Matparadokset

Før klimatoppmøtet i Paris finst det ingen global strategi for korleis verdas matproduksjon skal bli berekraftig. Maten vår er klimaoffer, utslippsversting og ei hovudpine for klimadiplomatane.

Tørke i Manaus
Ny Tid

Ekstremvêr, flaum og tørke kan ifølgje FNs klimapanel bli ein langt større del av kvardagen vår i åra framover, og dei som produserer maten vår er blant dei fyrste som kan kjenne det på kroppen. Det gjer oppgåva med å skaffe nok mat i framtida til ei enno større oppgåve. Ifølgje FAO, FNs mat- og landbruksorganisasjon, må verda auke matproduksjonen med over 50 prosent for å kunne skaffe nok mat til over 9 milliardar menneske i 2050. Dette må skje samstundes som utsleppa frå landbruket må ned. I dag står kjøtt- og mjølkeproduksjon for 15 prosent av dei globale klimagassutsleppa. Når ein legg til anna landbruk, utslepp frå sprøytemiddel, avskoging, fiskeressursar og transport, blir matbordet sitt klimaavtrykk enno større.

Mot slutten av november kjem statsleiarar, ministarar, byråkratar, forskarar, aktivistar og næringsliv til å samlast på FNs klimatoppmøte i Paris. Av utkastet som ligg til grunn for forhandlingane, ferdigstilt under eit førebuande møte i Bonn i oktober, er det ein ting som kjem klart fram: Landbruket og mattryggleik kjem ikkje til å ha ein sentral plass i ein ny, global klimaavtale. Kvifor har maten vår blitt, med orda til den framståande klimaforskaren Bruce Campbell, «underdogen i kampen mot klimaendringane»?

Saken er åpen for Ny Tids abonnenter. Logg inn i toppmenyen eller tegn online abonnement (69kr) for å lese videre.

Kommentarer
DEL