Offentleg sektor må rette ryggen

Det er på tide å stille ein del grunnleggjande spørsmål til den marknadsorienteringa som har ridd offentleg sektor dei siste åra. Skal kommunesektoren halde fram med å la seg dupere av organisasjonskonsulentar med erfaring frå det private næringslivet? Eller er det på tide å ta utgangspunkt i dei stolte tradisjonane i offentleg sektor og vidareutvikle […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Det er på tide å stille ein del grunnleggjande spørsmål til den marknadsorienteringa som har ridd offentleg sektor dei siste åra. Skal kommunesektoren halde fram med å la seg dupere av organisasjonskonsulentar med erfaring frå det private næringslivet? Eller er det på tide å ta utgangspunkt i dei stolte tradisjonane i offentleg sektor og vidareutvikle organisasjonsmodellar som tar omsyn til særpreget ved sektoren? Offentleg sektor har slett ikkje noko å skamme seg over om vi ser på kva den har skapt av velferd og fellesskap. Ei rekke internasjonale evalueringar plasserer dei nordiske landa langt oppe på lista over livskvalitet, og offentleg sektor er kjerna i den politikken som har skapt den skandinaviske velferdsmodellen.

«Bestillar» og «utførar»

La oss ta utgangspunkt i eit konkret eksempel frå Kristiansand. Etter initiativ frå dei tilsette lanserte kommunen for nokre år sidan eit prosjekt for å fornye og utvikle organisasjonen. Målet var å avbyråkratisere organisasjonen ved å delegere ansvaret nedover i systemet. Ein slik organisasjonsmodell byggjer på tillit til at mellomleiarar og tilsette tar ansvar for tildelte ressursar og disponerer dei til beste for brukarane og for samfunnet. Dei som er nærmast brukarane, har best innsikt i kva som trengst og kan best tilpasse knappe rammer til aktuelle behov.

Men delegasjonsprosjektet blei etter kort tid vridd til eit verktøy for innføring av den såkalla bestillar-utførar-modellen, og det skjedde utan debatt i bystyret. I helse- og sosialsektoren blei Enhet for behovsvurdering og tjenesteutvikling, EBT, oppretta for å ivareta bestillarfunksjonen. Viktige faglege avgjerder blei sentralisert til EBT, eit byråkratisk organ med over 20 nye arbeidsplassar. Dei som utfører arbeidet, må rette seg etter bestillinga og ikkje etter eigne faglege vurderingar i samråd med brukaren.

Det blir hevda at dei ytre etatane har fått større fridom ved innføring av bestillar-utførar-modellen. Men det er ein fridom til å tilpasse seg bestillinga, ikkje til å gjere eigne faglege vurderingar innanfor gitte budsjettrammer.

Legitime ønsker

Bakgrunnen for organisasjonsarbeidet i offentleg sektor er eit legitimt ønskje om betre kvalitet på tenestene og optimal bruk av ressursane. Men løysingar som er kopiert frå det private næringslivet, fangar ikkje opp dei utfordringane vi står overfor i offentleg sektor. Det er for eksempel ikkje uproblematisk å talfeste omsorg heilt ned til minste detalj. Dei som kjempar for kvantifisering og marknadstenking, hevdar at det ikkje finst noko alternativ om vi vil oppnå effektivitet og kvalitet. Men det opphavelege delegasjonsprosjektet i Kristiansand kommune var nettopp eit slikt alternativ.

Marknaden kan fremme effektivitet, men den har ikkje hjartelag og den fordeler ikkje godane til dei som treng det mest. Derfor innser mange at marknaden ikkje kan løyse dei oppgåvene offentleg sektor står overfor. Men marknadstenkinga har for mange blitt eit mål og ikkje eit middel. Når marknadstilhengarane ikkje får gjennomslag for privatisering og reell marknadsstyring, prøver dei seg med etterlikningar slik vi ser det i bestillar-utførar-modellen.

