Kvar er framtids-scenarioa?

Både i Noreg og Europa er det få teikn til at flyktningkrisa i Middelhavet får varige politiske ringverknader. «Europa må planlegge for det usikre,» meiner scenarioforskar.

Full konfrontasjon i både Noreg og Europa om flyktningar får forskarar til å be om nye løysingar. Her frå eit kystvaktskip i Hellas 30.april. FOTO: Scanpix / Angelos Tzortzinis.
Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Det er eit kaotisk politisk landskap EUs kommisjonspresident Jean-Claude Juncker må konfrontere når han onsdag 13. mai skal lansere eit nytt forslag til ein felles europeisk flyktningpolitikk. Mens den italienske statsministeren Matteo Renzi samanliknar den europeiske reaksjonen på flyktningkrisa i Middelhavet med massakrane i Srebrenica i 1994, har eit stort fleirtal i EU-parlamentet gitt klar melding om at dei ikkje ønsker større endringar i asylreglane, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Samstundes melder Dagsavisen måndag 4. mai at det ambisiøse målet om å ta imot 10 000 syriske flyktningar kan forsvinne i forhandlingar på Stortinget. Sjølv om det er fleirtal i Stortinget for forslaget, skal kjelder i Arbeidarpartiet ha gjort det klart at dei kan komme til å fire på krava om dei kan få regjeringspartia med på eit breitt forlik. I helga vedtok Framstegspartiet eit soleklart «nei» til forslaget om 10 000 flyktningar. Om fleirtalet pressar gjennom forslaget, kan det føre til regjeringskrise, ifølgje Dagsavisen. Kvar går vegen ut av kaoset? Nye modellar. Ein av dei som frustrerer seg over den tilsynelatande fastlåste situasjonen er Erik Øverland, forelesar ved Institut Futur ved Freie Universität og påtroppande sjefredaktør for European Journal of Futures Research EJFR. Han er ein av få som driv med scenarioforsking i Noreg, og etterlyser nye modellar for korleis ein skal takle flyktningstraumen. «Det me treng i dag er eit politisk framtidsverkstad på både europeisk og nasjonalt nivå. Ein må klare å tenkje flyktningbehandling utover asylinstituttet og dei må vere i stand til å ta innover seg realiteten, nemleg at millionar er på vandring og at dei fleste vil gjere ’alt’ for å få fotfeste i Europa,» seier Øverland til Ny Tid. Ny Tid skreiv førre veke at italienske myndigheiter meiner at det per i dag er nær ein million menneske som er klare til å krysse Middelhavet frå Libya, og at Den internasjonale migrantorganisasjonen (IOM) forventar ei dobling av global migrasjon fram mot 2060. I samband med dette etterlyste leiar i Kyrkjas Naudhjelp, Anne-Marie Helland, ein norsk og europeisk vilje til å tilpasse seg ei tid med fleire flyktningar. Ho kritiserte særleg Dublin-systemet, som gjer at ein asylsøkar blir returnert til det landet han eller ho fyrst søkte asyl, uavhengig av kapasitet eller noverande opphaldsstad. Dette fører til at ein relativt større del av flyktningane blir sende tilbake til land som Italia og Hellas, trass i at kapasiteten i desse landa er sprengt. Og det er dette systemet fleirtalet i EU-parlamentet og dei fleste regjeringane i Europa ikkje vil endre. Harde frontar. Erik Øverland er einig i kritikken frå Helland, og etterlyser vilje til å tenke nytt om det europeiske systemet. «Dagens asylordning gjennom Genève-konvensjonen gjer at mange kan bli på europeisk jord, men utan fulle borgarrettar og opphald i uverdige ventekøar gjennom fleire år. Kvifor er det ingen som diskuterer ulike scenarier for ein proaktiv europeisk innvandringspolitikk, som ikkje berre vil kunne gjere overflødig ein slik båtflyktningkatastrofe som me no er vitne til, men som òg kan gjere livet til desse menneska leveleg?» spør han.

«Det me treng i dag er eit politisk framtidsverkstad på både europeisk og nasjonalt nivå.» Erik Øverland

