BESØK: Representantane frå Irakiske Sosiale Forum meiner sivilsamfunnet må spele ei nøkkelrolle i gjenoppbygginga av Irak. Frå venstre

– Solidaritet er alt


Aktivistar frå sivilsamfunnet i Irak meiner det berre er grunnleggande menneskerettar som kan redde landet ut av krisa. No har dei ein plan.

Email: redaksjon@nytid.no
Publisert: 2014-10-31

Irak. Med den islamistiske ekstremistgruppa ISIS på frammarsj, frå Bagdad til Mosul, og med utskifting av regjeringa i Bagdad, er Irak si politiske skjebne igjen i verda sitt søkelys.

Den akutte situasjon var temaet då aktivistar frå eit breitt spekter av det irakiske sivilsamfunnet møttest i Oslo denne veka, i regi av det internasjonale nettverket Irakiske Sosiale Forum («The Iraqi civil society»,ICSSI). Til Ny Tid fortel aktivistane om store utfordringar for aktivistar i landet.

–Sivilsamfunnet i Irak er fanga mellom eit undertrykkande regime på den eine sida og sekteriske opprørsgrupper på den andre, seier den irakiske menneskerettsaktivisten Ismaeel Dawood frå ICSSI til Ny Tid.

Irakiske Sosial Forum deltar tre gonger under Globaliseringskonferansen i Oslo denne helga: Både fredag, under fridomsmarkeringa på Youngstorget kl. 13 lørdag 1. november og på avslutningsmøtet på Youngstorget kl. 14 søndag 2. november.

Abonnement halvår kr 450

Lyttar ikkje

Regimeskiftet i Irak etter den amerikanske invasjonen i 2003 gjorde sivil organisering mogleg, men fleire framsteg blir hindra av konfrontasjonane mellom myndigheiter og sekteriske ekstremistgrupper. Samstundes er samarbeidet med myndigheitene problematisk, fortel fleire av aktivistane til Ny Tid.

– Me opplever ikkje at me blir lytta til av dei irakiske myndigheitene. No har me fått ei ny regjeringa, men det er for tidleg å seie om det vil endre noko, seier Nadia al-Baghdadi frå miljøkampanjen Save the Tigris and Iraqi Marshes.

Etter mykje kritikk, blant anna for å ta vore ein kjelde til konflikt mellom dei ulike religiøse gruppene i landet, blei tidlegare statsminister Nouri al-Maliki pressa til å trekke seg i august i år. Torsdag førre veke annonserte den nye leiaren av landet, Haider al-Abadi, at den nye regjeringa var på plass.

Identitetskrise

Sjølv om krigen mot ekstremistane i ISIS og andre sekteriske grupper står høgt på dagsordenen, meiner Nadia al-Baghdadi, at den religiøse valden i landet er eit symptom på eit meir grunnleggande …


Kjære leser. Du har allerede lest månedens 4 frie artikler. Hva med å støtte NY TID ved å tegne et løpende online abonnement for fri tilgang til alle artiklene?


Legg igjen et innlegg

(Vi bruker Akismet for å redusere spam.)