SVs tapte jomfrudom

Den jomfruelege tilstanden er over, SV. No må vi kunne stå inne for det vi seier.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

SVs største problem under valkampen oppstod då deler av partiets politikk vart flytta frå det duse lyset i landsmøtesalen i Kristiansand til inn under offentlegheitas kritiske lys. Deler av politikken tålte rett og slett ikkje det nye lyset. Dermed måtte Kristin Halvorsen i motsetnad til dei andre partileiarane prøve å forsvare saker og formuleringar som knappast lét seg forsvare. Det er det som burde bekymre partileiinga i SV. Dessutan tapte SV mange røyster på at partileiinga opptredde lojalt mot dei nye alliansepartnararane. – Men å ofre eigenmarkering av omsyn til lojaliteten til dei raudgrøne partnarane var kanskje likevel eit rett val som kan løne seg på sikt.

I ein nærast sjølvutslettande kritisk gjennomgang av eigen innsats under valkampen sa Kristin Halvorsen sist helg til SVs landsstyre at alle vesentlege valkamputspel ho stod bak, var feilslåtte. Viss det er rett, må SV i så fall ved valet ha levert ein sterk kandidat til tidenes mest mislukka valkampopplegg, og det skulle vore interessant å vite korleis det kunne skje. Men meir enn valkamptekniske omstende er det innhaldsmessige problem som burde oppta SV når sjølvransaking står på dagsordenen. Mange SV-arar opplever det som ein viktig del av forklaringa på det heller skuffande valresultatet at SV vart sterkt kritisert under valkampen. Tre typar angrep som gjekk igjen, gjaldt SVs skulepolitikk, økonomiske politikk og utanrikspolitikk. Med omsyn til skulepolitikken gjekk Kristin Clemet til angrep på SVs karakterlause skule, på motstanden mot offentleggjering av dei nasjonale testane og SVs motstand mot karakterkrav ved opptak til lærarutdanninga. Per Kristian Foss og andre gjekk vidare til åtak på SV for kostnadane ved valkampløfta og for at SV på same tid som ein var tilbakehaldne med å investere i oljeutvinning, ville bruke inntektene frå den same oljeverksemda. Og sist, men ikkje minst: Det var eit gjennomgåande ankepunkt frå politikarhald og media at SV utropa USA som det største trugsmålet mot verdsfreden.

I røynda er ingen av desse angrepa mot SV urimelege, ved at dei løfter fram kuriøse saker slik Kristin Halvorsen visstnok meiner (Dagsavisen 25/9). For det er jo nettopp ikkje tale om den typen saker som liknar diskusjonen om kor vidt sauer er ålreite dyr. Tvert imot, angrepa kom på vesentlege område i SVs politikk som partiets landsmøte med opne auge har gått inn for å framheve. Det underlege er kvifor det skulle vere ein slik byrde for SV-leiinga å tale om saker partiet har vedtatt og gått inn for at skal opplevast som vesentlege (jamfør til dømes SVs partiprogram, del 8.2).

Den påstanden som kanskje kosta SV dyrast under valkampen sidan den gjorde at partiet framstod som useriøst, var påstanden om at USA er det største trugsmålet mot verdsfreden. I programmet heiter det utvitydig at SV ser på USA som «den største trusselen mot verdensfreden». For å gni det inn, vert påstanden endatil gjentatt endå ein gong i same avsnittet. Det er som om det ein vil seie, er: – Hallo, alle de som eventuelt ikkje fekk med seg det som stod for to setningar sidan, SV meiner at politikken USA fører mot andre land, er det som er den største risikoen for verdsomspennande krig i verda.

