«Passive myndigheiter»

Matproduksjonen står for minst ni prosent av dei norske klimautsleppa, halvparten av utsleppa frå vegtrafikken. Mindre kjøttproduksjon vil ha ein tydeleg klimaeffekt, meiner forskarar og sivilsamfunn.

Californiske kyr. Foto: Justin Sullivan/Getty Images/AFP
Ny Tid

Meldinga til landbruket og regjeringa har i lang tid vore klar: Meir korn, mindre kjøtt og mindre dyrking av myrområde kan gje ein tydeleg reduksjon i dei norske klimautsleppa. Likevel peikar få pilar i riktig retning.
Arne Grønlund, seniorforskar ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), har levert fleire rapportar om klimagassutsleppa i den norske kjøttproduksjonen, mellom anna til Miljødirektoratet. Han påpeiker at utsleppa kjem frå eit vidt spekter av kjelder, og det er fordøyelsen hos drøvtyggarane som er den største kjelda. «Om ein ønsker å redusere utsleppa frå landbruket, må ein redusere produksjonen av den maten som fører til dei største utsleppa. Ser ein på totalt konsum og utslepp per kilo vare, er det openbart at det er storfe, spesielt ammeku, som gir størst utslepp per kilo kjøtt,» seier Grønlund.
Ifølgje SSB sto jordbruket for 8,7 prosent av klimagassutsleppa i 2014, og størstedelen av dette er knytte til kjøtt. Desse tala viser likevel ikkje heile bildet: Produksjon og transport av for eksempel importerte soyabønner, ein viktig ingrediens i kraftfòr til både husdyr og fisk, er ikkje inkludert. Heller ikkje klimarekneskapet til importerte matvarer er inkludert. I fjor importerte Noreg 24 000 tonn kjøtt. Ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet ligg det så langt i år an til ei drastisk auke.

Trur på dugnad. Grønlund er ikkje imponert over norske myndigheiter sin vilje til å forbetre kjøttproduksjonen sitt klimarekneskap. «Slik eg ser det, har det offentlege vore svært passive. Me kan jo òg sjå en klar målkonflikt i politikken – ein vil auke produksjon av storfekjøtt, samstundes som ein vil redusere klimautsleppa. Det likevel fullt mogleg å auke matproduksjonen på andre måtar,» seier Grønlund, og viser til større produksjon av robuste grønnsakstypar og kjøtt med lågare utslepp, som svin og kylling.

«Meir korn, mindre kjøtt og mindre dyrking av myr kan gje ein tydeleg reduksjon i dei norske klimautsleppa.»

I ein rapport frå den anerkjente tenketanken Chatham House med tittelen Livestock – Climate Change’s forgotten sector viser at svært få, både i rike og fattigare land, tenker på diettval og kjøttkonsum som relevante for klimaendringar. Arild Hermstad i Framtiden i våre hender (FIVH) er ein av dei som prøver å endre det. Han meiner det bør skje meir frå politisk hald. «For meg verkar det som om politikarane er redde for å ta i denne debatten. Ein vil snakke mest mogleg om teknologi, og ikkje om livstilendring og forbruksendring.» Det meiner Hermstad er dumt. «Vi meiner det er bra å anerkjenne at folk si eigen innsats er viktig,» seier Hermstad.
Statssekretær Lars Andreas Lunde viser til at regjeringa har fleire tiltak for å gjere landbruket meir klimavennleg. «me har blant anna ei breitt samansett gruppe som skal sjå på klimaløysingar for landbruket, og i statsbudsjettet no ligg det pengar til eit pilotanlegg for biogass, det avfall frå landbruket kan vere med på å skape energi».
Lunde kan ikkje vise til konkrete tiltak for å få ned det norske kjøttforbruket, men er samd i at det er bra for miljøet om ein mindre kjøtt. «Det er ikkje gjort i ei handvending å endre folk sine matvanar, men me har klare tilrådingar på at folk bør ete mindre kjøtt. Dette er eit godt døme på at folk kan bidra til meir klimavennlege løysingar på eige initiativ,» seier Lunde.


Du har nå lest 4 frie artikler denne måned.

Logg inn (krever online abonnement, 69kr) for å lese videre.

DEL

Legg igjen et svar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.