Om å gå seg vill i ei ukjend verd

I eit innlegg i Ny Tid den 18. februar prøvde eg å ta opp følgjene av naturvernorganisasjonane sitt sterke press for ein restriktiv rovdyrpolitikk. Utmarka var i ein god økologisk balanse så lenge beitebrukarane forvalta utmarka sjølv. Store rovdyr slik som gaupe, jerv og ørn levde her og danna grunnlag for populasjonar som er blitt […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

I eit innlegg i Ny Tid den 18. februar prøvde eg å ta opp følgjene av naturvernorganisasjonane sitt sterke press for ein restriktiv rovdyrpolitikk. Utmarka var i ein god økologisk balanse så lenge beitebrukarane forvalta utmarka sjølv. Store rovdyr slik som gaupe, jerv og ørn levde her og danna grunnlag for populasjonar som er blitt problematisk under det regime vi har hatt i dei siste tjue år. Denne rovdyrpolitikken som er heilt mislykka, blir heldt oppe med sterkt press frå bl.a. naturvernorganisasjonane – til dømes WWF. Dei store dyretragediane med bufe og vilt, prøver dei bortforklara med å skylde på dårlege saubrukara eller med ein brutal naturmodell.

Rasmus Hansson frå WWF skriv 4. mars i Ny Tid om innlegget mitt. I staden for å ta opp den røyndommen eg legg fram, prøvar han å koke rovdyrsaka ned til ei symbolsak for plaga landbrukarar med press frå alle kantar. Han meiner at rovdyrsaka berre er ein funksjon av samfunnsutviklinga med meir byfolk som krev nokre rovdyr inn blant de andre dyra i utmarka. Tilslutt forsikrar han på vegne av alle i byen at dei vil oss så vel.

Det siste er eg sikker på er sant, og det er sjølsagt godt å høyre. Hansson skriv at dei fleste ikkje er nokon nikkersadel – slik eg i forrige innlegg skreiv noko om. Det er ikkje bra. Eg har stor sans for naturromantikarar, men eg vil ikkje ha dei til å styre utmarka mi.

Nei, Hansson, – å styre med naturen, eller med utmarka, vanleg folk si meining om dette må ha eit fastare grunnlag enn det å svara ja eller nei på eit spørsmål i telefonen.

Styringa av utmarka er inga lita sak. Rundt om i bygdene har vi titusenvis store og små eigarar, – og vi har truleg tjue tusen beitebrukarar i utmarka. Dei fleste vil bruke marka tradisjonelt, og nokre vil tjene nokre pengar på eigedommen. Alle vil ha inn skikkelege folk og ha marka åpen for turgang og bærplukking og anna opplevingar. Men dei vil sjølvsagt ikkje ha folk som vil styre eigedommen. Hundretusenar av bygdefolk brukar utmarka som nærområde, til rekreasjon og til nytte. Eg har aldri høyrt dei kreve fleire rovdyr – tvert om.

Det er ingenting med samfunnsutviklinga som krev fleire rovdyr i utmarka. Eg kunne heller trudd at ho krev nokre fleire dyreparkar og nokre fleire åpne gardsbruk med husdyr.

Ærende mitt er ikkje å drive ordkløyving hverken med Rasmus Hansson eller andre. Det er tid for å ta vekk nokre skylappar – ikkje minst inne i Stortinget – og sjå den tragedien som kvart år rammar tusenvis av bygdefolk og et femtitusentall beitedyr. Mange sauebruk legg ned drifta, når dei blir nådd av ein slik massakre – andre kan ikkje gje seg. Dei må berre håpa at rovdyra slår til ein annan stad neste år.

Heile rovdyrforvaltinga må legges ned. Resultata etter styringa deres gjennom meir enn tjue år, er direkte skandaløs. Alle dei «tiltaka» dei har prøvd seg på er nyttelause og tåpelege. Resultat: Hundretusener av drepne beitedyr, tusenvis av menneske i sorg og ruin, og tusenvis av øydelagde buskapar. Det må eingong vere nok. Milliardverdiar er brukt med negative virkningar.

Vi treng ein miljøpolitikk kor alle artar i landskap, i fjordane og til havs får eit vern. Men vi kan ikkje basera det på folkeleg utvalg av dei flottaste dyra eller naturromantiske spekulasjonar. Biologar som kan alt om gaupe eller varg kan brukas som konsulentar, men dei må ikkje styre politikken.

Øystein Ringaker er sivilagronom

---
DEL

Legg igjen et svar