Påstanden er i røynda vanvittig. Spørsmålet er korleis eit seriøst parti kunne la den passere. Før valet vart det jo avklara at SV ikkje krev utmelding av NATO som føresetnad for deltaking i regjering med Senterpartiet og Arbeidarpartiet. USA og Noreg er saman i NATO. SV meiner altså at den viktigaste militære allierte, som vi er saman med i ein allianse som skal hindre krig og terror, samstundes er det største trugsmålet mot det føremålet alliansen skal verne. Det er som om SV skulle utrope Bin Laden som verdas farlegaste terrorist. Og så gå med på å gje fredsprisen til han. For dersom USA er det største trugsmålet mot verdsfreden, kvifor godtar då SV i røynda at vi er i ein allianse med USA i staden for mot USA? Svaret er at SV ikkje meiner det partiet faktisk seier. Formuleringa er meint demonstrativt demoniserande. Det er altså ei formulering som ikkje er meint å bli tatt heilt alvorleg – sidan sjølv den mest blodraude SV-ar erkjenner at problemet med USA er at landet er eit mangelfullt, delvis plutokratisk demokrati, men trass alt ikkje eit aggressivt diktatur slik til dømes nazi-Tyskland var det.

Kvifor godtar så mange av dei mest fornuftige hovuda i norsk politikk slike formuleringar? Svaret gir nøkkelen til det som er SVs hovudproblem, og som er vesentleg for å forstå valresultatet.

I parti på venstresida nøyer ein seg ofte ikkje berre med å stake ut kursen til det som kan bli ein betre kvardag i morgon. For i tillegg er mykje av eksistensretten til parti på venstresida knytt til at ein held opp eit anna framtidssamfunn som eit alternativ, eit samfunn der mange av dagens problem er overkomne, – eit sosialistisk idealsamfunn. Problemet oppstår når det som er meint å vere visjonære for ikkje å seie utopiske førestellingar, vert sausa saman med det som er eit arbeidsprogram, og som forpliktar dei valte representantane i ein fireårsperiode. Når alarmklokkene ikkje ringjer under landsmøtet i Kristiansand i det reine demonstrasjonsforslag vert foreslått i eit arbeidsprogram, er det fordi partiets såkalla systemkritiske fløy tidvis har uforholdsmessig stor makt i dei viktigaste interne styringsorgana i partiet. Dette er eit kjerneproblem partiet bør gripe fatt i. SV representerer eit generelt verdigrunnlag som SVs veljarar sluttar opp om. Ofte er det ikkje samsvar mellom det verdigrunnlaget som er kjelda til SVs veljarmakt, og det verdigrunnlaget som får rå grunnen i SVs styringsorgan. I stortingsgruppa er dette knappast eit problem fordi også dei hyperradikale representantane med eit minimum av sjølvinnsikt gradvis modererer seg i møtet med meiningsmotstandarars jamlege og ofte treffande innvendingar. I sentralstyret, landsstyret og på landsmøtet er derimot sterke representantar for dei systemkritiske delane av SV blant sine eigne. Av omsyn til husfreden går difor dei så å seie normale SV-arane langt i å komme dei systemkritiske i møte også når det får fatale følgjer, jamfør USA-formuleringa. Her sviktar SV-leiinga, meiner eg. I staden for å sjå mellom fingrane med forslag som ikkje ber vatn, må det gjevast tydelegare meldingar om kva som er realistisk politikk og kva som er utopi. Tidlegare vart det nærast ei oppgåve for partileiinga å passe på at dei mest kuriøse delane av partiets politikk ikkje slapp ut. Den strategien går ikkje lenger fordi partiet naturlegvis får eit sterkare søkjelys på seg ettersom partiet gjer krav på å bli tatt på alvor ved å ta styringsansvar.

