Ny Arbeidsmiljølov

Bondevik-regjeringa har nyleg lagt fram forslag til ny Arbeidsmiljølov (AML), etter at Arbeidslivslovsutvalget (ALLU) hadde levert si innstilling i februar 2004. Heldigvis kan det sjå ut som om Regjeringa har tatt ein del av signala frå fagrørsla alvorleg. Men det er likevel langt att til å vere nøgde. I gjeldande AML slår formålsparagrafen eintydig fast […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Bondevik-regjeringa har nyleg lagt fram forslag til ny Arbeidsmiljølov (AML), etter at Arbeidslivslovsutvalget (ALLU) hadde levert si innstilling i februar 2004. Heldigvis kan det sjå ut som om Regjeringa har tatt ein del av signala frå fagrørsla alvorleg. Men det er likevel langt att til å vere nøgde.

I gjeldande AML slår formålsparagrafen eintydig fast at omsynet til dei tilsette er lovas grunntanke. Når lova nyttar omgrep som «full trygghet», «trygge tilsettingsforhold» og «meningsfylt arbeidssituasjon», er dette gjort for å tydeleggjere at det er arbeidstakaren som er den svakaste parten i avtaleforholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, og derfor har behov for det vernet lova gir.

Når den nye AML i tillegg skal sørgje for å «ivareta virksomhetenes og samfunnets» behov gir dette eit lova eit heilt nytt innhald, og ein ser konturane av ein ideologisk kamp for å redusere arbeidstakarane sitt viktigaste reiskap i arbeidet for eit humant og trygt arbeidsliv.

Regjeringa si arroganse blir tydeleggjort ved at ho ikkje ein gong bryr seg med å grunngje forslaget, men nøyer seg med å hevde at «når en lov for arbeidslivet skal utformes, kan det ikke bare tas hensyn til arbeidstakernes behov for vern». Kan det seiest tydelegare kva ærend Regjeringa går i?

Ein berebjelke i gjeldande AML har vore prinsippet om fast tilsetting. Det har likevel, i spesielle høve, vore mulig å tilsette i mellombels stillingar og ein har hatt reglar som er til for å hindre at vernet mot vilkårlege oppseiingar skulle kunne omgås ved bruk av tidsubestemte arbeidsavtaler. Dette vil no Regjeringa ha slutt på (!) og foreslår ein generell rett for verksemdene å opprette mellombels stillingar – under dekke av bl.a. mellombels tilsette «får mulighet for å vise sine kvalifikasjoner». Med ei slik grunngjeving blir i praksis den i dag regulerte prøvetida utvida frå seks til atten månader.

Regjeringa har moderert tidlegare arbeidsminister Victor Normann sitt totale frislepp med omsyn til bruk av overtid. I Normann sine gjeldande reglar kan arbeidstakarar bli pålagde å arbeide opptil 72 effektive arbeidstimar i veka, 10 veker i strekk. Det taler Høybråten sitt departement til ære å ha sett at dette er rovdrift på arbeidstakarane, men går ikkje lenger enn til å halvere tida arbeidstakarane kan bli pålagde 72-timarsveke. Sjølve 72-timarsveka ønskjer altså Høybråten at skal vidareførast, trass i at Statens Arbeidsmiljøinstitutt under høyringa peikte på at forslaget opnar for arbeidstidsordningar som dei meiner er uforsvarlege. Vi har altså fått nok ein Arbeidsminister som ikkje vil høyre på Staten sine eigne arbeidslivsekspertar.

Sosialistisk Venstreparti i Vest-Agder vil derfor arbeide for at AML og i framtida skal framstå som ei vernelov, der omsynet til arbeidstakarane står i høgsetet.

Harald Hageland, Vest-Agder SVs Faglege utval.

---
DEL

Legg igjen et svar