Konservatisme i SV

Er det framleis mogleg for liberale sosialistar å vere med i SV? Standpunkta til SVs i to sentrale saker gjer at spørsmålet trengjer seg på.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Liberalisme og sosialisme går svært godt i hop – så lenge vi ikkje assosierer sosialisme med planøkonomi. Innanfor nyare politisk filosofi vert den venstreliberale posisjonen representert av fleire av dei fremste politiske tenkjarane i vår tid. Det gjeld ruvande politiske filosofar som Ronald Dworkin, Will Kymlicka, Nancy Fraser, Jürgen Habermas og Brian Barry. Og sist, men ikkje minst gjeld det John Rawls.

John Rawls

Nyleg avdøde John Rawls har kanskje vore den viktigaste politisk filosofen i løpet av dei siste 100 åra. I den siste bok hans (også omsett til norsk) gjev Rawls klårt til kjenne at ein sosialistisk marknadsøkonomi med stor vekt på arbeidarmakt er eitt av to politiske samfunnssystem som han meiner let seg sameine med teorien hans. Rawls avviser den kapitalistiske velferdsstaten fordi den i for liten grad intenderer å fordele makt nokolunde likt.

Rawls og dei som høyrer til i den venstreliberale leiren er ikkje villige til å fire ein tomme når det gjeld forsvaret av dei grunnleggjande liberale fridomane. Men dei venstreliberale strekar under at desse fridomane må vere mest mogleg likt fordelte. Samstundes peiker dei på at også politisk makt og sosiale og økonomiske moglegheiter må vere likt fordelte for at samfunnet skal kunne kallast rettvist. Difor ender Rawls og dei venstreliberale opp med politikktilrådingar som anten godt let seg sameine med eller som må kunne kallast variantar av ein liberal og moderne sosialisme.

Ved å gå inn for konservative standpunkt i vesentlege, tunge politiske saker, er det no grunn til å ottast for at SV støyter frå seg sosialistar som er liberale (jamfør til dømes eksistensen av Oslo Byforum som eit liberalt alternativ til SV).

Mehmet

Eit varsku om ny-konservatisme i SV kom under handsaminga av bioteknologilova. SV gjekk inn for forbod mot forsking på befrukta egg og la seg på ei restriktiv linje i høve til å la kvinner få opplysningar basert på fostermedisin. Straks konsekvensane av lova meldte seg i form av eit levande menneske og ikkje eit abstrakt prinsipp, enda det opp i eit heller ynkeleg tilbaketog for SV. Mennesket var 6-åringen Mehmet Yildiz. Den nye lova hindra legar i å hjelpe familien Yildiz til å identifisere eit befrukta egg utan sjukdomsanlegg. Ein framtidig bror eller ei søster kan gje Mehmet frisk beinmarg og dermed nye livsutsikter. Kven skulle vere taparen om Mehmet fekk hjelp?

Det som skjedde, vil eg påstå, var at SV i staden for å leggje ei liberal innstilling til grunn der omsynet til einskildmenneska stod i fokus, sikra fleirtal for ei av verdas strengaste bioteknologilover i eit anfall av misforstått verdikonservativisme.

Ytringsfridomen

No ligg ei ny svært viktig sak på bordet til SVs stortingsgruppe. For den 30. september kjem saka om ny grunnlovsparagraf til vern av ytringsfridomen opp for Stortinget. To forslag står mot kvarandre. Det eine, mest liberale forslaget er forfatta av Ytringsfrihetskommisjonen, leia av Francis Sejersted. Opp mot dette forslaget har regjeringa laga eit eige forslag.

I innstillinga frå konstitusjonskomiteen synte det seg at Arbeidarpartiet og Framstegpartiet støtta det liberale forslaget som på mange måtar gjev ytringsfridomen ein sjølvstendig verdi som vert verna så lenge ikkje andre basale fridomar vert trua. SV, derimot, hamna nok ein gong i allianse med KrF slik også Høgre og Venstre gjorde det (truleg av regjeringsfamiliære grunnar). Det er fleire grunnar til at regjeringsforslaget som SV altså har støtta, må kallast paternalistisk samanlikna med forslaget frå Ytringsfrihetskommisjonen, eg nemner tre av dei.

