Professor som mørkemann!

Professor Nordby anklagar SV-leiinga for å ha vore for forsiktige og «ansvarlege» i valkampen. Radikale meldingar (voteringsresultat) frå SV sitt landsmøte er blitt neglisjerte, seier han. Analysen er grei så langt, men gjeld ikkje som forklaringsmodell for svakt valresultat. Dersom FOLKET hadde ønskt ei samfunnsutvikling som tok ei klårare venstredreiing, skulle RV ha auka og […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Professor Nordby anklagar SV-leiinga for å ha vore for forsiktige og «ansvarlege» i valkampen. Radikale meldingar (voteringsresultat) frå SV sitt landsmøte er blitt neglisjerte, seier han. Analysen er grei så langt, men gjeld ikkje som forklaringsmodell for svakt valresultat.

Dersom FOLKET hadde ønskt ei samfunnsutvikling som tok ei klårare venstredreiing, skulle RV ha auka og ikkje Ap. Eg tvilar sterkt på at FrP-auken kan forklarast med eit meir forsiktig SV, fordi dei utspela FrP kjørte på slutten av valkampen gjekk på lågare bensinprisar og alkoholavgifter. Dette er ikkje akkurat saker som SV har forlete.

Heile intervjuet med Nordby vert patetisk når han sjølv i innleiinga melder å ha røysta Ap. (Når Nordby hevdar han har røysta med KRAFT-partiet, reknar eg med at han har røysta AP; og støttar dei klassiske «kraft-demokratane». Viss ikkje, har han nytta feil metafor. Å evt. kalla RV for KRAFT-partiet i denne valomgangen, vert diverre feil. Dei hadde ikkje nok kraft til å koma på tinget ein gong!)

Men kva protest er det? Kor kvalifisert er ein då til å krevja SV-leiinga si avgang grunna manglande markering av reale (radikale) venstresosialistiske idear?

Mette Holmefjord Olsen er SV-medlem i Hordaland

---
DEL

Legg igjen et svar