Kvinnefiendtleg pensjonspolitikk?

SV er eit feministisk parti, det betyr at SV erkjenner at kvinner vert undertrykt politisk, kulturelt og økonomisk. Kampen for kvinnefrigjering er først og fremst ein kamp for rettferd. Ut frå eit slikt syn er det vanskeleg å støtte fleirtalet i LO-sekretariatet sitt forslag til pensjonskompromiss. Mot to røyster vedtok dei måndag 25. april 2005 […]

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

SV er eit feministisk parti, det betyr at SV erkjenner at kvinner vert undertrykt politisk, kulturelt og økonomisk. Kampen for kvinnefrigjering er først og fremst ein kamp for rettferd.

Ut frå eit slikt syn er det vanskeleg å støtte fleirtalet i LO-sekretariatet sitt forslag til pensjonskompromiss. Mot to røyster vedtok dei måndag 25. april 2005 ei innstilling til LO-kongressen, kalla Folkepensjon. Eg er stolt av at dei to er SV-arar.

Fleirtalet i LO-sekretariatet aksepterer kutt i dei økonomiske rammene for folketrygda, samstundes som pensjonen for dei med inntekt over gjennomsnittet vert betre. Dei vil og fjerne besteårsregelen. Dermed er dei på kollisjonskurs med både SV og store deler av grunnplanet i eiga rørsle. SV ønsker ikkje å innføre ein alleårsregel i tråd med forsikringstekniske prinsipp. Det er usolidarisk, og mange vil få lågare pensjon. Så lenge kvinner tener mindre enn menn, vil kvinner kome dårligare ut med ei slik ordning. Dette er ikkje kvinnevennleg politikk.

Folkepensjonen skil seg frå regjeringa sitt forslag på tre punkt. For det første er innsparinga noko mindre enn den regjeringa foreslår. For det andre er det gjort framlegg om pensjonsopptening for fleire grupper utan arbeidsinntekt. For det tredje vert det føreslått pensjonsutteljing for all inntekt over minstepensjonsnivå. Det skal gi ein betre fordelingsprofil fordi nokre lågtlønsgrupper og dermed kvinner kjem noko betre ut enn med regjeringa sitt forslag. SV sitt landsmøte vedtok ein annan pensjonspolitikk, som vi meiner tek meir omsyn til både kvinner og dei fleste menn.

Det er mykje som er uklart i LO-sekretariatet si innstilling. Eg vil trekke fram nokre moment, ved Folkepensjonen, som er særleg viktige for kvinner.

Besteårsregelen

SV sitt landsmøte gjorde eit klart vedtak om å halde fast på besteårsregelen, slik at dei tjue beste inntektsåra vert lagt til grunn for pensjonsberekninga. Besteårsregelen har vist seg å fylle nye behov, og må seiast å vere overraskande moderne. Mange har nytte av han.

LO-sekretariatet legg ikkje skjul på at besteårsregelen har mange gode sider. Lista over grupper som skal få kompensasjon fordi besteårsregelen fell bort, synliggjer kor mange som taper på å fjerne han. Det gjeld dei som har ufriviljug fråver og ufriviljug deltid, er arbeidslause, midlertidig uføre, på attføring og under utdanning.

Ennå fleire vil tape på å innføre alleårsregel; kunstnarar, frilansarar, bønder og andre sjølvstendige næringsdrivande. I staden for å sjå bort frå desse gruppene, burde LO sjå at dei kan vere gode alliansepartnarar. Deira pensjonar er verkeleg truga no, ettersom dei ikkje heller har nytte av lovfesta obligatoriske tenestepensjonar.

Besteårsregelen er som skreddarsydd til moderne kvinners livsløp. Kvinner går i større grad enn menn inn og ut av arbeidslivet og kvinner reduserer oftare arbeidstida i samband med omsorg for barn og/eller andre familiemedlemmer. Det har mellom anna resultert i at ganske mange kvinner jobbar 80 prosent når familien «krev» det. Dei tar med andre ord 6-timersdagen for eiga rekning.

Det umoglege prosjektet?

I staden for å slå ring om besteårsregelen, vil LO-sekretariatet på andre måter sikre pensjonen for folk som etter deira meining har «legitime grunner til varierande inntektsløp.» Kva kompensasjonsgrad dei kan forvente, vert det ikkje sagt noko om.

