Opent brev til Regjeringa

Den norske Nobel-komiteen har i år gjeve Fredsprisen til Mohamed ElBaradei og IAEA for kampen mot atomvåpen. Ein annan, som har vore kandidat til Fredsprisen dei siste åra for same sak, er Mordechai Vanunu, den israelske atomteknikaren som avslørte at Israel utvikla atomvåpen. For denne sivile ulydnaden vart han dømd til 18 års fengsel. I […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Den norske Nobel-komiteen har i år gjeve Fredsprisen til Mohamed ElBaradei og IAEA for kampen mot atomvåpen. Ein annan, som har vore kandidat til Fredsprisen dei siste åra for same sak, er Mordechai Vanunu, den israelske atomteknikaren som avslørte at Israel utvikla atomvåpen. For denne sivile ulydnaden vart han dømd til 18 års fengsel. I 12 av dei sat han i nærmast total isolasjon på ei lita einecelle. At mannen overlevde eit slikt overgrep mentalt tyder på sjeldan sjelsstyrke. I dag har Vanunu husarrest og begrensa rørelsesfridom etter endt soning. Han har heller ikkje ytringsfridom og rett til å uttala seg til utalandske media. Han har fleire gonger vorte arrestert for brot mot desse påboda.

Vanunu er i dag eit symbol for kampen mot atomvåpen. Han har gjeve uttrykk for at han gjerne vil emigrera, til dømes til Noreg, men det er nekta han av regjeringa i Israel. Han har likevel søkt om asyl i Noreg, men søknaden vart avslått av den siste Bondevik-regjeringa.

Vi ber her om at saka blir tatt opp igjen av Dykk og at de går i dialog med israelske myndigheiter slik at Vanunu kan få reisa frå Israel og koma til Noreg. Tidlegare har Dykkar medlemmer Åslaug Haga, Sp og Kristin Halvorsen, SV støtta kravet om asyl for Vanunu.

Vi meiner at Noreg har eit særskilt ansvar i denne saka sidan Noreg i si tid leverte tungtvatn og utstyr slik at Israel kunne utvikla atombomber.

Leiar Kjell Jamne for Haugesund SV.

---
DEL

Legg igjen et svar