dokumentarfilmen Incorruptible om Y’en a marre og den fredelege mobiliseringa for demokrati som fann stad i landet. Rørsla varsla tydeleg at dei ikkje kom til å vere mindre kritisk til valvinnaren, og i sin nyttårstale for ein månad sidan lanserte den sigrande senegalesiske presidentkandidaten Macky Sall eit grunnlovsforslag som kutter drastisk ned på lengda på presidentperiodane i landet.

Det er ikkje slik at ungdom og sosiale rørsler i afrikanske land står passive og ser på når leiarane i landa søker utvida makt.

Medan Sall sitt grunnlovsforslag legg band på presidentperiodar, var grunnlovsforslaga i Rwanda og Republikken Kongo (Kongo-Brazzaville) i fjor av ein annan art. Rwandas president Paul Kagame har etter djup kontemplasjon bestemt seg for å stille igjen i 2017. Denis Sassou-Nguesso, som kom til makta i Republikken Kongo for første gong i 1979, har skaffa seg retten til å stille til nytt val i år.

Aukar presset. Tredjeperiodesyndromet (third termism) er ein interessant indikator for å måle om afrikanske val berre er demokratiske i namnet, eller om dei er til for å legitimere autokratiske leiarar. Den valdelege reaksjonen på Pierre Nkrunziza sitt val om å stille til eit tredje val i Burundi har kasta landet ut i ei krise ingen veit kor kjem til å ta vegen. Ungdom i Den demokratiske republikken Kongo (Kongo-Kinshasa) har mobilisert fredeleg under emneknaggen #telema for å stoppe Joseph Kabila frå å stille til og vinne sitt tredje val i 2016, med fleire midlertidige sigrar.
Det er ikkje slik at ungdom og sosiale rørsler i afrikanske land står passive og ser på når leiarane i landa søker utvida makt. Det er ikkje slik at alle afrikanske leiarar utviser manglande respekt for demokratiske spelereglar, som vala i Nigeria og Tanzania i fjor berre er to av mange døme på. Det er heller ikkje slik at det utelukkande er politiske rettar unge i mange afrikanske land søker etter. Gjennom fleire år har dei fleste afrikanske økonomiane opplevd stor vekst, utan at han har kome dei 15 millionane nye jobbsøkande kvart år særleg til gode.
Manglande fordeling av økonomisk vekst og utsiktane til låge råvareprisar i åra som kjem aukar presset på regimer som har overlevd si tid. 2016 blir eit spennande valår, og da siktar eg ikkje til Donald Trump.


Hermstad er daglig leder i Fellesrådet for Afrika.
johan@afrika.no

---
DEL