Når makteliten vil tukte folket

Ein kompakt maktelite i EU har kjempa for å få på plass ei grunnlov. Nokre få land, blant dei Frankrike og Nederland, valde å leggje forslaget ut til folkerøysting. Før innbyggjarane gjekk til urnene, trua leiande politikarar og dominerande media med eit europeisk ragnarok om folk var trassige og stemte nei. Men då nederlaget var […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Ein kompakt maktelite i EU har kjempa for å få på plass ei grunnlov. Nokre få land, blant dei Frankrike og Nederland, valde å leggje forslaget ut til folkerøysting. Før innbyggjarane gjekk til urnene, trua leiande politikarar og dominerande media med eit europeisk ragnarok om folk var trassige og stemte nei. Men då nederlaget var eit faktum både i Frankrike og Nederland, stod dei same leiarane fram og sa at alt er som før. Det meste vil gå seg til og bli som planlagt om ein tar tida til hjelp og satsar på meir opplysning.

Mange av kommentarane til folkerøystinga avslører ein urovekkjande mangel på respekt for veljarane. Alle slags forklaringar blir brakt til torgs for å så tvil om resultatet. Enkelte hevdar at framandfrykt og rasisme ligg bak. Andre meiner at veljarane er for lite opplyste og ikkje veit kva den nye forfatninga går ut på. Nei-veljarane trur dei stemmer mot marknadsliberalismen, men gjer i realiteten det motsette, blir det hevda. Ei anna populær forklaring er at folk protesterer mot dei nasjonale politikarane, ikkje den nye EU-grunnlova. Men det er ei forklaring vi snautt ser, nemleg at veljarane rett og slett har forstått kva som skjer og vil protestere mot lenger veg til makta og grunnlovsfesta forkøyrsrett for marknadskreftene og kapitalen.

Resultatet av ei intervjurunde blant nederlendarar som stemte nei til EU-grunnlova, harmonerer dårleg med det biletet makteliten ønskjer å skape. Dei fire viktigaste årsakene til å stemme nei var: Nederland får mindre påverknad (54%), dei store landa avgjer framtida i EU (52%), politikarane vil bestemme over hovuda våre (42%), og negativ kampanje frå nederlandske toppolitikarar (35%). Dette viser ei innsikt i utviklinga i EU som er fullt på høgde med den mange politikarar og kommentatorar har presentert i dagane etter folkerøystinga.

I tida framover vil vi få mange analyser som skal forklare det som skjedde i Frankrike og Nederland. Men det er eit enkelt faktum som vi kan konstatere utan analyser, og som det er farleg å bortforklare og neglisjere. Folkerøystingane viser uomtvisteleg at ein praktisk talt samrøystes maktelite er på kollisjonskurs med eit fleirtal av veljarane i sentrale land i EU. Det er underleg at så få kommentatorar legg vekt på denne innlysande og urovekkjande kjensgjerninga. Kanskje har det samanheng med at vi her nærmar oss ein av dei mest alvorlege og grunnleggjande veikskapane ved EU, nemleg spørsmålet om eit reelt folkestyre.

Det er allment anerkjent at dei nasjonale parlamenta i EU har fått redusert makt, samtidig som marknadskreftene og byråkratiet i Brussel har styrka sin posisjon. Mange hevdar at meir makt til EU-parlament vil kompensere for dette og redusere det demokratiske underskotet i EU. Men dei som satsar på at EU-parlamentet skal sikre folkestyret, overser eit helt fundamentalt poeng. Eit reelt folkestyre kan ikkje fungere utan eit felles offentleg rom der veljarane kan følgje den politiske kampen og møte dei folkevalde til debatt.

Det kan nok skapast eit felles offentleg rom for europeiske yrkespolitikarar, lobbyistar og mediefolk som lever av politikk og kan boltre seg i korridorar og møterom i Brussel. Men det skal meir til for å skape eit reelt folkestyre. Spørsmålet er om folk flest som ofte har nok med å klare kvardagen i eit stadig meir konkurranseutsett arbeidsliv, har ein realistisk sjanse til å delta aktivt i dei same debattane og prosessane. Kva arena skal dei bruke for å komme i inngrep med makteliten?

Den nye EU-forfatninga blei ikkje diskutert i eit felles offentleg rom der europearar flest engasjerte seg i utforminga. Derimot blei det sett i verk eit stort propagandaapparat då resultatet låg på bordet. Og då EU-parlamentet like vel leid nederlag, var det den franske regjeringa som tok konsekvensane, ikkje politikarane i EU-parlamentet. Det seier ein del om avstanden mellom EU-politikarane og veljarane.

Vi ser konturane av eit Europa med felles marknad og felles styringsorgan, men med aukande avstand mellom dei styrande og dei styrte, og mellom ulike samfunnslag. Konfliktlinjene i Europa kan i framtida gå langs andre grenser enn dei geografiske. Avstanden mellom dei europeiske nasjonane minkar, samtidig som dei økonomiske og sosiale forskjellane på tvers av landegrensene aukar. Kanskje er det her vi vil sjå dei nye konfliktlinjene i Europa om ikkje politikarane klarer å ta veljarane på alvor.

Vi ser ei stadig tettare kopling mellom den politiske og den økonomiske eliten. Samtidig ser vi at kapitalkreftene i aukande grad tar kontroll over media. Om dette er årsaka til at media ikkje klarte å bringe fram eit kritisk korrektiv i spørsmålet om EU-grunnlova, skal vere usagt. Men det er urovekkjande når eit så sterkt folkeleg engasjement blir neglisjert av media og dei etablerte politiske miljøa.

---
DEL

Legg igjen et svar