Politiske ytringar

For det første vert det i dagens grunnlov kontant slått fast: «Frimodige Ytringer, om Statsstyrelsen eller hvilkensomhelst anden gjenstand, ere Enhver tilladte». Mindretalet i konstitusjonskomiteen (Ap og Frp) støttar seg på kommisjonens forslag som ordrett vil behalde dette vilkårslause vernet av politiske ytringar. SV og fleirtalet vil at også ytringane til politikarane våre, og til vanlege folk som kommenterer politikk, skal knytast til vilkår om at ytringane tener samfunnet. Dersom ein samanliknar ulike lands grunnlovstekstar om ytringsfridom, ser ein at skiljet går mellom dei lovtekstane som knyter vilkår til ytringsvernet og dei som ikkje gjer det. Såleis er jo det amerikanske 1. grunnlovstillegget blant verdas sterkaste grunnlovsvern av ytringsfridom medan til dømes artikkel 10 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen gjev, relativt sett, eit svakare vern. SV vil i praksis svekkje vernet av politisk ytringar samanlikna med det vernet dagens nesten 200 år gamle paragraf gjev.

Sensur

Når det, for det andre, gjeld førehandskontroll, vil regjeringa og SV berre verne trykksaker mot førehandskontroll medan forslaget frå Ytringsfridomskommisjonen ikkje opnar for førehandssensur i det heile med unntak av for film retta mot barn. Medieprofessor Helge Rønning (Dagbladet 5. juli) meiner forslaget SV støttar, om det vert vedtatt, vil plassere Noreg blant dei internasjonale verstingane på linje med Saudi-Arabia og Kina i spørsmål om sensur. Slike folk som Geir Nyborg og fundamentalistane i Kristent medieforum vert derimot sikkert glade for den nye alliansepartnaren.

Kapitalens ærend

For det tredje: I høve til injuriar foreslår Ytringsfridomskommisjonen at så lenge ein hadde rimeleg god og aktverdig grunn til å påstå noko om andre, så skal ein ikkje kunne straffast sjølv om det i ettertid syner seg at påstanden var feil. Dette vil kunne senke terskelen for offentlege ytringar og gjere at fleire deltar og kjem fram med kontroversielle meiningar. Men i staden for å støtte dette, støttar SV igjen regjeringspartia og det paternalistiske forslaget. At SV då hamnar på feil side, kan illustrerast med ei vidgjeten rettssak i England. I England i 1997 vart to blakke Greenpeace-aktivistar dømde til å betale ei erstatning på 95490 dollar til McDonald’s. McDonald’s saksøkte dei to fordi dei hadde delt ut ein svært kritisk pamflett mot hamburgarkjeda, dei vart dømde sjølv om store deler av innhaldet i pamfletten var korrekt. Dei store TV-selskapa la seg lågt fordi dei vart redde for å spreie injuriar med påfølgjande søksmål. Denne typen maktforskyving, der dei som er pengesterke kneblar kritikarar, kan kommisjonens forslag vere eit botemiddel mot. Men regjeringa har valt å fjerne formuleringa til kommisjonen – med SVs støtte.

SV går her kapitalens ærend. For kven er det som kan true med og som har råd til å hyre inn injurieadvokatar kvar gong dei vert møtt med meiningar dei ikkje likar?

Slagstad

Som medlem av SV i over 20 år, lurer eg no på følgjande. Har det gått meg hus forbi at SV har inngått ei konservativ pakt? Viss ikkje, kvifor er det ingen i SV som går inn for det liberale forslaget når det gjeld ytringsfridom? Kan det vere slik at det ikkje finst ein einaste liberal sosialist i SVs stortingsgruppe?

Ein av fremste intellektuelle i dagens Noreg, Rune Slagstad, var i eit tidlegare liv nestleiar i SV. For over 20 år sidan skreiv Slagstad: «Som politisk og rettslig teori er liberalismen marxismen overlegen, som økonomisk og sosial teori er marxismen liberalismen overlegen. Det er imidlertid et nytt tema. Min konklusjon i dag er at som politisk og rettslig teori er liberalismen sosialismens forutsetning. En sosialisme som ikke er slik forankret i liberalismen, kan jeg ikke se at det kan være noen grunn til å kjempe for» (Kontrast 1982: nr. 5/6).

Om det skulle finnast nokon liberale sosialistar i SVs stortingsgruppe, vil eg be han eller henne om å klippe ut og henge opp sitatet frå Slagstad på gruppekontoret. For eg er redd innsiktene til Slagstad har hamna i gløymeboka til partiet.

Bør så liberale sosialistar enno kunne kjenne seg heime i SV? Svaret på det veit vi først den 30. september.

---
DEL

Legg igjen et svar