SV-skulen møter ei utfordring

«Det er den draumen me ber på, at noko vedunderleg skal skje, at det må skje!» Innleiingsorda til dette kjende diktet av Olav H. Hauge kan vera uttrykk for det som ligg i botnen av det politiske engasjementet til SV. Målet er «Det sunne samfunn,» slik Eric Fromm har teikna det. I dette samfunnet er […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

«Det er den draumen me ber på, at noko vedunderleg skal skje, at det må skje!» Innleiingsorda til dette kjende diktet av Olav H. Hauge kan vera uttrykk for det som ligg i botnen av det politiske engasjementet til SV. Målet er «Det sunne samfunn,» slik Eric Fromm har teikna det.

I dette samfunnet er skulen ein viktig arena. Den skal gjera sitt til å skapa det harmoniske samfunnsmennesket. Difor må skulen endrast, fordi han har skapt usunne menneske og taparar med traumatiske sår i sjela.

Dette har pedagogar vore opptekne av å retta på. Det som har vore gale og vondt i skulen, er kravet til disiplin og til læring av mange ting – frå matematiske formlar til årstal og vers, og «byar i Belgia.»

I boka «Kunnskapens tre og kunstens skjønnhet» (Gyldendal 1990) skildrar den pedagogiske forskeren Erling Lars Dale pedagogikken som skulle skape «det frie, glade, levende mennesket.» Sentralt i denne var myten om «det skapende barnet» som det ikkje måtte gripast inn overfor:

«En ‘pedagogikk’ oppstår altså, som i hovedsak bare har negative forestillinger til grunnbegrepene ‘oppdragelse,’ ‘undervisning’ og ‘kunnskap.’ » […]

Foreldrenes rolle blir tilsvarende forandret. Forsøk på å lede barnet ut fra «fortidens ideal,» vil virke antikvert på personlighetsmarkedet.»

I ein artikkel i Norsk Pedagogisk Tidsskrift (3-4/2003), under tittelen «Pedagogikken – politikk eller vitenskap?,» gjev vår fremste skulehistorikar, Alfred Oftedal Telhaug, ei orientering om pedagogikkens posisjon i dei siste 50 år: Si stordomstid hadde denne i 1960-70-åra, og i fylgje Fredrik Thue, som Telhaug siterer, «spelte pedagogikken på lag med ei politisk venstrerørsle som delvis var slusa inn i ein ekspansiv velferdsstat.»

Denne pedagogikken har representert den «politisk korrekte progressivismen» i norske pedagogiske og politiske miljø dei siste 30 åra, og SV står fremst i rekkja blant forsvararane av han.

«Kunnskap er så mye mer enn det som fremkommer gjennom internasjonale målinger,» seier Rolf Reikvam i eit innlegg i Aftenposten. Han etterlyser «et bredt kunnskapssyn» – i samsvar med læreboka for «den progressisve pedagogikken,» der stikkorda er «Helhetlig kunnskap,» «Det hele menneske» og «Helhetlig vurdering.»

I denne skulen er metodane hovudsaka, og «Veiledning» pedagogikkens høgste stadium.

I den tradisjonelle skulen rår «Den privat-praktiserende læreren,» og han høyrer, i fylgje ein framståande SV-ar, heime på Folkemuséet. Og då det vart slege til lyd for at elevane i norsk skule burde lære nokre vers, gjekk Reikvam straks ut og karakteriserte dette som «et aldeles håpløst forslag.»

Ein av dei som nyleg har kritisert den norske skulen, er professor i samanliknande utdanningsforsking ved Universitetet i Oslo, Arild Tjeldvoll. Han innleier ein kronikk i Aftenposten 21. mars med å seia at «den norske skolen ligger nede for telling.»

Men han hevdar at ei regjering av Arbeiderpartiet og SV vil verta nøydd til å endra skulen. Dette vil ei internasjonal, særleg ressurssterk foreldregruppe sørgja for: «Dens oppfatning av skolekvalitet ser nå ut til å influere på oppfatningen av standard hos mange lands skolepolitikere,» seier Tjeldvoll, «og det vil føra til press på nasjonal skolepolitikk i retning av internasjonal standard, og opprettelse av privatskoler som dekker disse foreldrenes behov umiddelbart.»

«Kvalitetsskulen» set andre krav til lærarane enn vi er vane med: «Kontrakten blir bare fornyet dersom læreren i praksis viser solid fagkunnskap, entusiasme, naturlig autoritet og innlevelsesevne i forhold til elevene, slik at de trives mest mulig mens de tilegner seg kunnskap,» heiter det i kronikken.

Dette er og ein moderne skule, men på ein annan måte: «Lærerne synes å mene at fagene kommer først og sist, prosjektarbeidet gjelder så lenge det tydelig bidrar til økte resultater på kunnskapsprøvene,» seier Tjeldvoll.

Presset for å få oppretta private skular her i landet, er sjølvsagt eit utslag av denne inter-nasjonale trenden. Mange foreldre og elevar er misnøgde med skulen slik han er. Einskapsskulen fungerte bra tidlegare. Men han gjer det openbert ikkje lenger. Skal han bergast, må det takast omsyn til kritikken.

SV har vilja framstå som Skulepartiet – med slagordet «Sats på skolen!» Men skuleprofilen til SV har lenge fått hard medfart i bøker og avisinnlegg, og i polemikken med fleire tunge fagfolk har partiets skulepolitiske frontfigur, Rolf Reikvam, vore svak. Skulen treng nok meir pengar, men slagord og raljering om puggeskule held ikkje mål i ein seriøs debatt.

Hallvard Hegna

---
DEL

Legg igjen et svar