Nato og regjeringsmakta

Dersom “Norge ut av NATO”-parolen blir stilt som eit ufråvikeleg krav i regjeringsforhandlingar med Ap i 2005, vil SV spele seg sjølv ut over sidelinja med omsyn til å påverke norsk utanriks- og militærpolitikk i den retninga SV vil gjennom ein auka kritikk og bevisstgjering,” skriv Hans Ebbing i denne kronikken.

Ny Tid

Så lenge Nato har eksistert, har USA hatt minst 90 prosent av den militære slagkrafta i alliansen, når vi ser bort frå Frankrike som står utafor den militære kommandoen. Det er vidare nedfelt i Nato si “grunnlov” at Nato sin øvstkommanderande i Europa, SACEUR (Supreme Allied Command Europe) alltid skal vere ein amerikansk general/admiral. Den som har rolla som SACEUR, vil samstundes ha rolla som øvstkommanderande for USA sine “nasjonale” styrkar i Europa. I dette er han direkte underlagt kommandoen i Pentagon utafor dei andre Nato-landa sitt mandat i Nato.

I praksis vil dette bety at Nato aldri kan gjennomføre aksjonar som USA er usamd i. På den andre sida vil det alltid vere mulig for USA å kople sine styrkar i Europa frå Nato-strukturen og bruke dei i krigar som andre Nato-land er usamde i. Det er difor ein illusjon å tru at dei andre landa i Nato på noko vis skulle kunne bruke Nato til andre formål enn dei USA er interesserte i.

Nato-pakta føreset at alle militære aksjonar i Nato-regi skal vere samrøystes (“ein for alle, elle for ein”). Ein kan derfor få inntrykk av at dei einskilde Nato-landa dermed har vetorett mot framlegg frå USA om krigsoperasjonar out of area. Men i den politiske røynda vil dette aldri fungere. For det første vil det berre vere ein allianse av andre stormaktar innafor Nato som vil kunne våge å fremje eit slikt veto. Presset frå USA vil då bli formidabelt. Ei “moralsk & humanitær stormakt” som Norge blir eit lett offer for slikt press. I ein situasjon med indre veto vil Nato vere i kaos og alliansen vil gå meir eller mindre i oppløysing av seg sjølv, “rotne på rot”. Den siste Irak-krigen gav ein forsmak på det. I kraft av sin fullstendig overlegne militære styrke kunne USA då sjå heilt bort frå kaoset og strukturen i Nato (SACEUR) og køyre løpet aleine – eventuelt saman med sin politiske puddel, Storbritannia.

USA har makta

På det militære planet har USA altså bukta og begge endene i Nato. Som verdsmakt vil USA aldri gi opp eit slik privilegium som SACEUR frivillig. Strukturen i Nato kan med andre ord berre endrast ved at styrkeforholda innetter i alliansen endrar seg radikalt – viss då ikkje alliansen i mellomtida er gått i oppløysing. For sjølv om USA har den fullstendige militære kontrollen, har landet likevel ikkje fullstendig politisk kontroll i Nato, noko Irak-krigen viste: Ikkje ein gong Tyrkia gjorde som USA sa. Med andre ord: Den krisa som til slutt fører til at Nato blir “avvikla”, som det heiter i SV sitt prinsipprogram, (kap. 4.3), vil vere ei politisk krise som følgje av motstridande interesser og nye styrkeforhold i alliansen. Finn Gustavsen gjorde for lenge sidan framlegg om at Russland burde bli medlem av Nato. Det ville ha vore flott, fordi det ville bety slutten på Nato, men diverre tilsvarande urealistisk. Russland ville sjølvsagt aldri akseptert USA sitt kommandomonopol (SACEUR) eller atom-monopol i Nato. Av same grunn er det utenkeleg, slik dei Nato-venlege i SV føreset, at Nato skulle kunne omdannast til ein alleuropeisk tryggingsorganisasjon saman med OSSE. Ikkje berre vil det bety at USA må gi avkall på sitt kommandomonopol i SACEUR. Det betyr òg at USA sin politiske innverknad i Europa blir vesentleg redusert. Og då er vi framme med den andre sida ved Nato: Nato si politiske rolle.

Politikken

Vi har altså sett at USA brukar Nato etter sitt eige godtykke. Då dei andre Nato-landa til saman berre har om lag 10 prosent av den militære slagkrafta i alliansen, kan USA sjå på deira militære bidrag som “irrelevant”, ikkje minst etter at USA har fått basar i alle dei sentralasiatiske statane i den tidlegare Sovjetunionen, på Balkan, Afghanistan og no i Irak. Derimot vil Nato si politiske rolle framleis vere nyttig for USA: For det første legitimerer Nato USA si leiande politiske rolle i Vesten. Denne legitimeringa er svært viktig for at USA skal ha eit politisk grep på Nato-land i samband med internasjonale kriser, i FN osb..

