Korleis modernisera shariaen?

Kva meines med Sharia, og korleis kan han «moderniseras»?

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

I debatten om islam må «moderniseras» er det spesielt ein ting som får ryggmergen til å rykke hos dei fleste nordmenn: det er Shariaen, den islamske lova. Den skal vi iallfall ikkje ha noe av her i landet! Fatwaer, mullaer, og ayatollaher skremmer meir enn bomber og granatar. Men eigentlig har vi hatt Shariaen her sidan den første muslimen kom hit, og utan fatwaer hadde knapt noen muslim kunne budd her.

Denne ryggmergsrefleksen såg vi då ideen om eit «Sharia-råd» kom opp i fjor. Tanken med dette skulle vere å hjelpe muslimske kvinner med å få religiøs skilsmisse, men opinionen var massivt imot, på vegne av dei same kvinnene. Det var, viste det seg, ikkje innhaldet som var problemet, men at ein brukte ordet «Sharia» i namnet. Muslimar fekk i tv-debattar slike meiningslause spørsmål som: «Er du for eller mot Sharia, ja eller nei?» Noe som kan samanliknas med: «Er du som truande for eller mot Gud?»

Forvirringa kjem naturligvis av at nesten ingen debattantar – anten dei er for eller mot «modernisering» – er samde om kva dei meiner med «Sharia» eller dei andre omgrepa som svirrar i tida. Derfor kan noen seie seg å vere for, og andre mot, mens dei eigentlig tenker på heilt ulike ting. Dei fleste tenker trulig på straffemåtar, på steining og avhogging av hender når dei hører ordet. Men desse straffene – og straffelova i det heile – er berre ein liten og marginal del av Shariaen. Skal ein ha noen rimelig dialog gåande, må ein iallfall bestemme seg for kva orda betyr.

Det må seias at dei truande ikkje nødvendigvis hjelper til, fordi om motstandarane har fastlåste idear om kva Shariaen «er», så har mange av dei truande like klare, og ahistoriske, oppfatningar om denne lova. Mange av dei seier at Koranen «påleggjar dei» det eine og det andre, utan at dette bygger på anna enn heilt generelle vendingar i teksta. Så kan andre muslimar meine at Koranen seier noe ganske motsatt, og dei som ikkje les boka sjølv blir ståande forvirra tilbake.

Fatwa er ikkje ein bannbulle

Vi må altså finne ut kva slags rimelig tolkingsrom som finnas innanfor islam, før vi seier noe om muslimane må forkaste religionen, eller om dei kan endre det sosiale innhaldet i den utan at trua går med i dragsuget, slik muslimske reformistar meiner må til. Kor fastlåst ligg Shariaen?

Ordet «Sharia» blir brukt om alle former for reglar innan islam. Det omfattar både reint religiøse og rituelle spørsmål og «verdslige» eller samfunnsmessige konfliktar. Dei viktigaste delane er nok dei rituelle, som korleis ein skal gjennomføre bønn, faste og pilegrimsferd. Her kjem muslimen i eksil stadig overfor nye problem. I fastemånaden skal ein ikkje ete eller drikke når sola er oppe. Men kva når ein bur under midnattssola? Dette var ikkje tenkt på før. Derfor må muslimen spørje ein lærd, ein mufti, til råds, og den lærde gir eit svar med religiøs autoritet. Dette svaret kallas ein fatwa. Altså ikkje ein bannbulle, men eit svar på eit religiøst problem av noe slag. (Ein imam kan ikkje i seg sjølv gi noen fatwa, om han ikkje er spesielt lærd; ein imam er berre ein forsamlings- og bønneleiar i kvar moske, utan spesiell religiøs autoritet, motsatt det media ser ut til å tru.)

Denne delen av Shariaen er automatisk med når ein muslim praktiserer sin religion. I Europa kan ikkje muftiane eller andre lærde få autoriteten bekrefta av staten, derfor har dei ofte samla seg i eigne forsamlingar, kalla Sharia-råd eller fatwa-råd, som iallfall kan samle ulike lærde og gi noe meir samlande og autoritative svar enn det kvar enkelt mufti kan gi.

Men dei fleste muslimar lever, og har levd, i statar der dei er i fleirtal, i muslimske statar. Gjennom historia såg kalifar og sultanar det som si oppgåve å herske med Guds vilje, og halde oppe Guds lover. Derfor hadde også Shariaen ein samfunnsmessig eller verdslig del, som skulle styre mellommenneskelige forhold, ikkje berre forholdet mellom den truande og Gud. Men dei verdslige delane av Shariaen, dei mellom menneske og menneske, må kunne endre seg når historia og samfunnet endrar seg. Her må ein samle seg om Guds «intensjon» med lova – som er å «fremme det gode» – og så forme ut og endre Sharia-reglane i samsvar med dette.

