Ta NATO og krigen på alvor

SV-leiar Kristin Halvorsen ga tydeleg svar då Ny Tid i februar spurde om «ikke SV som Nato-motstander også (burde) være mot å bidra med soldater til den Nato-ledede ISAF-styrken» i Afghanistan: «Selv om SV er mot Nato, så er vi i dag fullverdige medlemmer av Nato og med den medbestemmelse som medlemskapet gir. ISAF har […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

SV-leiar Kristin Halvorsen ga tydeleg svar då Ny Tid i februar spurde om «ikke SV som Nato-motstander også (burde) være mot å bidra med soldater til den Nato-ledede ISAF-styrken» i Afghanistan:

«Selv om SV er mot Nato, så er vi i dag fullverdige medlemmer av Nato og med den medbestemmelse som medlemskapet gir. ISAF har et klart oppdrag fra FN, og den jobben ISAF gjør nå, må gjøres,» sa ho.

Mens eit samla Storting våren 1999 stod bak krigen mot Jugoslavia, vart NATO-pakta endra. Nye NATO er ein angrepsallianse. Likevel kunne statsministerkandidat Jens Stoltenberg i Dagsrevyen 6. august fortelje at «SV har gjort det klart at de ønsker å bygge videre på medlemsskapet i NATO», sa han.

Når leiinga i SV skal «bygge videre på» NATO, spør eg: Kva skal dei byggje?

I dag har Norge om lag 360 soldatar under NATO-kommando i «Battle Group 3» i Afghanistan. Spesialstyrkane under amerikansk kommando kjem i tillegg.

Norsk krig i Afghanistan er oppfølgjing av møtet i Den utvida utanrikskomiteen 12. september 2001. Alle stortingspartia sa då at Norge etter NATO-paktas artikkel 5 var forplikta til militær gjengjelding p.g.a. terroraksjonane i USA dagen før. I praksis var det ei krigserklæring.

Men norsk krigsinnsats vart det ikkje før USA sende ei meir detaljert bestilling. Men då gjekk det fort. SV og dei andre andre i forsvarskomiteen på Stortinget var i april 2002

«enig i at norske allianseforpliktelser gjør det nødvendig at Norge bidrar til kampen mot internasjonal terrorisme. Komiteen støtter Regjeringens syn på at merutgifter knyttet til Forsvarets terrorberedskap og internasjonal deltakelse som det redegjøres for i proposisjonen, må dekkes ved økning av statsbudsjettet for 2002.» [Inst. S. 119 (2001-2003)]

Eit samrøystes Storting sende soldatar til ISAF-styrken, som i dag står under NATO-kommando. Ein av dei fall i mai 2004.

Eg spør: Forstår ikkje SV si stortingsgruppe at å bekjempe terrorisme med okkupasjon er som å sløkke brann med bensin?

Enkelte seier – eller ønskjer – at det er stor skilnad på USA-kommando og NATO-kommando i Afghanistan.

Men ei melding på BBC 4. august sette tinga på plass. I Kabul hadde BBC møtt NATOs general Gerhard Back som er ansvarleg for ISAF. Han sa at ISAF i løpet av neste år skal ta over ansvaret for heile Afghanistan, og sa i frå at ISAF då treng «more robust rules of engagement» fordi dei skal inn i dei områda der «Taliban-styrt vald er konsentrert». USA vil altså at NATO skal ta over heile okkupasjonen og lette trykket på USA som er hardt pressa i Irak og treng å konsentrere sine eigne styrker i Irak.

NATO-styrte styrker og USA-styrte styrker i Afghanistan er to delar – eller om du vil to etappar – i den langsiktige amerikanske strategien for å sikre at USA kan få kontroll eller overherredømme i Sentral-Asia. Ikkje minst med tanke på korleis SF i 1961 vart grunnlagt på motstand mot Ap-regjeringas servile underordning under USA den gongen, er det trist å sjå at SV si stortingsgruppe har endt opp med å sende norske ungdomar til krig for USA i Afghanistan.

---
DEL

Legg igjen et svar