Bestill sommerutgaven her

Slutten på den europeiske freden

UKRAINA / I året som har gått, har truleg 140 000 fått en altfor tidleg død. Kva har vi nå i vente?

For eit år sidan la Russland fram eit framlegg til traktatar som skulle regulera tilhøvet mellom Russland og NATO. Etter vel ein månad med forhandlingar stogga forhandlingane opp. Forhandlingane braut saman på «open dør»-prinsippet. Ukraina skulle stå fritt til å søkja – og få – medlemsskap i den vestlege militæralliansen.

Kort tid etter tok ein 75-årig periode med relativ fred i Europa slutt. Etter at våpna tagde våren 1945, har stormaktene unngått å trampa kvarandre for nære i open krigføring. Ein har drive nervekrig i Berlin. Ein har slege ned opprør i eigne klientstatar, som Hellas og Ungarn. Men i det store og heile har ein halde seg unna å investera for mykje militær og politisk prestisje der dette kunne invitera til overbod og direkte konfrontasjon.

Det viktigaste unntaket er Jugoslavia-krisa, og særleg den lovlause krigen mot Serbia i 1999. Denne krigen – og NATO-utvidingane kring tusenårsskiftet – er også ein viktig del av årsakene til den reaksjonen mot vestleg arroganse som Vladimir Putin representerer. Ein reaksjon som når det gjeld Ukraina er blanda med eit giftig, storrussisk syn på nabolandets historie. Makt-utan-rettpolitikken i Kosovo gav i tillegg Russland alle dei prejudikata dei trong i Donbass: Grenseflytting i suverene statar, maktbruk utan FN-mandat, og sjølverklært rolle som «beskyttar» i etniske konfliktar med store geopolitiske konsekvensar.

140 000 menneskeliv

I fjor på denne tida hadde krigen i Donbass allereide tatt 14 000 menneskeliv. Flest stridande (inkludert nokre hundre russiske «friviljuge»), men også tusenvis av sivile. Dette var allereide ein større, væpna konflikt i europeisk målestokk (under uroa i Nord-Irland frå slutten av sekstitalet til år 2000 vart det td. til saman drepe 3 500 menneske).

I året som har gått, har truleg 140 000 fleire vorte spadd ned i ei for tidleg grav. Og blodtapet held fram – ingenting tyder på at dei sentrale aktørane i denne krigen har fått nok av denne krigen.

Kva har vi i vente? Eg trur ikkje det nye året vil gje forhandlingar og fred. Krigen i Ukraina har vorte ein utmattingskrig, og dei som tek dei viktige avgjerdene – i Moskva og i Washington – er ikkje ferdige med å måla krefter.

Ukraina har som erklært mål å kasta russiske styrkar ut av det austlege Ukraina og Krim. Dei har drive russiske styrkar ut av Kharkiv-fylket, og ved å bombardera demninga i Khakova tvang dei russarane til å trekka seg tilbake frå områda vest for Dnjepr-elva i sør. Men utanom desse svært synlege ukrainske sigrane, har hovudmønsteret sidan krigen skifta karakter i mai vore ein seig artillerikrig der ukrainarane sakte, men sikkert blir dytta ut av Donbass. Det er veldig, veldig lenge til det igjen står ukrainske soldatar i Sebastopol.

Utmattingskrig

Russarane har på si side innstilt seg på utmattingskrig. Ammunisjonsfabrikkane går fem skift, og artillerigranatane regner i store mengder over dei ukrainske forsvarsposisjonane. Russisk økonomi klarar seg godt, og ei delvis mobilisering som fekk 300 000 mann inn i uniform att er gjennomført.

Medan dette pågår, studerer militære ekspertar i aust og vest mønsteret i den krigen som har pågått, og fristar finna akilleshælar dei kan nytta i neste fase.

Tre ting er avgjerande i dette dødelege spelet: Logistikk, presisjon og mobilitet

Tre ting er avgjerande i dette dødelege spelet: Logistikk, presisjon og mobilitet. Fronten ligg rett over grensa frå folkerike område i Russland, og ammunisjonstransportane kan gå på skjener til nær fronten. Deretter omlasting til lastebil. Russarane skyt truleg godt over 100 000 artillerigranatar eller rakettskyts kvar veke – og dette krev eit omfattande transportapparat.