Dette tyder ikkje at ambisjonane om eit meir sosialistisk samfunn vert kasta på båten. Den liberale innsikta om at demokratiet i sitt vesen er reformistisk og alltid på veg, er ikkje eins med å forkaste ambisjonane om gradvis å demokratisere det økonomiske livet ytterlegare. Men det er på tide at gode SV-arar, inkludert SV-leiinga, innser det naudsynte i å skilje mellom utopi og visjon ved utforminga av eigen politikk: Utopien kritiserer dagens politikk ved å vise til eit ideelt framtidssamfunn, men utan å vise korleis vi kan komme dit. Visjonen peiker derimot også på korleis vi kan komme nærare dei måla vi enno ikkje har oppnådd. SV må lytte til dei visjonære, men be utopistane om heller å komme tilbake når dei har noko meir konkret å fare med. No er det kort og godt påkravd at det vert gitt klårare beskjed neste gong utopistar øydelegg for ein mangelfull, men trass alt god politikk i dag ved å hevde at denne fell igjennom samanlikna med deira politikk – idéalalternativet frå liksomverda. Elles vil regjeringssamarbeidet vere under konstant kritikk frå utopistar. Det fortener vi ikkje for det som vert vist til som eit alternativ, er oftast ikkje eit reelt alternativ. SV har no valt å delta med begge beina i demokratiet slik det eksisterer her og no, og ikkje slik det kunne vore i eit draumaktig framtidssamfunn. Då slepp vi ikkje unna den demokratiske skiten på fingrane. Det liknar då SV måtte tåle å vere upopulære ettersom partiet omsider begynte å budsjettere realistisk i lokalpolitikken. Dermed måtte vi som alle andre part gjere smertefulle prioriteringar i staden for å bruke meir pengar som berre vi hadde tilgong til i eit liksom-budsjett som inkluderte dei ekstra milliardane frå SVs stortingsbudsjett.

Også i SVs utanrikspolitikk går det eit skilje mellom visjonære og utopistar eller rettare: mellom idealpolitikk og realpolitikk. På landsmøtet lét SV som om USA ikkje er verdas einaste supermakt og ein de facto alliert i den eine augneblinken for så, straks realpolitikken dukkar opp, å lene seg til USA med omsyn til å få gjennomslag for nasjonale interesser i nordområda. Dette må partileiinga ha skjøna at ikkje heng i hop. Det er forskjell på å kritisere og demonisere. Neste gong bør det seiast klårare ifrå. Den jomfruelege tilstanden er over, SV. No må vi kunne stå inne for det vi seier.

Kristin Halvorsen gjekk eigentleg for langt i sin eigen sjølvkritikk under valkampoppsummeringa. For hennar bidrag til SVs styrke og innverknad i norsk politikk, vert ikkje avgjort ved dette valet, men ved valet i 2009. I valet mellom på den eine sida å styrkje regjeringsalternativet og risikere eit SV i skuggen og på den andre sida å risikere at den raudgrøne fleirtalssigeren glapp med sterke eigenmarkeringar, valde Kristin Halvorsen med god grunn det første ved årets val. Det var den stikk motsette strategien av den som Framstegspartiet brukte. Det avgjorde valet. Framstegspartiet gjekk fram, men tapte makt og innverknad. For SV var det motsett.

Det som Kristin Halvorsen oppnådde, er at SV no kan verte oppfatta som eit seriøst parti blant breie veljarmassar ein gong for alle. Difor vil SV kunne stå friare i det neste valet med omsyn til å markere eigen politikk. Då er partiet vonleg etablert som seriøst parti og ikkje som eit tidvist populistisk protestparti – føresett at vi slepp unna nye politiske sabotasjeangrep og freakshowartistar frå eigne rekkjer. Ei undersøking gjort for Klassekampen under valkampen, synte at det er oppsiktsvekkjande mange AP-veljarar som har SV som sitt andreval medan SV nesten ikkje har noko å hente frå RV. Det tyder at om SV vert etablert som seriøst parti, skal det lite til for å vinne innpass i store veljargrupper. Grovarbeidet er no gjort. SV har blitt ei vaksen dame. Framtida for Kristin Halvorsen og SV ser kanskje lysare ut enn det første blikket på valresultatet skulle tyde på.

Svein Tuastad er medlem av Sandnes SV, og tidligare leiar i Rogaland Attac. Arbeider som statsvitar ved Universitetet i Stavanger og avsluttar snart ei avhandling om norsk etterkrigspolitikk sett i lyset av normativ politisk teori.

---
DEL

Legg igjen et svar