Kva gjer vi med makta vi har fått?

SV er altså for første gong med i regjering. For alle som har vore med i SV ei stund, må det opplevast som ein viktig milepæl. Eitt av hovudformåla med å driva partipolitisk arbeid må jo vera å få politisk makt. Sjøl om ein del SV-arar kan ha drøymt om regjeringsmakt, kan knapt nokon ha […]

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

SV er altså for første gong med i regjering. For alle som har vore med i SV ei stund, må det opplevast som ein viktig milepæl. Eitt av hovudformåla med å driva partipolitisk arbeid må jo vera å få politisk makt. Sjøl om ein del SV-arar kan ha drøymt om regjeringsmakt, kan knapt nokon ha tenkt seg at vi kunne få det utan å måtta dela med andre. Og ingen kan for fullt alvor tru at SV som medlem av ei koalisjonsregjering vil kunne sleppa å unngå kompromiss. Og at ein del av kompromissa kan vera harde å svelga. Som for eksempel at å få til eit meir rettferdig skattesystem er uhyre vanskeleg. Dei rike vil nesten alltid komme unna på ein eller annan måte.

Det er slett ikkje desse sjølvsagte tinga som gjer at SV i regjering til nå har skuffa mange av oss trufaste medlemmer og tilhengarar. Det er først og fremst ein del utspell som har forbausa oss og gjort oss nærmast pinleg berørte. I nesten alle er den såkalla kunnskapsministeren Øystein Djupedal sterkt involvert.

Korfor eit sosialistisk venstreparti skal kjøra opp som ei fanesak at engelsk skal vera einaste obligatoriske fremmendspråk i ungdomsskolen, er for mange av oss vanskeleg å forstå. Og det blir vanskelegare å skjønna for kvar gong Djupedal forsøker å forklara dette påfunnet. Som altså til og med har fått gjennomslag i erklæringa frå Soria Moria. Spesielt for eit sosialistisk parti med sunn skepsis til den amerikanske dominansen som omgir oss på alle kantar og på alle område, må det vera litt av eit tankekors at det bare er språket til den militære og kulturelle supermakta som skal vera obligatorisk for norske skoleelevar.

I det minste kan ein seia om denne fikse ideen at den faktisk er ein del av erklæringa frå Soria Moria. Såleis har partifelle Djupedal i det minste ryggdekning for strevet med å bli kvitt fransk, tysk, spansk, russisk eller andre plagsame innslag i skolekvardagen, same kor uforståeleg det er. Men på eit anna viktig område handlar Djupedal og regjeringa vår stikk i strid med det som står i erklæringa: Lovnadene om å styrke vaksenopplæringa er alt gløymde! I staden har Djupedal og regjeringa valt å oppretthalde Bondeviks framlegg om nye drastiske nedskjeringar i støtta til frivillig vaksenopplæring! Under fjorårets budsjettbehandling gjekk partigruppene i KUF-komiteen inn for å auka løyvingane til studieforbund med opptil 25 millionar kroner frå 2004-nivå, mens forslaget nå inneber ein reduksjon på 54 millionar!

At dette kjem på toppen av nedskjeringar gjennom fleire år og rett og slett kan føra til rasering av store delar av det som ennå finst att av slike tilbod, er tydelegvis ikkje viktig nok til at regjeringa i det minste kan spa opp nok pengar til å halda støtta på årets låge nivå. Dette er faktisk ikkje til å begripe! Dette aleine kan faktisk få gleda over å ha fått ei regjering frå venstresida til å legge seg for min del.

Leiv Ellingsen er SV-veteran og jobber i Moderniseringsdepartementet.

---
DEL

Legg igjen et svar