Ei forklaring på vegringa frå politisk hald kan ein finne i nettopp det parlamentet som førre veke avviste EU-leiinga sine tilnærmingar. Blant dei tydelegaste røystene var dei høgreradikale, som under EU-valet i 2014 gjorde brakval i fleire land. Under debatten førre onsdag markerte leiaren for det britiske høgreradikale partiet UKIP, Nigel Farage, seg då han erklærte at ei oppmjuking i den europeiske flyktningpolitikken var «ein direkte trussel om sivilisasjonen vår». Britane held parlamentsval i torsdag 7. mai, og den britiske statsministeren David Cameron, som kjempar mot UKIP om viktige røyster, har ifølgje The Guardian gjort det klart at det ikkje er snakk om å ta imot kvoteflyktningar frå britisk hald. I løpet av dei neste to åra er det nasjonale val i både Danmark, Frankrike og Nederland, som alle har sterke parti tufta på innvandringsmotstand. Det gjer at å gå med på ei oppmjuking kan bli svært kostbar, skriv Europa-redaktør Ian Traynor i The Guardian. Nye dimensjonar. Ifølgje Erik Øverland er det likevel ikkje berre den politiske viljen som er problemet. Han meiner òg at europeiske forskingsmiljø i for liten grad er i stand til å fange opp usikkerheit i kunnskapsutviklinga om framtida, og at dette er spesielt merkbart når det gjeld innvandring og migrasjon. «Det er ein grunn til at 10 000 syriske flyktningar blir eit kolossalt problem. Me har ein tradisjon for å tenke framtid basert på fortida, og då kjem sjølv ideen om ein slik beskjeden flyktningkvote som noko upårekna, som ei brå hending,» meiner Øverland. Det er framfor alt befolkningsframskrivingane Øverland kritiserer, kor statistikkutviklarar bruker historiske bakgrunnstal som grunnlag for å kunne simulere forventa innvandring i framtida. I Noreg legg Statistisk sentralbyrå (SSB) blant anna forventa inntektsforskjellar og økonomisk vekst i sendar- og mottakarlanda til grunn for analysen. Øverland meiner at det gjer framskrivingane mindre nyttige for politikkutvikling i eit lengre perspektiv. «Framskrivingane blir for eindimensjonale, og då øydelegger dei den politiske fantasien,» trur Øverland. Sannsynet. Marianne Tønnessen, demograf og ansvarleg for befolkningsframskrivingane i SSB, peikar på at det er svært vanskeleg å gjere utrekningar på framtidige flyktningstraumar. «Det er svært mange faktorar som speler inn. Ein må kunne seie noko om kor mange og kor store krisar ein vil få, kor mange som vil bli drivne på flukt, kor mange som vil komme til Noreg og kor mange som vil få opphald. Alt dette gjer framskrivingane usikre,» seier Tønnessen til Ny Tid.

«Det handlar om å endre framtidsutsiktene til dei potensielle flyktningane.» Grete Brochmann

Ho er einig i at framskrivingane ikkje egner seg fange opp plutselege endringar i innvandringane, men kjenner likevel ikkje igjen i kritikken frå Eirik Øverland. «Me forskar på kva som vil vere mest sannsynleg, og når ein skal drive praktisk politisk planlegging er det dei mest sannsynlege utfalla som er viktige», som føyer til at «det er òg ei grunnleggande erkjenning i samfunnsvitskapen at ein ikkje har høve til å føresjå alt. Til røtene. Endringar i flyktningstraumar har og vil ha store konsekvensar for norsk økonomi. Trass i at flyktningar dei siste åra har utgjort mindretalet av innvandrarane til Noreg, er det dei som set det største økonomiske fotavtrykket. I det såkalla Brochmann-utvalet sin utgreiing frå 2011 kjem det fram at dei ikkje overraskande er denne gruppa som deltek minst i arbeidslivet, og at dei i langt større grad enn arbeidsinnvandrarane blir ein økonomisk byrde for staten. Sosiologi-professor ved UiO Grete Brochmann forskar på innvandring og leia fram til 2011 utgreiinga nemnt over. Ho meiner i likskap med Marianne Tønnessen at det er vanskeleg å lage treffsikre analysar om framtidas flyktningstraumar. «Men,» seier ho til Ny Tid «det hindrar ikkje at ein bør vere langt meir førebudd enn i dag. Det handlar om Dublin-systemet, som i dag er dysfunksjonelt, men òg om å arbeide meir med såkalla «root causes» – røtene til problema, økonomisk og politisk». Etterlyser melding. Det er lenge sidan det blei gjort eit større offentleg arbeid for å utforme ein heilskapleg flyktningpolitikk. Ein må tilbake til 2004, då Stortinget fekk overlevert forslaget til ein ny utlendingslov. Sidan den gongen har migrasjonsmønstra endra seg, og  Grete Brochmann meiner det vil vere fornuftig å starte eit utgreiingsarbeid for å bidra internasjonalt til å takle flyktningstraumar på ein betre måte i framtida. «Eg meiner det ville ha vore klokt å sette ned eit uavhengig ekspertutval som kan sjå på flyktning- og asylpolitikken,» seier ho. I ein epost til Ny Tid skriv kommunikasjonsrådgjevar Tonje Torsgard i Justis- og beredskapsdepartementet at det per i dag ikkje er planar om nye utgreiingar om framtidig flyktningutfordringar, men at «flyktningsituasjonen jamleg blir analysert».


Dublin-konvensjonen og EU

Dublin-konvensjonen kom i stand i 1990 har blitt utvida fleire gongar. Regulerer korleis ein skal behandle asylsøknader i EU, Island Sveits og Noreg. Stadfestar at asylsøknader som bli behandla i det landet søkaren kjem til. Kontroversiell, fordi dei søreuropeiske landa må ta ansvar for store delar av flyktningane.


  Østebø er journalist i Ny Tid.  

---
DEL