Skammeleg klimapolitikk

Nye tal syner at dei norske CO2-utsleppa auka med heile 24 prosent per innbyggjar frå 1990 til 2003, noko som gjer oss til ein soleklar versting blant industrilanda. På toppen av dette kjem truleg fleire sterkt forureinande gasskraftverk, initiert av Arbeidarpartiet og akseptert av den borgarlege samlingsregjeringa. Det er såleis ingen tvil om kva kurs […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Nye tal syner at dei norske CO2-utsleppa auka med heile 24 prosent per innbyggjar frå 1990 til 2003, noko som gjer oss til ein soleklar versting blant industrilanda. På toppen av dette kjem truleg fleire sterkt forureinande gasskraftverk, initiert av Arbeidarpartiet og akseptert av den borgarlege samlingsregjeringa. Det er såleis ingen tvil om kva kurs skuta har, og ein kan sanneleg spørje seg koss dette vanvettet kan halde fram i eit opplyst samfunn.

Skal vi klare å oppretthalde eit livskraftig, rikt og harmonisk Noreg i framtida, må miljøvern prioriterast. Då nyttar det ikkje å byggje gasskraftverk og ignorere buss- og banetransport, slik dagens leiarskap gjer. Ingen av regjeringsalternativa har eit fnugg av truverde i klimapolitikken; tvert imot må dei seiast å vere direkte miljøfiendtlege. Sjølv Erik Solheim vedgår at miljøpolitikken kjem til å bli problematisk for dei «raudgrøne», og Bondevik har, med sine utsegner og handlingar i gasskraftsaka, synt kor lett dei etablerte partia ofrar miljøet på maktas altar.

Etter stortingsvalet vil det kanskje ikkje vere ein einaste klimavaktbikkje igjen på Stortinget. Om SV, som i det minste har ein markert lysegrøn fraksjon, går i regjering med industrifanatikarane Ap, treng vi sårt eit visjonært, handlekraftig og kompromisslaust miljøparti i vippeposisjon.

---
DEL

Legg igjen et svar