Svalestup i poesien

Det er lov å kaste seg i armane på poesidebutantar.

LYSEFJORDEN 20000816: Fallskjermhopping / Basehopping. Basehopperne Atle Dahl og Lars Jørgen Kroken hiver ut fra Kjerag. Aksjon. Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX
Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

[dikt] Denne veka skal eg stupe i diktsamlingar. Eg har ein heil bunke, og dei kjem frå ulike stader og ulike epokar, og mange har eg fått billeg, billeg, billeg på sal, og dei ligg i ein bunke heime hos meg. Og eg kastar meg mot dei og dei tek imot meg og får tak i det som ikkje er framme kvar dag. Det er slik at når du har lest for mange dokument og for mange samanhengjande saker så treng du at det løyser seg opp, flagrar, at orda ikkje heng saman på den same måten lenger, og du treng at det ikkje er naudsynt at du skjønar alt, men at måten orda er sett saman på tyder meir enn orda i seg sjølve, du skjønar at eg ikkje skjønar heilt korleis eg skal seie dette, sant?

Øverst i bunken: Debutantane. Musikar Karl Seglem si poesidebut/samling av ord STILLA ER EIN ÅKER femti dikt og nokre songar. Eg er ikkje sikker på om eg likar alt, men eg likar noko, eg likar dette: «Jotunheimen / ein gigantisk urflokkenergi / jotnane der jotnane er / Coltrane / heilskap / ut av galskap / med eigen reiskap / hundreåra sine hjarteslag / på samvitet / tinden strekker seg / syng / tindar strekker seg / det gjallar / det gjallar heilt hit».

Kanskje fordi eg likar Jotunheimen, og kanskje fordi eg lengtar vest likar eg dette: «refleksen dinglande / med novemberkvelden / kroppen over rima oljegrus / måne / med sitt heile / sol halvt / i hav / vest mest vest / vest mest.»

Ein annan poesidebutant, Thomas Marco Blatt, er også god å lande hos, han har eit heilt anna språk i Slik vil jeg måle opp verden, og eg trur eg likar det betre, utan at eg greier forklåre det, heller. Han sluttar slik: «det sies at det å tenke seg om / var det viktigste prinsipp i u t o p i a / og jeg sier at alt det jeg lengter etter / har en dobbelt betydning; / slik det sumeriske ordet for kjærlighet / også hadde betydningen å måle opp jorden / slik vil jeg måle opp verden».

Ho siste eg kastar meg i armane på i denne omgang har skrive Går det an og skriv: «Hvor er dere / I det kaotiske lyset / I det fargesprengte lyset / En kveld putter jeg blomster i hårtuppene / det går plutselig an / Passe varm væske skyller gjennom mage armer bein / Først står jeg litt foran speilet / Så går jeg ut»

Ho heiter Ellen Grimsmo Foros og boka er blå og gul, og så vil eg også gå ut.

[bakgardssal] Og dersom eg vil gjere bokbyggverket enda høgare, dreg eg rett på bakgardssal hos Tronsmo bokhandel i Oslo 8. og 9. september, eller til Aschehoug som har 50.000 bøker til sals dei same dagane.

[fjellfilmfestival] Og dersom eg vil enda høgare dreg eg til Jotunheimen, til Fjellfilmfestivalen 8.-10. september. Festivalen tilbyr foredrag og eventyrarar og jotnar og filmar på ein diger utandørsskjerm med dei vakre Hurrungane i bakgrunnen. Er det fint ver er det mogleg å klatre i dei også, opp i lufta, kike ned på resten av verda.

[kapittelfestival] Elles kunne eg gjerne tenkje meg meir Vestland. Kapittel 06 arrangeres i Stavanger fra 13.-17. september. Dette er Norges mest internasjonale litteraturfestival, og i år skal Danmark og Afrika krype inn i hjarta til deltakararane: Chenjerai Hove frå Zimbabwe er årets fribyforfattar i byen, og Sefi Atta og Uzodinma Iweala romandebuterer. Ein kan få danse og.

---
DEL

Legg igjen et svar