Den vitskaplege teknologien har utvikla ei vaksine som mest truleg kan medføra at vi står framføre byrjinga på slutten av pandemien, gjennom å oppnå flokkimmunitet ved at 60–70 % tar vaksinen, noko som vil skje i løpet av om lag eit halvt år. Enda ein gong har den vitskapelege sivilisasjonen gjort eit stort framsteg.
Men kva med den menneskelege autonomien? Er det mogleg å basera vaksineprogramma på frie informerte samtykke (Ny Tid 1. januar)? Det vil seia å realisera opplysningstankegangen sine to likestilte idear, om for det første grunngjevne val frå myndige og autonome medborgarar om å la seg vaksinera, og for det andre rasjonell kontroll over naturen gjennom vaksinen.
Vitskapleg kunnskap
Men det synest som vaksineframgangen, kan føra til vaksinetvang, nye former for overvaking, og enten blind underkasting av den vitskaplege kunnskapen, eller like blind motstand mot den nye vaksineteknologien. Kvar enkelt sitt val om vaksinering medfører også eit ansvar andsynes andre, og i eit komplekst informasjonssamfunn er begge perspektiva om vaksinen, det vitskaplege og det konspiratoriske berre eit tastetrykk unna.
Den sunne og rasjonelle skepsisen, den aktive tilliten og den praktiske visdommen, som må liggja til grunn for valet om å ta vaksinen, er vanskeleg å realisera innanfor dagens farmasøytiske og biopolitiske regime. Er det difor slik at den nye vaksineteknologien berre kan setjast i verk innanfor eit totalitært samfunn? Er Kina på denne måten framtidssamfunnet? Ser vi no tydeleg denne innebygde motsetnaden i Opplysningstanken – mellom rasjonell vitskap og autonome val?
Den intensive utnyttinga og utbyttinga av naturen, såg Freud på som ei sublimert aggresjonsdrift.
Og det er just den same vitskapelege teknologien som har bidrege med å skapa pandemien. Den intensive utnyttinga og utbyttinga av naturen, dette herredømme og kontroll over naturen – noko som Freud såg på som ei sublimert aggresjonsdrift – har ført menneska nærare virus som finst i dyreriket. Den industrikapitalistiske og vitskapelege sivilisasjonen har difor produsert dette viruset, gjennom at menneskeleg verksemd har ekspandert utan grenser inn i naturen, slik at det ikkje lenger finst urørt natur, noko som fører til at vi menneske rører ved framande og farlege virus.
Tabu mot å eta diverse typar mat
Dette industrikapitalistiske produksjonssystemet og den vitskaplege teknologien har ført til ekspansjon inn i ukjent territorium, og denne ekspansjonen vart særleg farleg når dette kapitalistiske og teknologiske produksjonssystemet blandar seg med den ateistiske kinesiske kulturen, der det finst få mattabu, i motsetnad til den monoteistiske kristne, jødiske og islamske kulturen som er fulle av tabu mot å eta diverse typar mat. I Kina kan dei eta det meste, slik som slangar, rotter, fuglar, kattar, hundar, og flaggermus, på marknaden i Wuhan. Dette av den enkle grunn at menneska er frie frå den eine Guden, og difor kan dei eta alt som gjev næring og smakar godt.
Slangar, rotter, fuglar, kattar, hundar, og flaggermus på marknaden i Wuhan.
Det er ennå ikkje sikker kunnskap om korleis pandemien oppstod, men dei fleste forskarar meiner at viruset vart overført frå eit dyr, der flaggermus er ein sannsynleg kandidat. Kina er med eitt blitt aktuelt både som utviklingsmodellen for eit totalitært vitskapssamfunn og som eksempel på ein farleg miks mellom tradisjon og modernitet.
Men dette viruset som vart skapt gjennom denne sameininga mellom vitskapeleg produksjonssystem og kinesisk tradisjonell ikkje-monoteistisk mattradisjon, kunne likså vel vorte produsert av det vitskaplege industrikapitalistiske landbruket – noko som svineinfluensa var eit vitne om. Og det finst forskarar som meiner at viruset først oppstod i Italia og Spania. Det finst difor mange vegar til nye og farlege virus.
Og ingen veit sikkert kor mykje elende som står framføre oss når vi høgg ned regnskogen og drenerer myrområde i Amazonas, for å dyrka soyabønner som vi pumpar inn i laks, svin, kylling og storfe, til og med sau som lever fritt og sorgfritt på norske fjellbeite og nyt det saftige og næringsrike fjellgraset, vert feitefôra med soyabønnene, for å oppfylla regjeringa sine produksjonskrav – dvs. at småbøndene kan fylla opp sine skrantne pengebøker gjennom å auka volumet av sauekjøtet.
Er det difor slik at den nye vaksineteknologien berre kan setjast i verk innanfor eit totalitært samfunn?
Opplysningens dialektikk
Aldri før har ei vaksine blitt utvikla så snøgt, just fordi vitskapen for fullt er blitt eit kollektivt produksjonssystem, der kunnskapen vert delt i globale nettverk – om lag som finanskapitalen skannar heile verda for investeringsobjekt. Denne nettverkinga av vitskapen er også det første steget mot kunstig intelligens, eller ein rasjonell tenkeautomat. Den vitskaplege kunnskapen har vorte omforma frå å vera ein handverkskunnskap hos prominente og idérike professorar, til å bli industrielt produsert i gigantiske globale nettverk. Den same utviklingsprosessen som først vart utvikla innanfor den industrikapitalistiske fabrikkane, og seinare i «Kulturindustrien» gjennom masseproduksjon av kultur, vert no realisert fullt ut med den vitskaplege produksjonsprosessen. Det er just desse nettverka av kunnskap som har gjort det mogleg å produsera vaksinen så raskt.
Men denne vitskaplege rasjonaliteten kan brått slå over til nye mytar, eller ei svært urovekkande form for animistiske, magiske og mystiske verdssyn. Dette er et døme på det som Adorno og Horkheimer i 1944 omtala som «Opplysningas dialektikk». Innanfor desse globale nettverk av kunnskap, sirkulerer også dei mange konspirasjonsteoriane, eller den primitive og opphavelege animismen, der verda er besjela av gode og vonde ånder, der det mest av alt står hemmelege samansverjingar bak alt som skjer i verda. Den primitive animismen med «tankens allmakt» har oppstått i ein ny versjon gjennom nye mytar innanfor dagens komplekse nettverks- og informasjonssamfunn. Dette er ei fornya mytisk, magisk og animistisk motrørsle mot fornufta.
Før i tida var det grenser i kunnskapen for kva vrangførestillingar som var mogleg å fabrikkera, mens innanfor dagens informasjonssamfunn finst det uendelege mengder med kunnskapar som kan setjast saman til kreative illusjonar, vrangførestillingar og konspirasjonsteoriar. Difor kan den nye vaksinen og framsteget for den vitskaplege teknologien og eit mangfald av konspirasjonsteoriar om at vaksinen er farleg, bli utvikla frå ressursane i eit komplekst informasjonssamfunn. Komplekse system svingar mellom vitskaplege framsteg og mytisk konspirasjon, eller demokratisk fridom og totalitær tvang.
LES OGSÅ: Er det noen grunn til å juble over koronavaksinen?