Ansvarspulverisering

Men slike etterlikningar fremmer ikkje effektivitet. Tvert i mot fører dei til oppretting av eit byråkrati som skal lage og kontrollere dei spelereglane som skal etterlikne marknaden. Ansvaret blir pulverisert og flytta oppover i organisasjonen. Og sist men ikkje minst blir organisasjonen og vedtaksprosessen dominert av ein terminologi som passar betre for økonomar og byråkratar enn for fagfolk og politikarar.

Bestillar-utførar-modellen har også splitta opp organisasjonen på ein måte som gjer det enkelt å privatisere dei avdelingane som utfører tenestene. Det skal ikkje stor fantasi til å sjå at dette var ein bevisst strategi for dei som kjempa fram modellen. Når etterlikninga av marknaden viser seg å slå feil, vil dei stå klar med krav om full privatisering i staden for å ta eit skritt tilbake og utvikle organisasjonen med basis i det som særpregar offentleg sektor.

«New Public Management»

Ein delrapport til den norske maktutgreiinga tar opp idégrunnlaget for omstilling av offentleg sektor ved bruk av organisasjonsmodellar frå privat sektor. Rapporten som er utarbeidd av Johnstad, Klausen og Mønnesland, peikar på at denne trenden som går under namnet New Public Management, fell saman med framgangen til den politiske høgresida.

Rapporten konstaterer at organisasjonskonsulentar frå privat sektor ukritisk har fått invadere offentleg sektor på tross av at det er forbausande lite empirisk grunnlag for dei tiltaka som blir foreslått. Tranøy og Østerud peikar i ein annan rapport på at New Public Management ikkje blir utsett for same kritiske refleksjon som andre organisasjonsmodellar. Konsulentar med erfaring frå privat sektor er opptatt av å evaluere effektiviteten i offentleg sektor basert på sine erfaringar frå næringslivet. Men vi manglar fullstendig ei evaluering av desse konsulentane og dei resultata dei har oppnådd.

Samfunnsansvar

Private bedrifter har som overordna mål å skaffe overskot til aksjonærane. I boka The Corporation presenterer forfattaren Joel Bakan fleire eksempel på at administrerande direktør har blitt straffa for å prioritere andre omsyn framfor utbytte til aksjonærane. Offentleg sektor har motsett utgangspunkt. Her skal ein ikkje skape eit overskot, men tvert imot bruke midlar til beste for trengande borgarar og for fellesskapet.

Kvifor er det så opplagt at offentleg sektor skal kopiere organisasjonsmodellar og leiarprinsipp frå organisasjonar som har det motsette utgangspunktet? Kanskje bør vi snu litt på flisa. Kanskje bør private verksemder lære litt om samfunnsansvar og tenesteproduksjon av offentleg sektor som har lange tradisjonar på desse områda. Men då må dei skunde seg før organisasjonskonsulentane og marknadsfundamentalistane har omforma offentleg sektor til ein dårleg kopi av privat sektor.

Offentleg sektor må vidareutviklast

Offentleg sektor må tilpasse seg nye utfordringar og omstille seg for å møte nye krav. Men dei marknadsorienterte løysingane som dominerer arenaen i dag, er ikkje eit veldokumentert svar på desse utfordringane. Dei er eit resultat av ein ideologisk kamp med utgangspunkt i miljø som har heilt andre mål enn å sikre tenestetilbod, velferd og fordeling.

Om venstresida vinn stortingsvalet vil det vere ei høgt prioritert oppgåve å vidareutvikle offentleg sektor med respekt for opparbeidd erfaring og med innsikt i den særeigne rolla sektoren har. Arbeidarpartiet har vingla i dette spørsmålet, men i opposisjon har partiet lagt seg på ei meir kritisk linje i høve til privatisering og marknadsliberalisme. Eit sterkt SV vil sikre at AP held fast på det sporet.

---
DEL

Legg igjen et svar