Moment for ein betre skule

Ein skuledebatt må til før ting blir spikra. Her er ti punk for ein betre skule.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Den sitjande regjeringa har varsla eit kunnskapsløft. Rapportar om dårlege resultat i ymse skulefag skremmer vettet av Clemet. Men no er det viktig med ein debatt før ting blir spikra. Lat det no ikkje gå for fort i svingane. Det tener i alle fall ikkje demokratiet på, og heller ikkje resultatet. Det ligg mykje god visdom i det gamle norske ordtaket «hastverk er lastverk».

Etter vel 80 år med samla erfaring i skulen – som lærar, rektor og som leiar av PP-kontor – vågar vi oss frampå med nokre synspunkt.

  • For det første: Det ser ut til at den generelle delen av noverande læreplan skal overleva. Den planen er god, men manglar noko vesentleg når den snakkar om «Det integrerte menneske». Kroppen er ikkje med. I antikken var det prat om «ei sunn sjel i ein sunn lekam». Dette balanserte. Men no er denne balansen fråverande. Fagplanen i L-97 for kroppsøving har rett nok med ein del viktige synspunkt, også slike som med fordel kunne ha stått i generell del. Vi gjer framlegg om at generell del får eit ekstra kapittel, kalla noko slikt som «Det kroppsmedvetne menneske» eller «Det helsesøkjande menneske».
  • For det andre: I forlenginga av dette kunne vi ha tenkt oss at kroppsøving og delar av heimkunnskap kunne bli eit nytt fag: Helsefag. Det ser ut til at stoda er slik at svært mange får slite med helsa framover på grunn av for lite mosjon og for mykje eller feil mat. Skal menneska og samfunnet ha glede og nytte av det andre som skulen gir, må skulen gjera ein innsats med helseførebyggjande arbeid. Det vil i praksis seia, litt grovt formulert, meir bruk av kroppen og matlaging med vekt på god, sunn mat. Dei andre sidene av heimkunnskapsfaget, til dømes den kulturelle delen, kan med fordel leggjast til samfunnsfag. Det er ingen ting i vegen for å ta timar på skulekjøkenet i dette faget, om nokon skulle meine det.
  • For det tredje: Da skulestart vart senka til 6 år, var det meininga at barnehagepedagogikken skulle følgje med. Vi meiner framleis at 6-åringar av mange grunnar høyrer heime i barnehagen. Men når det no ein gong er slik at 6-åringar har plikt til å ta til på skulen, har også skulen plikt til å møte 6-åringane på skikkeleg vis. Da vi tok til som lærarar først på 1960-talet, var det mykje prat om å vera skulemoden. Vi opplevde fleire gonger at skulepsykologen kom for å sjå om 6-åringane var skulemodne. Var dei ikkje det, vart det ofte rådd til utsett skulestart. Seinare har det vorte slik at skulen skal møte eleven på det nivået han/ho er. Dette synest rett, og det må vera retningsgjevande. Difor blir det feil når det no er snakk om systematisk leseopplæring for 1.klassingar. Språktrening? Ja vel, men ikkje systematisk leseopplæring. Vi har begge opp gjennom åra hatt mange førsteklassar – det kan til saman vera snakk om 10-15. Og vi har vore ivrige på å lære bort lesekunsta. Vår erfaring er at elevane lærer i ulikt tempo og til ulik tid. Nokre få kan lesa når dei kjem til skulen, nokre strever lengre enn dei andre med å knekke lesekoden. I den siste gruppa er det vanlegvis mest gutar. Og det er kanskje her regjeringsmedlem Clemet kan komma til å gjera seg skuldig i læringsvaldtekt. Elevane blir lesemodne til ulik tid, og det må regjeringssjefen ta inn over seg. Av dette følgjer også at prøver av ulikt slag frå utdanningsdepartementet, ikkje må komma for tidleg. Ein god reiskap for leseopplæring fekk vi etter å ha lært om LTG-metoden på 1980-talet. Den metoden gav meir armslag for å bruke fleire innfallsvinklar. Dei som kunne lesa, fekk gå vidare frå der dei stod, og vi kunne prøve ulike tilnærmingar på dei som strevde meir. Vi meiner at eit mangfald av metodar, der du tek omsyn både til taktil, visuell og auditiv sans er viktig. Å kjenne og respektere elevane sin heimebakgrunn for å setje undervisning inn i ein kulturell samanheng er òg viktig. Å lage tekster og skrive dei for å trene lesing høyrer med. Men det viktigaste for ein lærar er å vilje noko og krevje noko.
  • For det fjerde: Å gjeva nasjonale prøver og legge ut resultata må problematiserast. Vi opplever alt no at lærarar blir styrde av prøvene meir enn av læreplanane. Det vil vera eit kunnskapstap for elevane om det skal dreie seg mest om norsk, engelsk og matematikk. Og det vil gje signal også til dei at det er ikkje så nøye med resten.
  • For det femte: Det må vera slik at det skal vera vanskeleg å komma inn på lærarhøgskulane. Verkemiddel for å få til dette skal vi ikkje gå inn på. Det same gjeld sjølvsagt med dei som skal utdanne lærarane. Det var nokre år at mest kven som helst kunne bli lærar. Vi trur det var uheldig i ein del tilfelle. Kvaliteten på skulen avheng av dei som arbeider der, kunnskapen deira og visdomen deira. Vi treng lærarar som kan mykje, som er glade i ungar, og som klarer å få i gang læringsprosessar. Men som samtidig lar ungar vera ungar.
  • For det sjette: Det individuelle aspektet må ikkje få ta overhand i skulen. Frå ein skule med berre kateterundervisning og tavleundervisning held vi no på å snuble over i den andre grøfta. Det skal individualiserast slik at dei flinkaste kan få komma så langt som mogleg. Og elevane skal ha ansvar for eiga læring. Dette held ikkje, av fleire grunnar. Det går ut over dei svakaste, dei som ikkje klarer å organisere seg, dei som ikkje les så godt, og kanskje heller ikkje er motiverte for å arbeide med akkurat det som er meint. Nokon har sagt at kvaliteten på eit samfunn kan målast i høve til kor godt samfunnet tek seg av sine svakaste. Slik må det og vera i den norske skulen. Vidare: Gode fellesopplevingar er viktige. God samhandling i ein klasse eller ei gruppe gjev gode læringsresultat og dårleg samhandling kan bremse læring. Det er ikkje gjeve at individuell opplæring alltid får fram best resultat. Men hovudregelen er at individuell opplæring er, har vore, og vil alltid vera nødvendig om alle skal få utvikle sitt potensiale.

