Radikal jubel, moderat uro

Valsigeren til Syriza i Hellas og suksessen til Podemos i Spania byr på store problem for EU og Angela Merkel. Men dei kan òg bli ein like stor hovudpine for dei sosialdemokratiske partia i Sør-Europa. Her i Portugal aukar venstresida si optimisme.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Siger. «5 år med audmyking og kuttpolitikk er over!»
Det konstaterte den greske politikaren Alexis Tsipras (40) søndag kveld, etter at han på valdagen 25. januar kunne feire at den venstreradikale koalisjonen Syriza vant parlamentsvalet.
Med 149 av 300 representantar i parlamentet og 36,3 % av røystene gjekk den 40 år gamle leiaren for Syriza ut som den store sigerherren i Hellas.
Det blei likevel ikkje mykje tid til feiring for Syriza og Tsipras. Allereie dagen etterpå blei han tatt i eid som statsminister og leia av ein koalisjon med det høgrepopulistiske partiet ANEL (Uavhengige grekarar) som juniorpartner.
Fellesnemnaren for regjeringspartia i motstanden mot innsparingskrava og gjeldspolitikken frå Brussel. På onsdag haldt den nye regjeringa sitt fyrste statsråd.
Både frå Brussel og Berlin har Syriza sin valsiger blitt mottatt utan ovasjonar.
«Hellas må gå vegen mot økonomisk gjenoppbygging, og det inkluderer å halde seg til tidlegare inngåtte avtalar», var den lunkne reaksjonen frå Steffen Seiberg, pressetalsmann for den tyske regjeringa, ifølgje avisa Die Welt.
Med Syriza-sigeren og nye gryande venstrerørsler i Spania, har den nyliberale kuttpolitikken møtt stor motstand. Men det endra politiske landskapet kan bli eit vel så stort problem for søreuropeiske sosialdemokratar i krise.

Marsjen i Madrid
«Endeleg får det greske folket ein statsminister som representerer deira interesser og ikkje er ein representant for Angela Merkel,» sa Pablo Iglesias sundag til den spanske TV-kanalen La Sexta.

Generalsekretæren i venstrerørsla Podemos («Me kan») i Spania har vore støttespelar for Syriza heilt sidan partiet blei danna i januar i fjor. Røtene til Podemos strekk seg tilbake til dei store demonstrasjonane i Spania i 2011, som blei kjend under namnet «Los indignados» («Dei indignerte»).
‒ På kort sikt er Syriza sin maktovertaking svært viktig for Podemos. Om det får ein langvarig effekt, kjem an på om Syriza klarar å oppnå noko av det dei har lova, seier Agustín José Menéndez til Ny Tid.
Menéndez er professor i statsvitskap ved Universitetet i León og forskar ved ARENA-senteret for europaforsking ved UiO. Han følgjer søreuropeisk politikk tett.
Podemos har på eit halvt år fått over 300.000 medlemmar. På meiningsmålingane er dei jamstore med sosialdemokratiske PSOE og det konservative regjeringspartiet Partido Popular, som har styrt spansk politikk dei siste 30 åra.
Laurdag 31. januar organiserer dei ein demonstrasjon i Madrid under banneret «Endringsmarsjen», mot sparetiltaka som har prega Spania i regjeringstida til den konservative presidenten Mariano Rajoy.

Krisetid
Marsjen i Madrid kjem på eit tidspunkt kor dei tradisjonelle partia er i krise. Den konservative regjeringa gjorde i 2011 eit brakval, og det sikra seg eit reint fleirtal i både kongressen og senatet. Dei siste åra har vore prega av uro og økonomisk krise.

Dette er et utdrag fra Ny Tid 30.01.2015. Les hele ved å kjøpe Ny Tid i avisforhandlere over hele landet, eller ved å abonnere på Ny Tid -klikk her.




---
DEL