SVs innskrenka ytringsfridom

Det bør fremjast eit endringsforslag for å få eit betre grunnlovsvern av politiske ytringar enn det SV og Stortingsfleirtalet gjekk inn for nyleg.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Den 12. mars i 1975 retta SV-representanten Otto Hauglin eit spørsmål til statsråd Bjartmar Gjerde i Stortingets spørjetime. Bakgrunnen var at NRK hadde nekta forfattaren Torborg Nedreaas å halde eit kritisk foredrag som NRK sjølv hadde bestilt. Til det føreseielege, forretningsmessige byråkratsvaret statsråd Gjerde gav, repliserte så SV-representant Otto Hauglin: «Jeg har tatt denne saken opp nettopp fordi den har med frimodige ytringer overfor Stortinget å gjøre. Jeg synst det er riktig å ta det opp fra Stortingets talerstol, for dette berører det forhold som er tatt opp i Grunnlovens § 100, siste ledd: ‘Frimodige Ytringer, om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden gjenstand, ere Enhver tilladte'».

Det var den gongen. For 30 år sidan kunne ein SV-representant på Stortinget halde opp det vilkårslause vernet av politiske ytringar og dermed signalisere eit varmt forsvar av ytringsfridomen i den aktuelle saka. Og dessutan kunne han som SVs stortingsrepresentant markere at han forstod fridomens verdi.

Fortener betre

Slik er det ikkje lenger, snarare tvert i mot. Før og under stortingsdebatten om nytt grunnlovsvern av ytringsfridomen på Stortinget 30. september har SV vore mellom dei partia som har gått lengst i å ville stramme inn det noverande vernet av politiske ytringar. Heldigvis vart det endelege fleirtalsforslaget endra på i siste liten slik at det vart betre enn det håplause forslaget SV først gjekk inn for (professor Helge Rønning meiner det ville gjort at Noreg kom på lista over sensurverstingane i verda). Resultatet vart likevel ikkje så bra som eg meiner vi fortener. Ein medverkande grunn til det er at framståande SV-politikarar som SVs medlemmer av konstitusjons- og kontrollkomiteen Ågot Valle og Siri Hall Arnøy samt partisekretær Bård Vegar Solhjell tok til orde for å innskrenke ytringsfridomen i staden for å utvide den. Men kor haldbare er argumenta til Valle, Hall Arnøy og Solhjell?

Er folk dumme?

Bård Vegar Solhjell hevdar i Dagbladet 30. september at meir ytringsfridom, i form av å tillate politisk reklame, er uønska fordi det vil det kunne føre til meir skitkasting i politikken. Problemet med reklame er at den kan manipulere folk. Solhjells syn på politisk reklame føreset i røynda at folk er verjelause og tar til seg politiske reklamefilmar utan hemningar og utan evne til kritisk refleksjon. Dersom folk evna å skjøne at politisk reklame gav svært lada framstellingar av røyndomen, ville det ikkje vere noko problem for meiningsdanninga. Då ville jo folk halde innhaldet i den politiske reklamen opp mot sine eigne oppfatningar og mot eventuelle korreksjonar dei fekk av andre politikarar i staden for å reagere passivt og viljelaust.

Vanlege folk tar stilling til politikk etter, som Ottar Brox har sagt det, kven som organiserer deira kvardagserfaringar best i sine bodskap. Å tru at politisk reklame får dramatiske konsekvensar kling som eit ekko frå effektperspektivet i medieforskingas såkalla første fase. I dag, etter 40 år med fjernsyn i dette landet, vert dette perspektivet knapt nok tatt seriøst andre stader enn blant folk med medieangst og behov for lettvinte forklaringar. Folk er ikkje svake sjeler som tar alt dei vert fortalte på film og fjernsyn for god fisk. Det skal andre ting enn politisk reklame på fjernsyn til for å endre valåtferda til folk. Difor meiner eg Bård Vegar Solhjells grunnar for å skulle forby politisk reklame, og på den måten innskrenke ytringsfridomen, ikkje er gode nok.

Hets og rasisme

Ågot Valle og Siri Hall Arnøy meiner at ytringsfridomen kan stå i strid med retten til ikkje å verte diskriminert (Ny Tid nr. 34). Dei meiner at for å finne ein balanse mellom retten til ytringsfridom og vernet mot diskriminering, må ytringsfridomen strammast inn slik at gruppekrenkjande eller rasistiske meiningar ikkje vert tillatne.