Dette gjeld både skuleflinke og dei som strever.

  • Derfor, for det sjuande: Når det gjeld dei som strever eller har større problem, er det å gå mange steg attende om retten til spesialundervisning skulle bli fjerna. Dei nye reglane om spesialundervisning som er foreslått, legg ansvaret enda meir enn før på foreldra for å sikre barnet sine rettar, og det er retteleg ille. For rettar er ikkje noko ein skal slåst og bruke mykje krefter for å oppnå. Tenk om det var slik til dømes i høve til helsetenesta om du er sjuk. Og rolla til pedagogisk-psykologisk rådgjevingsteneste blir også svært uklår slik framlegget er.
  • For det åttande: Læreplanen føreset ein elev som kjem til skulen nysgjerrig og med lyst til å lære. Læreplanen føreset vidare at eleven held fram med å vera slik. Dette biletet held ikkje samanlikna med det verkelege livet. For berre eit fåtal ungar er slik. Det har den seinare tida vore pedagogar som har gått laus på reformpedagogikken og gjeve denne skulda for alt som er trasig i skulen. Det er nok ikkje reformpedagogikken det er noko i vegen med. Denne syner oss at vi skal møte ungane der dei er; i kunnskapar, interesser, evner, som barn, og at vi skal motivere dei. Men det er ingen som har sagt at lærarane skal abdisere. Vi treng lærarar som er tydelege, som har godt oversyn, som ser ulikskapar, som er milde og faste, og som er drivande og ventar læring. Det er læraren som er fagpersonen, både på ungar og læreplan.
  • For det niande: Når læreplanen no skal reviderast, bør det delta gode «generalistar» i sluttarbeidet. Dei har ein jobb å gjera med å plukke vekk stoff frå overlessa planar og plukke vekk spesialstoff som overivrige fagmenneske har putta inn i ein plan for grunnskulen – stoff som godt kan vente til seinare skulegang.
  • For det tiande: Lat oss få sleppe å høyre at det er 12 elevar på kvar lærar i dette landet. Vi har eit grisgrendt land med lange avstandar i enkelte delar av landet. Vi får difor ein del små skular. Vi vil gjerne ha det slik at det bur folk i heile landet. Vi har ein skule der målet til no har vore å inkludere alle. Vi vil også gjerne ha det slik her til lands. Mange lærarar har timar i administrasjon, bibliotek og liknande. Innvandrarbarn treng både norskopplæring og morsmålsopplæring. Symjeopplæring krev fleire personar for å gjera bassengtreninga så sikker som råd. Mange lærarar arbeider deltid. Vi skulle gjerne ha sett reknestykket når alle desse momenta er tekne omsyn til. Mange skular slit med frustrert personale etter stadige nedskjeringar. Vi får neppe fleire flinke folk til å velje læraryrket når tilstanden er slik den er, og når styresmaktene er heilt blinde for kvardagen ute i kommunane. Lærarane treng konkret støtte i staden for kontroll og svelteforing.
---
DEL

Legg igjen et svar