Olav Rytter etter dramatiske veker i Praha 

Eit par dagar efter det russiske overfallet på Tsjekkoslovakia vart Noregs namn drege fram i den frie Praha Radio. Sendaren presenterte eit intervju med den norske pressemannen og utanriksredaktøren i vekeavisa Dag og Tid, Olav Rytter, som var i Praha. 

Berge Furre (1937–2016) var tidligere politiker, og med på grunnleggelsen av Sosialistisk Folkeparti (senere SV).

Publisert dato: 03/09/2018

ORIENTERING 7. SEPTEMBER 1968

Olav Rytters heilhjarta støtte til den lovlege regjeringa i landet vart kjent for millionar av tsjekkarar og slovakar. Orda hans nådde eit folk han kjende vel. Kring 1930 studerte han i Praha, og han var der under München-krisa 1938. I åra etter maktskiftet 1948 var han også i fem år sjef for FNs Informasjonskontor i Praha. Orientering spør:

– Norsk presse synte seg mindre «fri» enn Radio Praha. Da Rytter kom ut av Tsjekkoslovakia med siste tog før grensa vart sperra, fekk han sjå i norske aviser at han skulle ha kome i tvil om at det var rett å vera NATO-motstandar lenger:

– Sjølvsagt har eg ikkje sagt noko slikt, seier Olav Rytter til Orientering. Eg er like mykje mot norsk NATO-medlemskap no som før 21. august. Det var nettopp den blokkpolitikk NATO er uttrykk for som Tsjekkoslovakia vart offer for. Frasen om at «NATO tener freden» må iallfall vera gravlagd no. Det var nettopp det militære argument – om NATO – som russarane kunne bruka til påskot for å hersetja Tsjekkoslovakia. Noreg og Tsjekkoslovakia er begge utsette land i blokkpolitikken. Den strategiske situasjonen til Noreg og CSSR liknar kvarandre. Liksom Warszawa-alliansen er Tsjekkoslovakias problem, er NATO vårt. Det gjeld å unngå at vår allianse fører til ein like hard lagnad for oss.

– Men like sjølvsagt er det at dei som er med kampanjen mot NATO må drøfta det som er hendt og vurdera det politiske opplegget i lys av dei røynslene Tsjekkoslovakia-tragedien gjev oss. Truleg er det no blitt viktigare enn før å drøfta alternativa til NATO. Dessutan kjenner eg det slik at det må vera ei mest like viktig oppgåve å frigjera Tsjekkoslovakia fra Warszawapakta som å få Noreg ut av NATO. Rapacki-planen var mykje framme i ordskiftet mann og mann i mellom i Praha. Om Noreg kunne tre ut av NATO som ein lekk i ei nøytralisering av små land mellom aust og vest – også Tsjekkoslovakia – ville mykje vera vunne.

– Du nemnde alternativ til NATO?

Olav Rytter

– Ja, om det har meiningane i kampanjen her vore delte. Sjølv har eg halde på væpna nøytralitet, eventuelt som overgang til eit nordisk nøytralitetssamband. Og opphaldet i Tsjekkoslovakia styrkte meg i det. Demonstrasjonane i Praha mot okkupasjonen utvikla seg etter kvart til ein demonstrasjon for tsjekkoslovakisk nøytralitet. Dei tenkte seg Tsjekkoslovakia som lekk i ei nøytral sone, dei tenkte seg eit væpna nøytralt Tsjekkoslovakia som berre hadde seg sjølv å lita på. Da ville dei kunna møta fienden med våpen – ikkje som no og i 1938 og 1939 med plakatar og protestar. Både i 1938 og no var det alliansepolitikken som førde dei i ulykke. Dei mange tusen som bar merket med krav om nøytralitet på seg hadde større von om at den lina kunne tryggja fridomen deira.

– Førde intervensjonen til større sympati for USA?

– Dei eg snakka med, særleg yngre intellektuelle, berre bles av USA. Det gjekk rykte i Praha om at Sovjet hadde varsla USA føreåt om intervensjonen og den amerikanske ambassaden hadde ikkje varsla den tsjekkiske regjeringa. Det var ikkje i NATO landet søkte sine allierte. «Våre verkelege allierte er opposisjonen i Polen, Ungarn, Ukraina, Hellas, Spania – og Frigjøringsfronten i Sør-Vietnam. Må vi i eksil vil vår næraste lagnadsbror bll Andreas Papandreou – eit offer for blokkpolitikken på den andre sida,» sa ein av dei.

– Dubcek får ros i Morgenbladet.

– Eg spurde ein ven i Praha: Korleis kan det ha seg at det mest var uråd å finna ein einaste kommunist her i byen da eg var her i 1949, medan no går mest alle med partimerke? Er det så mange fleire partimedlemer no? Han svara: «Dei var nok like mange den gongen, men no er det ei ære å vera kommunist.» Mange av dei som før var mot det sosialistiske systemet er no for – det er mest uråd å finna motstandarar av sosialismen i CSSR i dag. Det nye partistyret har klart å vinna folkets tillit. Det klara ikkje Novotny og hans folk. Difor er Dubcek mykje farlegare for Morgenbladet og deira bakspelarar enn Novotny var. Morgenbladet veit ikkje kva dei gjer like lite som dei visste det da dei i 1938 ville gje Nobels Fredspris til Chamberlain for sviket i München – førre gongen Tsjekkoslovakia vart prisgjeve ei stormakt.

– SUF kritiserer Dubcek-regimet, hevdar at det er revisjonistisk og at det tener teknokratmellomklassens interesser.

– Her står det ikkje om revisjonisme eller ikkje, men om eit folks liv og sjel. Russarane har truga med folkemord – eg synest SUF kunne valt eit noko høvelegare tidspunkt for å bera plakatar mot Dubcek gjennom byen. Eg trur dessutan analysen deira er feil. Dubcek-styret har ført Tsjekkoslovakia eit langt stykke på veg mot det klasselause samfunnet ved å ta knekken på det tilstivna parti- og regjeringsbyråkratiet. I dag er det ikkje tvil om at den tsjekkoslovakiske arbeidarklassen står heilt og fullt bak Dubcek, Svoboda, Cernik og Smrkovsky. Arbeidarmilitsen, væpna kommunistveteranar frå dei fyrste åra etter verdskrigen, står i dag fullt og heilt bak den nye partileiinga.

Kva med tsjekkoslovakiske impulser til norsk arbeidarrørsle?

– Norsk arbeidarrørsle kunne henta rik inspirasjon frå den nye tsjekkoslovakiske partileiinga som vil gje «sosialismen eit menneskeleg andlet», eit av slagorda til Dubcek. Det vert fortalt fra tingingane i Cierna at Bresjnev var overlag fornærma over nettopp dette at Dubcek ville skapa ein meir human sosialisme til skilnad frå sosialismen i Sovjet. «Men er ikkje vi menneskelege vi da,» spurde Bresjnev – den gongen. 

Kommentarer