NRK om Afghanistan

Av: Kristian Fuglseth Propaganda- og mediekrigane flimrar framfor oss – men volumet og avstanden gjer oss likesæle. Vi treng å vakne, stille kritiske spørsmål og sjå nøyare på kva som gøymer seg i flimmeret. Dokumentarskapar John Pilger sin tekst frå sist utgåve (Ny Tid nr. 11/15) syner behovet for å vakne or flimmerskodda. Når norske […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Av: Kristian Fuglseth Propaganda- og mediekrigane flimrar framfor oss – men volumet og avstanden gjer oss likesæle. Vi treng å vakne, stille kritiske spørsmål og sjå nøyare på kva som gøymer seg i flimmeret. Dokumentarskapar John Pilger sin tekst frå sist utgåve (Ny Tid nr. 11/15) syner behovet for å vakne or flimmerskodda. Når norske myndigheiter målber dei same NATO-historiene og verkemidla som mellom andre Pilger vitnar om, må vi spørje om den norske versjonen også er propaganda. Før Noreg trekte seg ut av Afghanistan for to år sidan, sende NRK nokre av sine mest erfarne journalistar til Faryab-provinsen for å undersøke korleis forholda eigentleg var. Dei ville undersøke om det var sanning i dei polerte og politisk korrekte uttalane frå regisserte nyheitsinnslag. Soldatane på bakken i Afghanistan hadde lenge meint at forsvarsleiinga og den politiske leiinga pynta på bilete av krigen, og no ville soldatane fortelje sin eigen versjon. Kommunikasjonsavdelinga i Hæren hadde fleire gonger spurt NRK om å lage ein substansiell dokumentar om Afghanistan. NRK hadde naturlegvis vegra seg av tryggleiksgrunnar, og fordi det ville bli på Forsvaret sine premissar. Då NRK til slutt tok avgjerda om å lage ein dokumentarserie, var det eit bidrag til samfunnsdebatten om norsk ISAF-innsats, og samstundes ein gjennomtenkt PR-strategi i Hæren sitt sjølvforsvar. Altså eit forsvar i mediekrigen, men også i den reelle krigen. Det gjekk nemleg ikkje så bra med fredsbevaring, kvinners rettar og demokrati i Afghanistan. Norske soldatar døydde, og det heile likna meir og meir på ein krig mot si hensikt. Norge i krig? Det tok fleire år før norske politikarar kunne erkjenne at Noreg var i krig. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg strekte seg til å kalle det krigsliknande handlingar. Men faktum var at norske soldatar døydde i Afghanistan i krigen mot terror. Forsvaret sitt oppdrag var å auke tryggleiken for sivilbefolkninga og gjere afghanarane sjølve i stand til å sikre og bygge opp att landet etter Taliban-regimets fall i 2001, men denne operasjonen hadde sin pris for Forsvaret. Det vert etter kvart klarare for NRK at eit samarbeid med Forsvaret kunne tene begge partar. Frå 2009 nådde debatten om Noreg sitt engasjement i Afghanistan nye høgder etter fleire dødsfall og svekka tryggleik. Debatten dreia seg rundt spørsmålet om Noreg tok del i ein krig, eller om styrkane i Afghanistan var fredsbevarande. Dei norske soldatane i Afghanistan stod midt oppi det dei skildra som ein krig, medan norske politikarar forsvarte innsatsen med at dei var ein del av den internasjonale fredsbevarande styrken. For at NRK skulle oppfylle sitt samfunnsoppdrag, i alle fall før TV2 kom dei i forkjøpet, måtte dei dokumentere meir av det som skjedde i Afghanistan. Det var jo også målet for Hæren. Debatten måtte reflektere meir innsikt om realitetane på bakken – gjerne slik soldatane kjende dei på kroppen. NRK sin dokumentarserie Norge i krig – oppdrag Afghanistan vart sendt mellom 25. april og 1. juni 2011. Ein av dei sentrale karakterane, oberst Rune Solberg, illustrerte motløysa som dei norske soldatane kjende på ved å skildre oppdraget slik: «Det handler om å sette en begrensning for det onde og fremme det gode.» Gjennom dokumentarserien fekk vi sjå korleis dette synet vart forsterka til ei fortvilt likesæle utan rom for kritiske spørsmål. NRK og Forsvaret. Dokumentarserien er eit godt døme på korleis ein mediekrig vert ei forhandling om sanninga. Interessant nok kan denne forhandlinga sporast til den skriftlege avtalen som vart skriven mellom NRK og Forsvaret før filminga starta. I avtalen står det klart kva som er målet for Forsvaret, og det er gjort greie for samfunnsoppdraget til NRK. Nokre punkt er forhandla inn frå Forsvaret si side, og andre punkt er skrivne av NRK. Begge partar måtte gje frå seg noko, samstundes som dei fekk noko attende. Balanse i dekninga er eit sentralt problem. NRK var