Skulepolitikken til SV – eit svar til Rolf Reikvam

7. mai svarar Rolf Reikvam på innlegget mitt i nummeret føreåt (SV-skulen møter ei utfordring). Han vel å tolka det som eit åtak på den progressive pedagogikken og ikkje på skulepolitikken til SV. No hevdar han at SV er nøytral i høve til pedagogiske metodar (nett som Kristin Clemet), og at SV er for kunnskap […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

7. mai svarar Rolf Reikvam på innlegget mitt i nummeret føreåt (SV-skulen møter ei utfordring). Han vel å tolka det som eit åtak på den progressive pedagogikken og ikkje på skulepolitikken til SV. No hevdar han at SV er nøytral i høve til pedagogiske metodar (nett som Kristin Clemet), og at SV er for kunnskap i vanleg meining.

Polemikken millom Reikvam , Atle Måseide og andre har likevel ikkje gjeve dét inntrykket.

Det er elles ei vanleg oppfatning at SV er fremste forsvararen av den progressive pedagogikken. (I boka «Pedagogikkens elendighet,» av førsteamanuensis Kaare Skagen ved Program for læring og praktisk pedagogisk utdanning, Universitetet i Tromsø, er dette dokumentert på side 171 og 172.)

Kristin Halvorsens utsegner om «Høyres puggeskole» og Djupedals forvising av tradisjonell pedagogikk til Folkemuséet har skapt biletet av skulepolitikken til SV. Det viktigaste for «SV-skulen» har ikkje vore kunnskap i vanleg forstand. «Frå pedagog-hald blir det påfallande ofte argumentert på ein måte som inneber at ein meiner kunnskap og omsorg er uforeinleg,» seier Atle Måseide.

Når Reikvam no seier at SV vil fremja både «gamaldags» kunnskap og sosial kompetanse, so er dette nye tonar som eg helsar velkomne. Men fordi elevane seiest å vera so veldig ulike i måten å læra på, trengs det sokalla tilpassa opplæring – eit magisk pedagogisk konsept som krev mykje individuell undervisnig. Ein morgonkåsør harselerte soleis nyleg med stortingspolitikarar frå ulike parti, og teikna då eit bilete av Kristin Halvorsen, som gjorde forsøk med kor mange lærarar ho kunne få inn i eitt klasserom.

I 1999 og 2001 fekk fyrsteårsstudentar ved lærarhøgskulane dette reknestykket: «På ein skule er der 135 jenter og 115 gutar. Kor mange prosent av elevane er jenter?»

Kva kunne årsaka vera til at berre 29 % av lærarstudentane i 1999 greidde denne oppgåva, medan det var 31 % i 2001? – Hadde dei ikkje fått tilpassa opplæring? – Eller skuldast det at det finst mindre ansvar for eiga læring no enn det nokon gong har vore? (Studentane hadde vore igjenom ungdomsskulen og vidaregåande skule.) Den nymotens pedagogiske tenkjinga har elles ført til eit kundetilhøve millom elevane og skulen, og «kundane» bør ein ikkje setja krav til.

Når ein og tenkjer på den høge strykprosenten i norsk, er det ikkje underleg at det finst lærarar som presterer å gjera elementære feil i brev til heimane. Eg skal unnlata å nemna fleire døme på vankunne hjå dagens lærarar. Dette skaper uro om framtida for den norske skulen.

Kva skal då til for å skapa ein god skule? – «Folkevisdommen har alltid sittet inne med svaret,» seier landets fremste skulehistorikar, Alfred Oftedal Telhaug, i den ferskaste boka si, «Kunnskapsløftet – Ny eller gammel skole» (Cappelens Forlag 2005): «I generasjoner har den ytret seg ved alle middagsbord når skoledagen er blitt kommentert, og det har skjedd med denne setningen: Alt avhenger av læreren! Og nå har etter hvert denne innsikten også blitt påvist av forskningen, for forskningens eneste sikre funn om hva som gir gode læringsresultater, er at prestasjonene varierer fra klasse til klasse.» Den finske topp- plasseringa i dei internasjonale testane stadfester dette. (Dei finske lærarane har svært høg status.)

I 1974 sa utdanningsminister Bjartmar Gjerde at «vi har verdens beste skole.» Men dette var «på tross av lærerne!» I romanen Dalen Portland fortel Kjartan Fløgstad at «læraren var den aller mest hata og forakta. Meir enn kommunistar, direktørar, timeskrivarar, kontorfolk.» Det var fordi «læraren og lektoren skapte åndelege taparar,» refererer Jon Hustad i boka «Skolen som forsvann.»

I «Venstrestaten,» som professor Rune Slagstad skildrar i «De nasjonale strateger,» hadde læraren ein dominerande posisjon. Er det denne læraren Bjartmar Gjerde ser skeivt til?

Den norske skulen har vore utsett for eit gigantisk eksperiment som har gjort mange lærarar frustrerte: «Det finnes ikke mange stolte lærere lenger,» seier ein lektor som har sagt takk for seg etter 23 år i skulen. «Med møter, undersøkelser, rapporter, nye retningslinjer og stadig nye faglige betegnelser som du føler meningsløse, blir du fort utbrent.» (Aftenp. 15.12.04)

At læraren skulle deklasserast og lærarautoriteten byggjast ned, kan mest kallast eit brotsverk mot nasjonen. Oppgåva å atterreisa skulen må difor fyrst og fremst gjelda lærarutdaninga. «Utdanningsforbundet mener at én av fire lærerstudenter har så dårlige karakterer fra videregående at de ikke burde bli lærere.» (ingress i Aftenp. 1.09.04). Læraryrket er ikkje lenger eit aktverdig yrkesval. Ein kvinneleg lærar fortalde meg at elevane på ein ungdomsskule på Oslo vestkant lo av henne fyrste gongen ho kom inn i klassen som praktikant. Å verta lærar var «dumt.»

SV-leiinga bør vera klår over at skuleprofilen åt partiet kan støyta bort veljarar, ikkje minst blant lærarane. Dette meiner nok og Trond Bendiksen, Sørvågen, som og hadde eit innlegg i dette bladet då eg hadde fyrste innlegget mitt om SV og skulen (4.03). «Følg opp de gode idéene og glem ‘ikke-så-nøye-skolen.’ der ingen skal streve eller strekke seg etter noe!» seier han.

Det er fortalt om Johan Nygaardvold at han sa dette då Arbeiderpartiet fekk regjeringsmakt i 1935: «No må det vera slutt med toillet!»

Dette er og eit råd til SV i skulepolitikken, når partiet vonaleg går inn i regjering til hausten.

Hallvard Hegna

---
DEL

Legg igjen et svar