SVs kjerne

Finst det ein kjerne i SV? Finst det midt i SV eit verdisett som bind dei ulike delane av politikken til partiet saman og som samstundes har appell både til ei venstreside og ei høgreside internt i partiet?

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Venstreopposisjonen i SV in person: Hans Ebbing, og hans kommentar til underteikna i Ny Tid nr 36, aktualiserer spørsmålet ovanfor (eg kjem tilbake til innlegget hans mot slutten). For den politiske avstanden mellom oss er stor og illustrerer at det finst to fløyer i SV. Burde ein av oss vore i eit anna parti – eller er SVs verdigrunnlag breitt nok til å femne om både ei venstre- og ei høgreside internt?

Siste helga før valet spurde Dagbladet-Fredag mange unge veljarar kva dei ville røyste. Ei av dei som svara «SV», var ei nybakt mor som heitte Christina Sundet (21). Ho sa: «Det har med måten jeg er oppdratt på å gjøre. Jeg er liberal og sosialistisk, og jeg synes SVs synspunkter virker fornuftige». I to ord uttrykte ho såleis det som er mykje av essensen i SVs verdigrunnlag.

Først sosialismen: For sosialistar er produksjonsresultatet i samfunnet fruktene av eit felles strev frå samfunnsmedlemmene. I utgangspunktet tilseier det økonomisk likskap og lik tilgong til produksjonsavgjerder, men omsyn til rettsstatsprinsipp, incentivsystem i økonomien og liknande kan legitimere visse ulikskapar. I dag står, slik eg oppfattar det, RV framleis for ein snevrare marxistisk rettviseteori, der arbeidarklassen er privilegert, medan SV og Arbeidarpartiet representerer den refererte utvida sosialistiske rettviseoppfatninga. SV vil gå lenger enn Ap i å fordele makt og økonomiske ressursar, sjølv når effektivitetsomsyn taler mot. Og SV og RV er generelt meir villige enn Ap til å gjere smertefulle offer når miljøomsyn taler for det. Venstresida og høgresida i SV ligg her truleg nærare kvarandre politisk samanlikna med kvart av dei omkringliggjande partia. Skilnaden internt er praktisk meir enn ideologisk. Målet er ytterlegare demokratisering av økonomisk makt. Men i ein open økonomi og samanhalde med ålment aksepterte forventningar om eit stabilt velferdsnivå er det langt mellom dei konstruktive forslaga til korleis målet kan realiserast.

Så til det liberale. – Kristen føremålsparagraf i skulen, homofobe biskopar i ei statskyrkje som skal markere at ein religion liksom er meir norsk enn ein annan, slør i skulen, kjønnsnøytrale ekteskap – alle desse sakene dreier seg om ein kulturell rettferdsdimensjon der spørsmålet er om ein meiner det er tillate å la staten favorisere ei oppfatning av det gode livet. – Nei, svarer liberale. Det finst konservative også på venstresida, men intuitivt er venstresida liberal. Det bør den framleis vere. Elles risikerer ho å gå god for den undertrykkinga som er kulturell i staden for økonomisk. Høyrer så liberale sosialistar heime i RV, SV eller Ap? – Det er det så å seie opp til partia sjølve å bestemme. For politikkfeltet ligg ledig for det partiet som er smart nok til å annektere det. Skilja går her internt i SV, som i AP og RV, i staden for mellom partia. Det handlar ikkje om venstre-høgreaksen, men om kor innforstått ein er med liberal statsteori.

Tilbake til Ebbing og min kommentar til mellom anna den famøse påstanden i SVs partiprogram om at Noregs allierte USA er det største trugsmålet mot verdsfreden. Ebbing forsvarer påstanden med å vise til ein slags krigsindeks basert på å telje krigar land har vore med i. Frå eit årssnitt på 1,29 intervensjon pr år i etterkrigstida er USA no visstnok oppe i 2.