Men her bør det skiljast mellom diskriminering som praksis og diskriminerande ytringar. Det er ei mistyding om nokon skulle tru at forsvaret av ytringsfridomen skulle vere i motstrid til lovvern av diskriminering eller av vernet av den einskildes fred. Det er til dømes ingenting i SVs forslag om eit «diskrimineringstillegg» til grunnlovas § 110 som risikerer å kome i strid med eit sterkt ytringsvern. Lovvern mot diskriminering tyder såleis ikkje at ein treng forby generelle meiningsytringar som er negative mot visse grupper. Om ein skulle forby slike ytringar, vil den som kjenner seg krenkja, bli tillagt for stort spelerom for sitt subjektive kjensleliv, meiner eg.

I innlegget til Hall Arnøy under grunnlovsdebatten nyleg nytta ho eit tenkt døme der ei jente vart mobba og kalla for «brilleslange» (eller til dømes eit rasistisk skjellsord). Eg meiner dømet er misforstått i høve til debatten om politiske ytringar. For det er ingen som vil fjerne lovvernet mot trakassering og plaging av andre slik det mellom anna står i straffelovas § 390. For at dømet som Hall Arnøy baserte sitt innlegg på skulle vere illustrativt, måtte det heller vere slik at jenta på veg heim frå skulen hadde høyrt nokon som stod på ein talarstol eller eit torgmøte og sa at alle som hadde briller var dumme brilleslangar.

Det bør skiljast mellom på den eine sida meiningar om rasemessige skilnader, noko som bør vere tillate, og på den andre sida aggressive ytringar om rasehat samt ytringar som oppmodar til vald eller diskriminering mot bestemte grupper. At slike ytringar bør kunne straffast, er det brei semje om.

Rammer kollegaer

Carl I. Hagen og Steinar Bastesen, stortingskollegaer av Valle og Hall Arnhøy, er melde til politiet for utsegner som er av den typen som, om eg forstår dei rett, Ågot Valle og Siri Hall Arnøy vil forby. Men Hagen og Bastesen bør jo møtast med ord, ikkje med forbod. Det same gjeld også for dei som har endå meir ekstreme meiningar enn Hagen og Bastesen. For eit forbod av ytringar er i røynda å ekskludere nokon frå det demokratiske fellesskapet. Og det bør vi ikkje gjere så lenge ikkje sjølve demokratiets overlevingsevne står på spel.

Det har vekt oppsikt at RVs internasjonale leiar Lars Akerhaug kan tolkast slik at han meiner også norske støttespelarar til okkupantstyrkane i Irak er legitime mål for opprørarane. Ytringane kan oppfattast som å vere i strid med straffelovas § 86, nr 4, men kan bli verna av eit sterkt grunnlovsvern av ytringsfridomen. Eg meiner ytringane bør vere tillatne, og det gjer kanskje Valle og Hall Arnøy også. På same måten som ekstreme ytringar på venstresida bør vere tillatne, bør ekstreme ytringar på høgresida vere tillatne for at forsvaret for ytringsvernet skal vere prinsipielt og konsistent.

Endringsforslag

Når ytringsfridomen no etter nær 200 år med same grunnlovsparagrafen omsider skulle opp til brei debatt, burde vi kunne forvente at den ålmenne moralske og kulturelle moderniseringa av det norske samfunnet vart reflektert av våre stortingspolitikarar ved at dei synte større tiltru til vanlege folk. Men det motsette skjedde. Vi står tilbake med eit grunnlovsvern som er på minimumsnivå i høve til det vi har forplikta oss til internasjonalt.

I det forslaget Stortinget vedtok med SVs støtte 30. september, vert grensene for politiske ytringar vagt formulerte i staden for direkte retta mot dei unntaka også ei vilkårslaus formulering vil vere basert på (rasistiske trugsmål og offentleggjering av militære løyndomar). Dermed vil Stortinget i framtida lettare enn før kunne forby ytringar dei ikkje likar etterkvart som slike dukkar opp (jamfør professor Eivind Smith i Aftenposten 29. september).

Eg meiner at dei vage restriksjonane bør fjernast. Viss nokon kjenner til ein liberal sosialist på Stortinget som kanskje kunne fremja eit slikt forslag – send meg eit tips.

---
DEL

Legg igjen et svar