avhengig av at Forsvaret sikra tryggleiken til journalistane, og måtte då gje frå seg fridomen til å snakke med sivilbefolkninga utan soldatane hengande over skuldrene. Forsvaret måtte derimot la soldatane snakke fritt til NRK, men karakterane var valde på førehand. NRK fekk høve til å filme alt som skjedde ute på oppdrag, men måtte akseptere at filmen skulle til gjennomsyn før sending. Det er vanskeleg å utføre samfunnsoppdraget i embeddingsystemet [innrullering, red.anm.], og det er sjeldan krigsreporterar lukkast i forsøket. Siste episode startar med ein tekstplakat der ei utsegn frå oberst Solberg er attgjeve: «Menneskerettigheter, kvinners rettigheter […] det er ingen vits å tenke tanken en gang.» PR-dokumentar. Kva var det NRK fann i Afghanistan? Stemde glansbileta frå nyheitsreportasjane? Langt i frå. Det var faktisk soldatane sjølve som fekk vere forteljarar i NRK sin dokumentarserie. Dei fortalde om ein altfor liten styrke til å gjere ein skilnad. Mellom linjene var bodskapen enda verre – nemleg at taktikken avla vold i staden for fred. Det var ein norsk styrke, malplassert ein stad dei ikkje fann seg til rette eller høyrde heime. Med problem ein ikkje visste korleis ein skulle løyse, og ein kultur ingen forstod. Høyrest dette kjent ut? Det er nok å bla seg attende til Pilger sin tekst. Hans forteljing om krig og propaganda – frå før den første krigen, og langt etter den siste. Der er mange slike forteljingar og dokument å velje mellom. Norge i krig – oppdrag Afghanistan fengsla publikum over tid, og når ein set dette inn i den legitime NRK-ramma i beste sendetid, gav det bodskapane og soldatane truverd. Det som kom fram var at soldatane og deira leiarskap også forhandla om sanninga. Soldatane måtte forsvare seg mot Taliban, men også mot den polerte NATO-propagandaen om det fredsbevarande i oppdraget deira. Dei fekk spørsmåla: Kvar blir det av freden, og kvifor vil den fattige lokalbefolkninga ta livet av dykk? Forsvaret for sin del hadde eit overordna mål om å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldande forsvarspolitikken, og skape interesse for og debatt rundt seg sjølve. Forsvaret ynskte å styrke omdømme, truverde og legitimitet. Auka kjennskap gav større aksept for Forsvaret si verksemd. Det fekk dei ved å dokumentere samfunnsverdien. Slik vart NRK-dokumentaren også ein del av mediekrigen, og rett og slett ein PR-dokumentar med Hæren som forteljar. Politikk og propaganda. Når NRK lagar ein dokumentar der Forsvaret er så tett involvert, vart dei vanskelege oppgåvene synlege, og Forsvaret sine utfordringar klare. Men NRK-serien var også med på å rette peikefingeren mot den vedtekne forsvarspolitikken. Dei polerte uttalane i regisserte nyheitssendingar heldt ikkje vatn då dei vart prøvd på bakken i Afghanistan. Også denne gongen sette ein i verk store militære operasjonar utan eit klart formål. Dokumentaren kunne vore tydelegare, men måten NRK løyste det på gjorde nok at forsvarsleiinga ikkje hadde anna val enn å la serien verte send. Frå dei første episodane fekk vi eit bilete av Forsvaret sine utfordringar, men ikkje før i dei siste episodane kom ei slags stadfesting av at sjølv om Forsvaret gjer så godt dei kan, vart dei sette til å gjere umoglege oppgåver. Politikken let seg ikkje gjennomføre. Siste episode startar med ein tekstplakat der ei utsegn frå oberst Solberg er attgjeve: «Menneskerettigheter, kvinners rettigheter […] det er ingen vits å tenke tanken en gang.» Politikken set soldatane i ein fortvilt situasjon, medan resten av oss går rundt her heime i ei likesæle, mysande inn i flimmeret frå den eine mediekrigen til den andre. Noreg svarar for NATO sin felles militære strategi, ein for alle, alle for ein – og den strategien inneber også at vi akseptere propagandaen. Seier NATO fredsbevaring, så er det eit fredsoppdrag. Er det ikkje eit paradoks – at trass i all informasjonen vi har tilgjengeleg, trass i at sanninga kanskje er klarare enn nokon gong, ser det likevel ut til at vi føretrekk den same propagandaen som vanleg?


Kristian Fuglseth er høgskulelektor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, forskar på politisk kommunikasjon og har skrive mellom anna «Dokumentar eller PR? Ein analyse av dokumentarserien Norge i krig – oppdrag Afghanistan» i boka Hvor går dokumentaren? Nye tendenser i film, fjernsyn og på nett.

---
DEL