Stridsvogner i forbindelse med Trident Juncture i Norge. NTB scanpix

Militærøvingar lagar ikkje fred


Opprustinga av Norden som ein militær aktør å rekne med er i full gong – og driv dermed opp spenninga landa imellom.

Jørdre leder Aksjonskomiteen mot NATO-øvinga Trident Juncture 18.
Email: ivar.jordre@student.uib.no
Publisert: 2018-10-01

NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt utover NATO-området. Out-of-area-strategien, ein nyare NATO-doktrine om å operere utanfor medlemsstatane sitt geografiske område, kom for første gang i praktisk bruk i Kosovo-krigen i 1999, og sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken: Alle har vore reine aggresjonskrigar og har ingenting med forsvar av til dømes Noreg å gjere. Likevel det er denne typen verksemd som no er berebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er «det nye NATO» si rolle på verdsarenaen.

To oppskakande og sterke døme på Noreg si deltaking i NATO sin out-of-area-strategi er åtaka på høvesvis Serbia i 1999 og ikkje minst på Libya i 2011. Frå FN-resolusjonen om ei flyforbodssone i Nord-Libya til fullt åtak og regimeskiftetaktikk var vegen kort – uhyggeleg kort. Når USA med Noreg på slep endrar intensjon over natta, utan nokon stortingsdebatt i det heile, vert forsvarsdoktrinen vår i praksis frå «landforsvar» til «leverandør av leigesoldatar i USA-imperialismen si teneste».

Manglande debatt

Heller ikkje store NATO-leidde militærøvingar og deira konsekvensar vekkjer særleg mykje debatt i norske mainstreammedia. I september 2017 gjekk «Aurora 17» av stabelen i Sverige, den største svenske militærøvinga sidan 1993. Meir enn 19 000 svenske soldatar øvde på krig i lag med 2000 soldatar frå USA, Finland, Frankrike, Norge, Danmark, Litauen og Latvia. Sverige har i seinare tid inngått offisiell partnaravtale med NATO-alliansen. 

Samstundes med Aurora 17 fann øvinga «Zapad» stad i Russland, som var enda større enn det svenske motstykket. Zapad – som tyder «vest» – er ei øving som vert gjenteke med nokre års mellomrom. Her simulerer russarane sitt eige eller randstatanes forsvar mot eit miltært åtak frå Vesten.

I oktober/november i år er det Noreg sin tur. Opp imot 40 000 soldatar skal operere tusenvis av køyretøy, 150 fly og 70 skip ulike stadar i Midt-Noreg. Gigantøvinga kalla «Trident Juncture 18» vert den største i Noreg sidan 1980-åra. Ein mindre del av øvinga skal gå for seg i Sverige, Finland, på Island og i Austersjøen, men Noreg er altså vertsnasjon. Medlemskap i NATO gjer med andre ord Noreg til ein USA-servil miljøsyndar og skattepengeslukar, med velvillige …

Abonnement kr 195/kvartal


Kjære leser. Du har allerede lest månedens 4 frie artikler. Hva med å støtte NY TID ved å tegne et løpende online abonnement for fri tilgang til alle artiklene?


Legg igjen et innlegg

(Vi bruker Akismet for å redusere spam.)