Svar til Hanne på 15

Hei! Eg er ei jente som bur i Sogn og Fjordane. Sjølv har eg god erfaring med det å skrive. Eg har jobba i lokalavisa og skriv mykje både heime og på skulen. Det er difor eg er flink til det! Nøkkelen bak gode karakterar ligg nettopp i dèt, arbeid. Dette innlegget er halvvegs eit […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Hei! Eg er ei jente som bur i Sogn og Fjordane. Sjølv har eg god erfaring med det å skrive. Eg har jobba i lokalavisa og skriv mykje både heime og på skulen. Det er difor eg er flink til det! Nøkkelen bak gode karakterar ligg nettopp i dèt, arbeid. Dette innlegget er halvvegs eit svar på innlegget ifrå Hanne og halvvegs ein slags hyllest til nynorsken.

Du lurer på: Kva treng vi nynorsken til? Då kan vi vel like godt spørje; kva treng vi bokmålen til? Utifrå dei språkelege prestasjonane i innlegget du har skrive verkar det ikkje som om du bryr deg om nokon av delane. Men eg har uansett eit svar på det du spør om. Nynorsken er ein del av det norske språk. Den har betydd svært mykje for historia vår og kulturen vår. Dei fleste er einige om at vi må ta vare på den gamle kulturarven vi har. Naturen, urfolket vårt og språket vårt. Det er også mange som meiner at måten vi tar vare på kulturen vår er for dårleg. Det har dei rett i. Du er 15 år og har sikkert hatt litt om gammalnorsk på skulen. Du la sikkert ikkje merke til det, men saken er at gammalnorsken, vårt opprinnelege språk, er opphavet til nynorsken. Bokmål har sine røter i dansk. Ein del forskarar har anslått at nynorsken kan vere på veg ut om nokre hundre år. Du vil nok liggje trygt bevart i ei kiste når dette skjer, men då har vi mislukkast. Då har vi rett og slett kasta ifrå oss ein stor del av norsk historie, vår kultur. Det kan vel ikkje vere rett?

Trur du verkeleg at det er politikarane som bestem korleis vi skal ha det her i landet? Kvifor trur du vi stemmer? Trur du at politikarane tar slike val etterkvart som dei ynskjer? Om du fylgjer litt med veit du at dei har valkampar på tv der dei legg fram slike saker, og korleis dei meinar at vi skal jobbe med ting i samfunnet for å gjere det betre. Deretter stemmer vi på det partiet vi er mest einige med. Det betyr at fleirtalet i Noreg stemte for at Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet skulle ta over makta. Vi kallar det ei folkevald regjering.

Du får det til å verke som om karakteren du får i nynorsk er heilt avgjerande for om du kjem inn på skular med høgare krav. Læraren din verkar ikkje som ein veldig god lærar. Ein god lærar skal nemlig gjere alt for at elevane skal yte sitt beste. Om læraren også meinar at nynorsk er bortkasta tid, så er vel ikkje akkurat dét den beste motivasjonen, eller?

Du seier at du forstår kvifor vi har matte, naturfag og engelsk. Men alt avheng vel av kva du vil bli når du blir vaksen. Likevel treng alle basiskunnskapar i alle fag for å kunne fungere i det kvardagslege livet og i arbeidslivet. Sjølv om du kanskje ikkje vil bruke nynorsk i det daglege, så er det faktisk vår generasjon som skal ta over makta ein dag, og då må ein rett og slett sitte att med ein del kunnskapar og erfaring, anten ein vil eller ikkje. Dessutan kan vi ikkje gå inn i framtida uten å kunne ta vare på fortida?

Helsing Suzanne på 15.

---
DEL

Legg igjen et svar