Kan det nye demokratiet i Nord-Syria overleve?

Den tredje tyrkiske invasjonen i Nord-Syria: redningen eller undergongen for ein ny type demokrati.

erlingfolkvord
Folkvord er politiker i partiet Rødt, og tidligere stortingsrepresentant.
Email: erling@erling.no
Publisert: 01.03.2018

20. januar 2018 starta den nest største NATO-hæren åtaket på Afrin med fly- og bakkestyrkar. Afrin, som er både ein by og eit distrikt i guvernementet Aleppo, er litt mindre enn Oppland fylke. Eg tar berre opp to emne her: særtrekka ved revolusjonen i den kurdiske delen av Syria i 2012 og den kurdisk-amerikanske alliansen mot IS (Den islamske staten) i Nord-Syria.

Revolusjonen i Rojava i 2012. Det blir sagt at ein revolusjonær situasjon oppstår når eit regime ikkje lenger er i stand til å herske på gamlemåten, og befolkninga ikkje lenger finn seg i å bli herska over. PYD (Det demokratiske einskapspartiet) greip dagen og timen da dei i juli 2012 meinte dette var situasjonen i Rojava, som er det kurdiske namnet på det tredelte kurdiske fleirtalsområdet lengst nord i Syria, langs grensa mot Tyrkia. PYD kravde at Assads væpna menn skulle forlate Rojava – utan våpen. Det var ikkje eit fullstendig brot med Syria, ikkje eit opplegg for å opprette ein kurdisk stat. Assad fekk behalde ein del av byen Qamishlo og litt til.

PYD mobiliserte mange i oppbygginga av ei ny samfunnsordning, men dei fekk òg mektige fiendar: Tyrkia, Assad-regimet, ulike jihadist-grupper og andre som slost mot både Assad og Rojava. Den frie syriske hæren (FSA) omfatta fleire grupper og fekk militær hjelp frå Tyrkia.

PYD har langsiktige mål som liknar mine idear om eit klasselaust samfunn.

Endringa av kvinnene si stilling er ei hovudsak i den nye samfunnsordninga. Ein kurdisk soldat sa det slik: «Det gir ikkje meining å snakke om demokrati viss kvinner ikkje har same rett og moglegheit til makt som menn har.» Kvinner som i dag har leiande verv i Rojava, seier at vegen dit blir lang; kvotering er ikkje nok. Delt leiarskap er ei nyvinning. Ei kvinne og ein mann delar leiarvervet. Dette er innført på ulike nivå i PYD, i nokre andre organisasjonar og i lokale og regionale styringsorgan. Fleire menn fekk ein nedtur da dei kom til vallokala i oktober 2017 – dei kunne ikkje lenger bruke kona sitt ID-kort og stemme for to. Mange kvinner kunne for første gong stemme sjølv. Frå dag 1 har YPJ – kvinnenes forsvarsstyrkar – vori sjølvstendig organisert, likestilte med YPG – folkets forsvarsstyrkar.

Den nye samfunnsordninga har fleire særtrekk enn dette: Alle styringsorgan er sekulære. Alle folkegruppene har same rett og plikt til å delta i samfunnsstyringa. Demokratiet skal byggjast nedanfrå. Avgjerder blir tatt på så lågt nivå som mogeleg. PYD har langsiktige mål som liknar mine idear om eit klasselaust samfunn.

I november 2012 gjekk det syriske flyvåpenet til åtak. Eg såg bombekratera i eit bustadområde og ved eit sjukehus i den kurdiske grensebyen Sere Khaniye. Nokre veker seinare prøvde FSA å ta byen. Dei kom frå Tyrkia med tanks og tunge våpen, og etter harde kampar vende dei tilbake dit. Året etter satsa Tyrkia på samarbeid med IS. I 2014 gjekk jihadist-gruppa frå siger til siger og erobra det meste av Nord-Syria. Tyrkia-allierte IS omringa det tredelte Rojava.

Alliansen med USA mot IS. I september 2014 starta IS offensiven mot Kobanê i den midtre delen av Rojava. Med kraftige høgtalarar ga dei militante islamistane klar beskjed til forsvararane: «Vi har 14 000 soldatar og 60 tanks. De er dømde til å tape. Overgi dykk.»

I den tredje krigsveka stod eg nokre hundre meter frå byen, på tyrkisk side av grensegjerdet. Kalasjnikovkulene frå YPG og YPJ kunne ikkje stoppe IS-tanks som nærma seg sentrum. Det var eit spørsmål om tid. Tyrkisk radio melde at IS alt hadde erobra Kobanê. Samstundes var situasjonen kritisk for USA. Våpen og milliardar dollar til væpna grupper i Syria var ein midtaustenfiasko. Amerikanske pilotar drap sivile og styrka sympatien for IS.

Eg har ikkje møtt nokon i Rojava som trur at USA slåst for anna enn sine eigne interesser i Syria.

Både USA og forsvararane ved Kobanê var i ein desperat situasjon. USA hadde bestemt seg for å drepe sin eigen baby, IS. Det lét seg ikkje gjere utan bakkekrig. Og berre YPG/YPJ, som ideologisk er tvillingar med USA-fienden PKK, kunne føre ein slik bakkekrig. YPG/YPJ såg på si side at dei ikkje kunne stoppe IS-hæren med berre kalasjnikovar og kampvilje. I Kobanê var det snakk om dagar. Dermed oppstod ein militær allianse som ingen hadde planlagt. President Obama vart taktisk alliert med ei revolusjonær rørsle som vil skape eit demokratisk, føderalt og samla Syria – det stikk motsette av USA sitt mål. Både USA og PYD gjekk til sengs med fienden.

I dag finst det ikkje tvil. Utan dei amerikanske flyåtaka som starta 3. oktober 2014, hadde IS erobra Kobanê. PYD og deira allierte i Nord-Syria har sidan 2012 berre hatt fiendar rundt seg. Frå veke til veke må dei vurdere og ta stilling til kortsiktige og langsiktige alliansar.

Eg har ikkje møtt nokon i Rojava som trur at USA slåst for anna enn sine eigne interesser i Syria. Politikaren Ercan Ayboga skriv at PYD er klar over risikoen som ligg i det militære samarbeidet med amerikanarane. Han understrekar at USA ikkje er for demokrati, og at USA sine interesser står i motsetning til interessene til kurdarane og dei andre folkegruppene.

Han seier at PYD snakkar opent om risikoen, i eigne miljø så vel som offentleg. Han meiner dette er uvanleg når ei lokal makt samarbeider med ei stormakt. Det vanlege er å unngå å snakke om det, eller berre å nemne fordelane med samarbeidet. PYD si tilnærming heilt frå oktober 2014 gjer at befolkninga forstår både dei positive og dei negative sidene, at dei stoler på eigne krefter og ikkje på samarbeidet med USA, og at dei ikkje blir «skuffa» når samarbeidet tar slutt.

Ercan Ayboga seier det slik: Takk vere «revolusjonært diplomati», som ikkje endrar den revolusjonære kjernen, har det vori mogeleg å overleve under krigen i Syria og steg for steg utvikle ein ny politisk modell, først i Rojava og deretter i andre delar av Nord-Syria. Utan dette «diplomatiet» hadde IS erobra Kobanê hausten 2014. IS-kalifen i Raqqa og president Erdoğan – den nye sultanen i Ankara – kunne tatt fatt på neste etappe i kampen mot demokratiet i Rojava.

Kommentarer