Og slik har det også vore opp igjennom tidene. Ein del lovreglar har ligge ganske fast gjennom hundreåra, slik dei som gjeld familiesaker, giftarmål og arv – sjølv om også desse nok har blitt omgått i praksis i mange tilfelle. Men andre, og spesielt straffereglane i Shariaen, vart sett til sides nesten med ein gong. Problemet var at Shariaen var styrt av muftiane, ofte uavhengig og kanskje i opposisjon til sultanen og staten. Derfor tok sterke herskarar helst over styringa av desse lovområda, og gav sine eigne lovreglar som domstolane styrte etter. Dette trong ikkje vere humane etter våre mål, utruskap og drukkenskap vart framleis straffa. Men dei var ulike straffene i Shariaen, og spesielt dei berømte fem «grensestraffene», med pisking, steining og amputasjonar, vart som oftast erstatta med fengsel, straffarbeid eller bøter for mindre brotsverk.

Modernisering

Slik var ikkje middelalderen alltid så middelaldersk, og Shariaen styrte aldri åleine. I moderne tid, då europearane gjorde sitt inntog, fjerna dei heilt dei da teoretiske Sharia-lovene frå strafferett og økonomi, men beheldt dei for det meste i familiesaker. Dette vart gjort med samtykke frå muslimske lærde og reformatorar stort sett utan unntak fram til 1980-åra, fordi det vart sett på som nødvendige tilpassingar. Også den forsiktige moderniseringa av familielovene som dei fleste landa gjennomførte vart stort sett akseptert, sjølv om endringane her nok gjekk saktare.

Når vi har sett ein reaksjon i dei seinare tiåra, dels i retning av generell pietisme, dels mot ein meir radikal politisk islam, så er det altså ikkje fordi religionen «tvinger» dei til det, men på grunn av den situasjonen den muslimske verda, og muslimske minoritetar i Vesten, står i i dag. Det er ei moderne rørsle. Derfor er det ein indre motsetning i den radikale islamismens forhold til Shariaen. På den eine sida bygger deira lovsystem i nesten alle tilfelle på eit vestlig mønster med parlamentsvedtekne kodifiserte lover (Saudi-Arabia er her eit unntak). På den andre sida skal innhaldet i lovene formas slik at dei markerer politisk mest mulig avstand til vestlige modellar. Dette er altså ei form for modernisering, men bevisst i feil retning ut frå det Vesten ønskjer.

Mens det før altså var muftiane og dei lærde som bestemte kva Shariaen var og korleis han skulle utviklas vidare, er det nå staten, eller islamske rørsler på eiga hand, som gjer det. Men på same måte som i gamle dagar er autoriteten til lova festa i «Guds vilje», slik den er uttrykt i dei heilage skriftene, Koranen og profettradisjonane (Sunnaen).

Kven tolkar?

I prinsippet setter desse skriftene få grenser for korleis lova skal sjå ut, fordi dei er så opne for tolking. Men det er ikkje dermed sagt at truande muslimar vil godta kva som helst som ein kan tolke ut frå teksta. Det ligg ein lang tradisjon av regelutforming her. Både «modernistar» og «fundamentalistar» vil fri seg frå denne tradisjonen, og tolke tekstene på nytt, i kvar sin retning. Men dersom ikkje dei truande gjenkjenner desse nytolkingane som rimelige i si forståing av religionen, blir dei berre til tankesvermeri.

Det som er viktig er derfor ikkje kva ein seier at Shariaen «eigentlig» er, men kven som seier det. Det er autoriteten til dei som gir tolkingane som avgjer om muslimane vil godta nytolkingar, eller «modernisering» som rimelig eller riktig bilde av si tru. Naturligvis kan ikkje Stortinget eller norske parti begynne å uttale seg om kva islam «burde» vere ut frå si eiga koranlesing. Men heller ikkje innanfor islam er det noen slik fast autoritet som avgjer ting ein gong for alle. Det har aldri vore noe pavestyre i islam, og det er det framleis ikkje. Imamane kan ikkje bestemme, og heller ikkje Irans ayatollaher kan bestemme over sine shi’aer – dersom dei truande ikkje vil høre på dei. Har dei statsmakt, så kan dei tvinge folk til å lyde, men ikkje til å tru.

Sjå på samfunnet, ikkje reglane

Det gir fridom, men er også eit problem, når noen vil påtvinge noen ei «modernisering», det vere seg av Shariaen eller av islam elles. Det er ingen som kan vedta det. Endringane av kva som er «rimelige» forståingar av det eine og det andre kan berre komme når fleirtalet av dei truande på eiga hand har komme fram til det. Og da må vi, i staden for å stille formelle krav om «formuleringsendringar», finne ut: kvifor ser islam (og Shariaen) ut slik den gjer? Kva er det som, for eksempel, får så mange fleire muslimske kvinner i dag til å oppfatte skaut som ei religiøs plikt enn for ein generasjon sidan? Det er ikkje dei religiøse tekstene som har endra seg, og det er ingen imamar eller andre som har ført til endringane.

Det må i staden vere dei breie samfunnsmessige endringane som gitt grunn for dette skiftet. Dersom vi derfor ønskjer at islam i Noreg eller elles skal «moderniseras», altså falle meir saman med dei kvinne- og rettsideala som dominerer i vårt samfunn, må vi sjå på samfunnet, på korleis muslimane i Noreg lever, og ikkje fokusere berre på symbol eller prøve å tvinge gjennom kjappe regelendringar. Det er eit meir langsiktig perspektiv, men det er også eit betre perspektiv for venstresida: endre samfunnet, så endrar religionen seg med det.

---
DEL

Legg igjen et svar