For det andre legitimerer Nato USA sin kommando over alliansen sine atomvåpen (unntatt Frankrike sine), ved at USA har fått Nato til å godta førstebruk av atomvåpen som Natos eigen strategi. Dette har til dømes den humanitære stormakta Norge akseptert. Det bør Kristin Halvorsen ha i mente når ho skal forhandle med Jens Stoltenberg om ei sams plattform: Skal SV i ei slik regjering godta atomstrategien i Nato, eller skal SV reservere seg? Kan eit landsmøte i SV godta at SV gjennom regjeringsdeltaking, utan reservasjon, de facto aksepterer strategien med førstebruk av masseøydeleggingsvåpen? I “krigen mot terrorisme og vondskapens akse” er slik førstebruk ikkje rein teori, men ei reell muligheit som rykkjer nærmare ettersom nye, meir “operative” atomvåpen blir utvikla. Og det er openbert at slike våpen vil USA helst bruke i Nato-regi, for på det viset å gjere dei andre landa i alliansen moralsk og politisk medansvarlege når det først smell.

For det tredje: Den politiske utviklinga i Europa etter bortfallet av fellesfienden, Sovjetblokka, med utviklinga av Europa-Unionen og utvidinga av denne med statar frå den avlidne fellesfienden si interessesfære, gjer Nato si rolle i Europa mindre interessant reint militært, men di meir interessant politisk, sett frå USA sin ståstad. Sterke krefter i EU, særleg aksen Berlin-Paris, vil ha ein sams utanriks- og militærpolitikk i EU, slik framlegget til EU-grunnlov legg opp til. Dersom EU – eller i alle fall ein del av EU (viss vi får ein todeling av EU i ulikt tempo) – lukkast i dette, vil dette nye EU utvilsamt framstå som ein opponent til USA i verdspolitikken.

Drakamp

Dette vil USA sjølvsagt unngå. Det har difor i fleire år gått føre seg ein dragkamp i det stille mellom USA og EU om kva rolle Nato sine ressursar (infrastruktur, troppar, utstyr) skal ha i det nye EU-militæret og vice versa – utan at dei blir samde, sjølvsagt. Dette er ein konflikt som trugar heile ideen om sjølvstendige EU-styrkar utafor Nato-kommandoen.

Med Polen og dei baltiske statane både i Nato og i EU vil USA dessutan ha open politisk tilgang til dei interne drøftingane i EU og slik styrke sin innverknad i EU gjennom bakdøra. Nato vil då styrke aksen London-Warszawa i EU og svekkje aksen Berlin-Paris tilsvarande. Det svekkjer det politiske og militære EU-prosjektet og reduserer EU til ein lausare marknadspolitisk allianse som USA kan spele på og som faktisk har sams interesser med USA når det gjeld å fremje ein global marknadsliberalisme. Gjennom Nato blir Polen USA sin trojanske hest i EU. USA si favorisering av Polen i kjølvatnet av Irak-krigen talar sitt tydlege språk. Av same grunn er det USA (!), og ikkje EU, som er drivkrafta bak ønsket om Tyrkia sin medlemskap i EU. USA har altså sterke interesser av å halde politisk liv i Nato når dei militære interessene av Nato blir mindre. Samstundes vitnar ein slik strategisk situasjon om kor viktig det er at det finst vesteuropeiske land, som Norge, som står utafor EU og slik kan ha ei friare, meklande rolle i farlege stormaktskonfliktar, i FN og OSSE.

SV sin strategi

SV (og før det SF) sitt standpunkt til Nato har vore grunnleggande kritisk – ut frå ei forståing av denne militæralliansen sin funksjon i ein kamp om globalt hegemoni, atomstrategien osb.. Men den fløya i SV som har ivra lengst for eit regjeringsamarbeid med Nato-partiet Ap, har ønskt å mjuke opp denne kritikken. Også dei vil helst gjere Nato “irrelevant”. Den internasjonale utviklinga frå 1989 til den siste Irak-krigen derimot, bør gjere skepsisen mot Nato djupare.

På den andre sida har den forsvars- og militærpolitiske diskusjonen i Norge lenge vore frosen fast slik at ein politisk fungerande Nato-kritikk ut over eigne rekkjer har vore umulig å få til. Det skuldast primært at dei politiske styrkeforholda mellom høgre og det reelle venstre i norsk politikk ikkje på noko tidspunkt før i det aller siste, har hatt følgjer for kva slags regjering vi skal ha i dette landet. Den avmaktssituasjonen venstresida har stått i, har derfor munna ut i ein tilsvarande avmektig parole om “Norge ut av Nato”, sjølv om den har vore aldri så rett i samsvar med ei djupare forståing av kva Natos rolle er og har vore.

