SV som statsberande parti

SV i posisjon må vere så opne og rause at det blir plass for systemkritikk – òg når den rammer partiets eigne politikarar med makt, meiner Alf Holmelid, Landsstyrerepresentant i SV.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Vi har aldri tidlegare sett ei så dramatisk høgredreiing i norsk politikk som i dag. Sjølv svorne høgrefolk snakkar om bandittkapitalisme, og privatiseringa går med slik hurtigtogsfart at venstresida blir ståande og gispe etter pusten. Midt oppe i denne høgredreiinga har SV ein framgang utan sidestykke i partiet si trettiårige historie. Kva er grunnen til dette? Har SV blitt eit moteriktig parti med appell til nye trendy grupper som stemmer SV for å ha godt samvit, samtidig som dei ønskjer å halde fram med dansen kring gulkalven? Dagbladjournalist Hompland var inne på noko i den retning i ein kommentar før landsmøtet i SV. Han hevda at han alltid hadde stemt SV for å ha godt samvit, men at han hittil hadde nekta å blande politikk inn det standpunktet.

Ei anna tolking av dei gode meiningsmålingane er at folk reagerer mot høgredreiinga og den rå marknadsliberalismen. Mange går til SV for å protestere mot ei utvikling som skaper eit kaldare og eit meir kynisk samfunn. Vel vi den første tolkinga, blir dei gode meiningsmålingane eit bevis på at partiet har tilpassa seg høgredreiinga i samfunnet. Med legg vi den andre tolkinga til grunn, kan vi sjå på meiningsmålingane som eit prov på at SV har klart å stå fram som eit realistisk alternativ til den akselererande høgredreiinga. Vi som har stått og står på barrikadane for SV, likar nok best den siste hypotesen.

Systemkritikk

SV er eit parti som har hatt få formelle maktposisjonar, men som like vel har vore med og forma Noreg gjennom framtidsretta systemkritikk og strategiske alliansar – ofte utanomparlamentariske. Tar vi utgangspunkt i at støtta til SV er ein protest mot høgredreiing, og tar vi samtidig inn over oss at SV om kort tid kan få nye viktige maktposisjonar, er det viktig å stille to fundamentale spørsmål. Har partiet utvikla ein robust politikk og etablert sterke alliansar som gjer at det over tid kan innfri forventningane om å dreie politikken til venstre og samtidig behalde brei folkeleg støtte? Og vil partiet gi handlingsrom for partimedlemmar og grupper som utviklar sterk systemkritikk når denne kritikken også må ramme partikameratar som har komme i sentrale maktposisjonar – eller må slik systemkritikk utviklast i andre fora som for eksempel ATTAC?

Robust

Utfordringane for eit SV i maktposisjon blir mange. Men det er spesielt på to område vi står overfor tunge motkrefter, og det er i den økonomiske politikken og i kampen mot privatisering. Å meisle ut ein alternativ økonomisk politikk som innfrir dei forventningane som mange har til SV, og som er så robust at den står seg i motvind frå alle kantar når det røyner på i norsk og internasjonal økonomi, er ikkje noko lita utfordring. Det er viktig å kjenne og ta i bruk det handlingsrommet som finst for å føre ein alternativ økonomisk politikk, og det er essensielt å kjempe for at dette handlingsrommet ikkje blir ytterlegare innsnevra. Vi skal hugse at då Arbeidarpartiet la om den økonomiske politikken og tok i bruk motkonjunkturpolitikk, hadde partiet solid støtte både i fagrørsla og blant ein generasjon samfunnsøkonomar som var flaska opp i Ragnar Frisch si ånd. Det store spørsmålet er om vi i dag klarer å skape ein situasjon som gjer det mogeleg å gjennomføre ein alternativ økonomisk politikk.

Offentleg sektor

Med Høgre i regjeringskontora har privatisering og kommersialisering fått eit omfang som ingen ville ha spådd for berre få år sidan. Høgre gjekk inn i regjeringa med eit klart mål om å privatisere alt som ikkje er rein forvaltning, og dei er på god veg til å nå dette målet. Ei av dei største utfordringane for eit SV med større makt er å innfri forventningane om å vere våpendragar for offentleg sektor og for eit godt tenestetilbod som tar vare på velferdsstaten og solidariteten. Det er viktig at partiet utviklar ein solid ideologisk basis for denne kampen. Det er ikkje nok å satse alle korta på den snevre krangelen om kva som er mest effektivt, offentleg eller privat drift. SV må utvikle ein meir ideologisk argumentasjon der ein blant anna set fokus på å vidareutvikle eit system som byggjer på tillit til at dei tilsette brukar tildelte ressursar til beste for samfunnet og for brukarane. Eit opent system der media slepp til, og der politikarane diskuterer viktige verdispørsmål i det offentlege rom, er garantien mot misbruk av denne tilliten.

I organisasjonar som behandlar menneske, kan ikkje alt bli styrt av insentiv og kontraktar. Skandalen ved Sørlandet Sjukehus viser kva som kan skje når tillit og fagleg integritet blir erstattast med insentiv og stykkpris. Overtrampa kan ein nok få bort ved å satse på strengare kontroll, men resultatet vil bli endå sterkare fokus på finansieringssystemet i staden for på pasientane og på samfunnsansvaret. Både SV og andre parti har i det siste fokusert sterkt på at staten må gi meir makt til kommunane. Men i skuggen av denne diskusjonen skjer det ei dramatisk avdemokratiseringa ved at makt blir flytta frå folkevalde organ på alle nivå og til marknaden og rettsapparatet.

Raust parti

Godt politisk handverk er ikkje det einaste som bringar verda framover om det er aldri så velmeint og radikalt. Vi må skape grobotn for større endringar enn dei som ligg i dagen i den aktuelle politiske situasjon. Velfundert og velformulert systemkritikk er ein viktig del av demokratiet og samfunnsutviklinga. Nettopp her har SV spela ei viktig rolle i samhandling med solidaritetsorganisasjonar, kvinnerørsle, miljørørsle og fagrørsle. Men det er ei krevjande utfordring å ivareta denne funksjonen om partiet blir statsberande. Eit nærliggjande eksempel er debatten om krigen i Kosovo. Kritikken mot partileiinga i dette spørsmålet er kanskje ein av årsakene til at SV har handtert spørsmålet om krigen mot Irak på ein god måte og dermed fått utteljing på meiningsmålingane. Om SV hadde sitte i regjeringa då Noreg deltok i krigen i Kosovo, er det ikkje sikkert at partiet hadde klart å handtere kritikken på den same måten.

SV har nådd ein del av dei måla som landsmøta i åttiåra diskuterte som føresetnad for å delta i regjeringssamarbeid. Det er dessutan mange som ser at det kan vere nødvendig å kjempe om posisjonar for å bremse marknadsliberalismen, privatiseringa og avdemokratiseringa. Men samtidig har det aldri vore større behov for å drive systemkritikk og å tenkje nytt. La oss vone at partiet er raust nok til å klare begge deler.

---
DEL

Legg igjen et svar