Kommunane treng SV-politikk

Kommunevalkampen i haust kan bli eit stort oppgjer om små ting. Vi vil at den skal handle om kva slags Noreg vi skal i framtida, om korleis din kommune bør være. Valkampen vil dreie seg om framtida for barn, unge og andre som er avhengige av det vi har skapt saman.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Sidan 1997 har SV brukt slagordet barn og unge først. Ikkje fordi vi meiner dei yngste av oss er viktigare enn andre folk, men fordi oppvekstvilkår, utdanning og framtid for barn og unge er eit så viktig politisk spørsmål. Den beste måten å jamne ut klasseskilnadar på er gode skular og barnehagar som mange nyttar seg av. Eit høgt utdanningsnivå er ei god investering i framtidig verdiskaping i næringslivet.

Barnehagar og skular har vore hovudsaker for oss i fleire val. Gjennom barnehageforliket har vi fått gjennomslag for makspris på barnehagar og auka utbygging. Dette vedtaket må følgjast opp og vernast om lokalt, noko SV skal gjere rundt omkring i norsk kommunar. No er det på tide å få resultat også på skule. Vi skal føre i land det arbeidet vi starta på for mange år sidan med å forbetre norsk skule. Då er det viktig å vinne kommunevalet og å sitte i maktposisjon i mange kommunar.

Den norske skulen må bli ein moderne skule der elevar får utfalde seg. Vi kan ikkje spare oss til betre kvalitet i skulen. Kvalitet kostar. Oppussing av skular, moderne utstyr og gode lærarar kostar pengar. Men pengar er ikkje nok. Vi må også skape ein skule som er tilpassa evner og interesser hos kvar enkelt elev. Læring skjer gjennom opplevingar. Skulen må få høve til å tilby opplevingar som elevane veks på. Vi må skape ein skule som dyrkar den nyfikne eleven!

Kampen for ein moderne skule for alle og for nok billige barnehageplassar er ikkje over.

Difor vil vi halde fram med å sette barn og unge først.

Kvalitet eller botnpris

Skal offentleg sektor fungere godt må vi heile tida utvikle velferdstenestene. Vi skuldar alle som brukar dei at vi skal tilby topp kvalitet til ein rimeleg pris. Høgre har lansert slagordet meir igjen for pengane. Deira svar på utfordringane i Velferds-Noreg er at kommunen skal produsere tenester så billeg som mogeleg. SV skal ikkje presse kommunar eller brukarar på billegsal når dei skal ha velferdstenester, vi skal la dei velge kvalitet. Det skuldar vi brukarane. SV vil at skule, barnehagar, eldreomsorg og helseteneste skal være best og billegast mogeleg for dei som brukar dei – ikkje billegast mogeleg for kommunen. Kvalitet kostar, det veit Høgrefolk frå kvardagen.

Ei stor undersøking i Dagbladet i januar 2003 viser at folk i Noreg i all hovudsak er nøgd med offentlege tenester, men det er likevel mykje å gå på. Målet kan ikkje vere mindre enn at alle skal få god skulegong, skikkelege helsetenestar og verdig eldreomsorg.

Høgresida kritiserer ofte SV for å tynge folk ned med høge skattar og avgifter på mellom anna bensin og alkohol. Samstundes aksepterer dei glatt eigenbetalinga – les: avgiftene – på sjukdom og barnehageplassar. Slik undergrev dei velferdssamfunnet til fordel for privat forbruk. I høgresamfunnet vert det dyrare å bli sjuk men billegare å bli full. Det er å styre samfunnet i feil retning.

Ein moderne og god kommune

Vi treng ein moderne, fleksibel kommune som kan tilby gode tenester til innbyggjarane. Då må vi forsøke oss fram med nye måtar å organisere på. Mange norsk kommunar har gjort det med hell, mellom anna dei såkalla modellkommunane. Vi må også tilføre kommunane meir pengar slik at dei kan skape betre velferdstenester i staden for å kutte ned på tenestene. Privatisering av tenester er ei dårleg løysing. Erfaring viser at det ikkje er pengar å spare på privatisering i tilhøve til god kommunal organisering utan at det går ut over kvalitet. Viktige omsorgsoppgåver bør vere finansiert av fellesskapet og drive av fellesskapet, ikkje av aktørar som har som hovudmål å tene pengar på tenestene.

Nøkkelordet for høgresidas kommunepolitikk er effektivisering. Kanskje hadde kuttisme vore eit meir passande ord. For kor effektivt er det når sjukepleiarar spring mellom pasientar og aldri har tid til å gje den omsorga dei ønskjer? Eller når skulene ikkje har råd til vikarar, og må sende ungane heim? Det er kanskje effektivt for budsjettala, men knappast for innbyggarane si helse eller læringa til elevane.

Dei tilsette er ikkje målet for offentleg sektor, men dei er det viktigaste middelet for å skape betre tenester. Finst det ei einaste bedrift som kan fungere godt utan at dei tilsette føler seg viktige og spelar på lag for å utvikle bedrifta? Sjølvsagt ikkje. SV har som mål at dei tilsette skal ha gode arbeidstilhøve, få god opplæring og vere viktige i å utvikle offentleg sektor – ikkje at dei skal vere skyteskive for manglande ressursar eller dårleg organisering.

Noregs viktigaste parti

I helga møtest 300 lokale SV-kandidatar til kommunalpolitisk konferanse. Vi har to mål for valkampen i haust.

SVs første mål er å gjere vårt beste lokalval nokon sinne. Vi har gode meiningsmålingar no, men vi veit at det må jobbast knallhardt i fire månadar om vi skal klare det. For å vinne valet er vi avhengig av at ordførarkandidatar, opposisjonspolitikarar, listefyll og andre partimedlemmer tek i eit tak.

SV andre mål er at vi skal vere det viktigaste partiet i norske kommunar i dei fire åra etter neste val. Mange stader har vi vore eit viktig opposisjonsparti som har kjempa for betre skule og miljø. No kan vi blir viktige fordi vi legg fram eit heilskapleg alternativ som mange er samd i, og fordi vi kan få stor innverknad i mange kommunar.

SV sine medlemmer og folkevalde er viktige for at vi skal vinne valet i haust. Då kan vi – om vi ikkje blir det største partiet i Noreg – halde fram med å vere Noregs viktigaste parti.

---
DEL

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here