Sa nokon grønt regjeringsalternativ?

Tri parti med særs ulik miljøpolitikk går no til val som det såkalla «raudgrøne» alternativet. Koss venstre/sentrum-alliansen har klart å lure «grøn» inn i namnet, kan ein jo undrast over. Det hjelper fint lite at to av kameratane har ein klatt grønt i bumerket sitt, og at minstemann i selskapet er litt over gjennomsnittleg glad […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Tri parti med særs ulik miljøpolitikk går no til val som det såkalla «raudgrøne» alternativet. Koss venstre/sentrum-alliansen har klart å lure «grøn» inn i namnet, kan ein jo undrast over. Det hjelper fint lite at to av kameratane har ein klatt grønt i bumerket sitt, og at minstemann i selskapet er litt over gjennomsnittleg glad i grøne åkrar, når den store divergensen partia imellom ser ut til å umogleggjere ei heilskapleg og pragmatisk miljøsatsing. Storebror Arbeidarpartiet er så oskegrått at nemninga «raudgrå» hadde vore langt meir passande.

Rett nok er Hallgeir Langeland og mange av hans partifellar gode miljøvernarar, men det er ikkje sterkare konsensus i SV enn at landsmøtet tidlegare i vår gjekk inn for bygging av gasskraftverk med dyr CO2-handtering, trass i at det er langt meir miljøvenleg og kostnadseffektivt å satse på varmepumper og andre alternative energikjelder. Sjølv om SV med dette provar at dei på langt nær er eit gjennomført miljøparti, er dei utvilsamt best av stortingspartia – eller minst dårlege. Det seier sitt om kor grått det politiske landskapet verkeleg er.

Med ei venstre/sentrum-regjering vil SV måtte ofre så mykje av ein frå før ikkje heilt konsekvent miljøpolitikk at det blir utopisk å tru at vi etter valet skal få eit grønare Noreg. Stoltenberg og Haga kjem til å trekkje i kvar si miljøfiendtlege retning – SV vil bli ståande i midten og rakne. At både Senterpartiet og Ap har gått inn for leiteboring i Barentshavet, taler sitt tydelege språk. Båe partia representerer særgrupper med interesser som stadig kjem i konflikt med miljøet, og det er nettopp slike såre saker dei vil gjere alt for å få trumfa gjennom. Steinar Lem frå Fremtiden i våre hender skriv i siste utgåva av Folkevett at «Alternativet er ikke grønnere enn jeg er på nesa.» Det er ein høgst rasjonell konklusjon som på ein god måte illustrerer miljøbløffen.

I september skal det norske folket velje mellom ei raudgrå Ap/SV/Sp-regjering og ein endå meir vekstorientert borgarleg blokk. Miljøet vil tape med både Bondevik og Stoltenberg i statsministerstolen, og det heile kan synast vonlaust for miljømedvitne veljarar. Kanskje er det difor på tide at vi òg i Noreg får eit tridje alternativ som korkje er raudt eller blått, men heilgrønt. Miljøpartiet Dei Grøne vil bli ei verdifull vaktbikkje på Stortinget no som SV må gje opp miljøengasjementet for regjeringsposisjon. «Kanskje kan vi om noen år takke SV for et halvstort og modent grønt parti i regjeringssamarbeid?» spør Steinar Lem. Svaret gjev veljarane 12. september, då dei ikkje berre skal røyste over skattesatsar og velferdskroner for dei neste fire åra, men òg vere med på å stake ut kursen for norsk miljøpolitikk i framtida og ta stilling til om kommande generasjonar skal få nyte godt av dei rike norske naturressursane eller ikkje.

Mats Indrefjord Høllesli er landsstyremedlem i Grøn Ungdom

---
DEL

Legg igjen et svar