Utfordringa blir då: Korleis skal SV kunne kombinere ein aukande skepsis (ikkje berre i SV!) mot Nato med mulige regjeringsforhandlingar med sikte på å påverke norsk utanriks- og militærpolitikk i ei retning som svekkjer Nato og styrkjer forsvaret av Norge?

Vi er med andre ord i ferd med å få ein debatt om desse forholda på nye vilkår. Det nye er ikkje at USA og dei høgt utvikla kapitalistiske landa sin globale interessekamp skulle ha endra seg grunnleggande. Vesten, særleg USA sine reaksjonar på 11/9 og i krigen mot Irak, demonstrerer snarare ein lang historisk kontinuitet enn eit brot, slik Perry Anderson i siste nummeret av Vardøger viser (sjå Stein Ørnhøi sin kommentar i Ny Tid 6. juni).

Det nye er at venstresida, gjennom SV sin vokster, for første gong sidan 1961, då SF vart stifta, kan komme i posisjon for forhandlingar om regjeringsmakt etter valet 2005. Det gir den militærpolitiske debatten ein meir realistisk horisont for venstresida enn tidlegare.

Det er SV sin motstand mot den aggressive militærpolitikken frå USA og Nato som har gjort dette mulig. Men motstanden måtte først avklarast gjennom eit indre oppgjer i samband med krigen i Kosovo i 1999. Det la grunnlaget for partiet sin samlande motstand mot krigane i Afghanistan og Irak. Det var altså ikkje ei tilpassingsline til regjeringsmakt saman med Ap som skapte denne avklaringa i SV og gav grunnlaget for SVs vokster, men tvert om venstresida i partiet sin motstand mot å svekkje den klassiske antiimperialistiske profilen. For då fellesfienden og dermed den globale maktbalansen forsvann, vart den underliggande imperialistiske karakteren i USA sin dominans tydlegare også for folk som tidlegare ikkje ville sjå han. Nato fekk fri aksjonsradius for krigføring out of area. Det er altså den klassiske, antiimperialistiske profilen som har ført SV inn i ein posisjon som kan gjere regjeringsforhandlingar mulige i 2005. Samstundes kjempar eit samla parti for velferdsstaten. “Velferdsstat + antiimperialisme” er formelen for venstresida sin framgang, no som før.

Men det betyr ikkje at den strategisk rette parolen om “Norge ut av Nato!” er god politisk taktikk i den nye situasjonen! Dersom denne parolen blir stilt som eit ufråvikeleg krav i regjeringsforhandlingar med Ap i 2005, vil SV spele seg sjølv ut over sidelinja med omsyn til å påverke norsk utanriks- og militærpolitikk i den retninga SV vil gjennom ein auka kritikk og bevisstgjering. Militærpolitikken vil med ein slik aksjonsparole bli heilt overlaten til Nato-partia, som i 50 år tidlegare.

Nei til atomvåpen!

Korleis kan SV gjere framgang for sitt forsvarspolitiske grunnsyn i samband med eventuelle regjeringsforhandlingar? Svaret er opplagt: Ved å gjere det klart at SV ikkje kan sitte i ei regjering som godtar krigføring gjennom Nato utan eit klart mandat frå FN i samsvar med Folkeretten. Dette kravet, derimot, må vere ufråvikeleg.

Vidare må SV, i tilfelle dette kravet blir innfridd, eksplisitt reservere seg frå Nato sin atomvåpenstrategi (som i seg sjølv er i strid med Folkeretten). Dette inneber at dersom Norge blir dradd med i ein Nato-aksjon utan FN-mandat, må SV gå ut av regjeringa, noko partiet må gjere klart gjennom sjølve regjeringsforhandlingane. Viss ikkje, vil SV komme i djup konflikt med seg sjølv og slik ikkje berre øydeleggje for sin eigen framgang, men for sitt eige grunnlag og eksistensberettigelse. Ap etter Irak-krigen, der partiet først etter folkeleg mobilisering tok eit rett standpunkt, vil få store problem med å avvise dette kravet.

På dette viset kan regjeringsforhandlingar, same kva utfall, virke positivt med sikte på å få fram dei utanriks- og militærpolitiske motsetningane og slik auke det politiske medvitet om desse, noko venstresida vil tene på. Høgresida derimot, har alltid hatt interesse av å halde utanriks- og militærpolitikken utafor dei demokratiske prosessane og regjeringsspørsmålet. Det bør derfor ikkje vere Kristin Halvorsen si haldning.

Kommentarer
DEL