Med ein slik kvantitativ i staden for ein normativ målestokk på krigs- og fredsnasjonar, vert validitetsproblema uoverstigelege. At USA kom med i den 2. verdskrigen, gjorde til dømes landet meir krigersk målt med ein slik målestokk. Ebbing ender opp i den typen absurditet som tenkjaren Charles Taylor tok for seg i ein analyse av fridomsomgrepet. Med eit reint kvantitativt fridomsomgrep, som fråvære av hindringar, vart dåtidas kommunist-Albania eit mykje friare land enn England ettersom det var færre fysiske hindringar der, mellom anna var det i England fleire trafikklys som hindra fridomen til bilsjåførar. Med Ebbings krigsindeks vert Nord-Korea på same vis eit mykje fredelegare land enn Noreg som jo i det siste har vore med i intervensjonar. Skal vi seie Nord-Korea er 97 prosent meir fredeleg? Men fred på nordkoreansk vil jo heller ikkje venstreopposisjonen i SV ha.

Kva så med utanrikspolitikken generelt og SVs verdigrunnlag. Prio-direktør Stein Tønneson peiker på at hovudvalet når det gjeld strategi for den nye regjeringa, står mellom på den eine sida symbolpolitikk – å erklære at no kjem det verkeleg ein annleis politikk, altså! – eller å tone ned erklæringane, men så jobbe langsiktig og etablere kursendringar i det stille innanfor realpolitikkens rammer (Verden i dag, NRK 8/10). Symbolpolitikk vil bety små reelle endringar. Tønneson har rett i at den einaste fornuftige strategien er å dempe retorikken, – men endre kursen. Det er i høve til utanrikspolitiske stridsspørsmål venstreopposisjonen i SV gjer mest av seg. Men i realiteten medverkar altså kanskje protestane deira ikkje til anna enn å hindre dei ynskja endringane.

I éi sentral utanrikspolitisk sak er venstreopposisjonen i SV samkøyrt med partileiinga samt alle medlemmene i sentralstyret: EU-saka. For dei einaste som ikkje er like massivt mot EU som partiets styringsorgan, er partiets veljarar. Halvparten av SVs veljarar tenker vel at rasjonaliteten i dei uttalte målsetjingane om internasjonalt samarbeid, styring av den globale kapitalismen samt større sjølvstende andsynes USA i tryggingspolitikken føreset deltaking i EU. Arbeidarpartiet går i motsetnad til SV (og RV) inn for EU-medlemskap. Her lyt eg vedgå at eg ikkje skjønar logikken til SV. For meg er det ei av politikkens gåter korleis SV tenkjer seg at globale politiske verktøy skal utviklast utan institusjonar med ein viss overnasjonalitet, – som EU.

Om EU-saka vert halde utanfor, indikerer gjennomgangen over at verdigrunnlaget til SV kan femne om både ei venstre- og ei høgrefløy. Difor tillét eg meg til slutt å komme med ei oppmoding: Den interne motvekta til venstreopposisjonen i SV må verte tydelegare. Kvar gong venstreopposisjonen vert oppfatta slik at den trugar SVs seriøsitet, er risikoen at det flyktar veljarar i hopetal frå SV til Arbeidarpartiet. Ved det siste valet mista SV (netto) om lag like mange veljarar til RV som til Frp. SV mista 6-7 gonger fleire til Ap. Dei store veljarvandringane i SV går altså ikkje hovudsakleg mellom SV og RV, slik nokon synest å tru, men mellom SV og Arbeidarpartiet.

Ein venstreopposisjon som i staden for å kritisere andre parti ofte heller går ut og kritiserer eigen partileiing, kan framover verte langt meir skadeleg for SV når vi no vonleg vert med i ein regjeringskoalisjon. SV treng difor ein tydelegare høgreopposisjon som når det trengst tar til motmæle mot venstreopposisjonen internt. Kven veit: Om nokre år kan det kanskje jamvel komme ein EU-tilhengjar i partiets sentralstyre!

Svein Tuastad er medlem av Sandnes SV, og tidligare leiar i Rogaland Attac. Arbeider som statsvitar ved Universitetet i Stavanger og avsluttar snart ei avhandling om norsk etterkrigspolitikk sett i lyset av normativ politisk teori.

---
DEL

Legg igjen et svar