Dette er årsaka til at Russland systematisk øydelegg elektrisitetsforsyninga i Ukraina. Den ukrainske artilleriammunisjonen må – sjølv om det dreier seg om mindre kvanta enn på russisk side – inn over grensa mot Polen, og deretter tvers over landet på jernbane. Ukrainske lokomotiv går på straum, landet har berre nokre få diesellokomotiv (og ikkje stor tilgang på diesel).

Den andre, kritiske faktoren er presisjon. Det er heilt avgjerande å ha nøyaktig posisjon, og råka målet. I byrjinga av krigen hadde ukrainsk artilleri suksess med å bruka droner til å lokalisera russisk skyts, som deretter vart teke ut med målretta eld. Men etter kvart fekk russarane drege i gang det omfattande apparatet for jamming av elektroniske signal, og ukrainske droner forsvann meir og meir som effektivt middel for å halda oversikt over fronten. Dei siste månadene ser det ut til at tilfeldig eld mot sentrum av Donetsk, faste mål (bruer og liknande) og anna slikt har kome i staden for russiske kanonar og ammunisjonslager – av mangel på identifiserte mål. Samtidig har russarane intensivert anti-batteriinnsatsen.

Dette gjer også mobilitet til eit nøkkelspørsmål. Radar nær fronten lokaliserer raskt prosjektilbanar – og reknar seg tilbake til utskytingsstad. Så får kanonar i området målkoordinatar – og få minutt etter at ein har skote, regnar granatane over utskytingsstaden. Då gjeld det å ha mobile kanonar.

Og slik held krigen fram. Kvar dag mistar nokre hundre, for det meste unge menn i uniform, livet. Og slik vil det halda fram utetter vinter og vår. Slik det er no, er dette førstevalet til stort sett alle politikarar, aust og vest. Hundre tusen fleire drepne vil ikkje forandra på dette.

Ein perfekt branntrekant

Så når tek dette slutt? Eg trur Obama peika på nøkkelspørsmålet i 2016. Obama sa at Ukraina for Russland handlar om svært viktige tryggleiksspørsmål, medan det same ikkje gjeld for USA. Difor vil Russland ha det Obama kalla «eskaleringsdominans». Kort sagt: Russland vil – uansett kva som skjer – by høgare enn USA, reint militært.

Men det ligg førebels litt opp og fram. Nett no er dette ein perfekt branntrekant – det er både open flamme, brennbart materiale og det blir pusta rikeleg med oksygen inn i flammene. Denne krigen vil brenna vidare til noko byrjar bryta i hop.

Denne krigen vil brenna vidare til noko byrjar bryta i hop.

Det kan vera det ukrainske samfunnet som ryr i stavar. Det kan vera NATO som gradvis blir ein «koallisjon av uviljuge» etter kvart som krigen brukar opp pengar og utstyr, medan europeisk industri går i stå på grunn av energimangel. Eller det kan vera at Russland byrjar gå i oppløysing. Eller at republikanarane stoggar pengeflaumen til Ukraina. I alle tilfelle: Mange tusen skal døy før ein av desse tinga skjer.

Om Russland er det som ryk først, vil svært mange naturressursar liggja der og venta på dei første som klarar å grabba til seg – om ikkje atomvåpenarsenalet blir utløyst på vegen. Det er nok i dette buet til at ein kan halda krigar gåande ein generasjon.

Om Ukraina er det som ryk først, vil Russland påtvinga Kiev ein våpenkvile. Og vi får ei koreansk fredsordning midt i Europa – med tryggleikssone og det heile.

Om Ukraina sakte sig i hop, og NATO blir ein «koallisjon av uviljuge», kan vi vera trygge på at leiarane våre ikkje har nokon plan B, når plan A er avlyst. Og då er det spørsmål om dei uviljuge likevel er viljuge til å bli dytta inn i slaget.

Uansett kan vi slå fast at vår generasjon etter 1991 hadde ein ærleg sjanse til å gjera slutt på den blokkpolitikken som har ridd Europa etter Tysklands samling. Vi valde å ikkje gjera bruk av denne sjansen.

Hans Olav Brendberg
Brendberg er lærer, oversetter og skribent. Var aktiv i RV og AKP i en årrekke, men har nå meldt seg ut.

Relaterte artikler