Eit anna forslag som i beste fall er uklart, gjeld pensjonspoeng for deltid og anna fråver. LO-sekretariatet seier at fråveret ikkje skal vere sjølvalgt. Det er nærast uråd å skjøne korleis LO-sekretariatets intensjonar kan omsetjast i praksis. Kva er eigentlig ufriviljug fråver? Kven avgjer om det er friviljug eller ufriviljug deltid? Aetat? Arbeidstakaren sjøl? Kva tenkjer LO-sekretariatet om alle dei som i dag jobbar utan kontrakt? Eller som får betalt får eit oppdrag, utan spesifisert timetal? Kva når såkalla ringehjelp ikkje tilkallast så ofte som forventa, eller alltid på lite høvelege tider?

Omsorgspoenga

Sidan 1992 har ulønna omsorgsarbeid for barn under skolealder gitt pensjonspoeng. I samband med pensjonsreformen vert det føreslått at berekningsgrunnlaget skal auke med ca 30.000, frå 4 til 4,5G. Dessutan skal tidligare inntekt kunne leggast til grunn, opptil eit beløp tilsvarande 6 G. Forslaget har fått motbør frå ulike hald, med påstand om at ei så god omsorgspoengordning kan freiste kvinner til å vere heime. I SV er vi ikkje bekymra for det. Heilt andre forhold avgjer korleis unge foreldre organiserer livet sitt.

Eg er derimot litt bekymra for kva LO-sekretariatet seier om saka: «Pensjonsopptjening ved omsorgsarbeid må sikres, men på en slik måte at arbeid er det som gir mest uttelling.» (mi utheving). Synes LO-sekretariatet også at forbetringa er for god? Ingen har, etter det eg veit, rekna på kor god forbetringa faktisk er. Ettersom forbetringa er eit alternativ til besteårsregelen, må forbetra omsorgspoeng samanliknas med gjeldande ordning av omsorgspoeng i kombinasjon med besteårsregelen. Forbetringa kjem neppe godt ut av det.

For dei fleste kvinner gir omsorgspoenga betre utteljing saman med besteårsregelen. Dei som tener godt kan sjå bort frå omsorgsåra med låg opptening, slik at disse ikkje reduserer alderstrygda. For dei som tener lite kan omsorgsåra vere mellom dei tjue beste og heve pensjonen meir enn med ein alleårsregel.

Besteårsregelen setter ikkje krav til når omsorgsoppgåver kal utførast utan at det får følgjer for pensjonen. Omsorgspoeng er for eksempel til lita nytte for foreldre som har behov for å redusere arbeidstida etter at borna har begynt på skolen. For mange er det lettare å vere i full jobb medan borna er små og er i barnehage, men det kan vere umogleg i samband med ei tenåringskrise.

Fordelingsprofilen

Forslaget om pensjonsutteljing for all inntekt over minstepensjonsnivå er Henriette Westhrin sin dissens i Pensjonskommisjonens innstilling, kalt Universell Folketrygd. Føremålet var å heve mange deltidsarbeidande kvinner over minstepensjonsnivå. Eg kjenner ikkje til konsekvensberekningar av forslaget. Kor mange kvinner gjeld det, og kva tyder det i kroner og øre? Det siste er mellom anna avhengig av pensjonsprosenten. Den er ikkje endeleg fastsett og kan endrast lett i etterhand. Det kan godt vere at grensa for avkorting mellom grunnpensjon og tilleggspensjon bør endrast, men det kan gjerast innanfor dagens system.

Det vert hevda at «alle vil få meir» med Folkepensjonen. Dette er illusjonsmakeri. Sjølvsagt kan ikkje alle få meir samstundes som det vert kutta i dei totale kostnadene.

Ein slik fordelingsprofil kjem fram ved å legge jamn inntekt gjennom heile livet til grunn. Det er det ingen som har!

Konklusjon

Det viktigaste kuttforslaget er såkalla levealderjustering. LO-sekretariatet støtter dette, men seier at førsetnaden er at «vi får et inkluderende arbeidsliv.» Det er lite som tyder på at vi i framtida får eit meir inkluderande arbeidsliv. Derimot har vi sett truverdige berekningar som viser at vi har råd til å vidareføre pensjonssystemet vi har i dag.

Difor må vi ta stilling til kva vi faktisk synes er bra, slik Kristin Halvorsen seier. Det gjer vi gjerne, og kompromissforslaga som kjem må vurderast kritisk. Det tek tid. Håpet er at LO-kongressen krev stortingshandsaminga utsett til hausten, slik at pensjon kan gjerast til valkampsak.

Oddrun Remvik, kvinnepolitisk leiar i SV

1

---
DEL

Legg igjen et svar