Kommentar: Reisa ut av krisa

Eurosamarbeidet er bygd på gode intensjonar, men ikkje på viljen til å lage eit bærekraftig system. Denne veka møtest statsleiarane i Det europeiske råd til kriseråd.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Kjartan Almenning, leiar i Én VerdenDette er et bidrag til «Engasjert ytring»-spalten i ukemagasinet Ny Tid, på trykk 29.06.2012. I spalten kommer ulike idealistiske organisasjoner er til orde. De som deltar er: ATTAC Norge, Natur og Ungdom, Agenda X, Skeiv Ungdom, Changemaker, Én verden, Framtiden i våre hender, Bellona, Fellesrådet for Afrika, Naturvernforbundet, Leger Uten Grenser og NOAH – for dyrs rettigheter.

Delta i debatten på ukemagasinets Ny Tid debattsider – send din reaksjon på denne teksten til debatt@nytid.no. Helst før kl. 14 tirsdager for å komme på trykk i samme ukes utgave, fredag.


Union. Når økonomien blir global, må politikken følgje etter, gjennom opne, demokratiske institusjonar. Midt i finans- og gjeldskriser er det framleis viktig å arbeide for global demokratisering. Men det hastar meir med å ta vare på det av internasjonalt demokrati som allereie er bygd opp.

Krisa avgrensar seg ikkje til medlemslanda i Euroområdet. IMF anslår at verdas statar vil måtte låne 11.000 milliardar kroner dette året. Av dette står EU for 1.400 milliardar, Japan for det dobbelte og USA for det trippelte.

Skilnaden på USA, EU og Japan er i dette tilfellet at medan USA og Japan har ei regjering med økonomisk mandat og kompetanse, så har EU det ikkje. Den monetære unionen vart aldri følgt opp av ei europeisk økonomisk utøvande styresmakt. Men ein felles valuta vil ikkje fungere godt utan finansiell og politisk union.

F-ordet

Mangelen på føderal suverenitet på det økonomiske området betyr at EU kjempar med ein arm på ryggen. Den europeiske økonomien kan aldri bli effektivt styrt utelukkande i eit samarbeid mellom nasjonar. For å redde euroen bør EU få kompetanse til skattlegging, og Europaparlamentet bør få større fridom til å gjere økonomiske prioriteringar uavhengig av nasjonale regjeringar i Ministerrådet. Med andre ord: EU treng eit føderalt budsjett.

F-ordet – føderalisme – har ein tendens til å kortslutte einkvar politisk debatt i Noreg. Det blir oppfatta som eit ønskje om sterk sentralisering og ytterlegare distansering mellom borgarar og politiske avgjersler. Begge deler er feil. Det er legitimt å diskutere kor mange og breie politiske oppgåver som skal løysast overnasjonalt. Men i ein open økonomi, som dei fleste ønskjer og dei fleste nyt godt av, er det utfordringar som aldri kan løysast av nasjonalstatar åleine.

I mangel på føderale, demokratiske institusjonar med ei tydeleg arbeidsavklaring til medlemsstatane, vil det vere opp til dei sterke landa å setje premissa, på godt og mest på vondt. Det er dette som skjer i Europa i dag. Føderalisme er demokratisering, ikkje sentralisering.

Eurokrisen er ikkje berre finansiell og økonomisk. Den er også politisk og institusjonell og kan ikkje bli løyst mellom statar og under fransk-tysk kontroll. Kanskje ser vi no konturane av eit Europa som vert integrert i to ulike hastigheiter.

Tydelegare makt

Storbritannia har gjort dette scenariet meir sannsynleg gjennom sitt veto mot revisjon av Lisboa-traktaten førre desember. Og kanskje er det bra. Det er naudsynt med ei tydelegare utøvande makt i Euroområdet, ettersom ingen av dei tre utøvande institusjonane (Rådet, Kommisjonen og Eurogruppa) har kraft nok til å gjere naudsynte grep.

10 utanriksministrar i EU-land frå Portugal til Polen, og inkludert Danmark og Tyskland, har teke til orde for å utvikle EU langs desse linjene. Dei vil ha ein folkevalt kommisjonspresident og erstatte Ministerrådet og Det europeiske råd med eit andrekammer i Europaparlamentet. Europaparlamentet har gjennom Lisboatraktaten makt til å foreslå slike institusjonelle reformer. Det vil krevje mykje av EU å overtyde borgarane om at dette er rett veg.

Mange ønskjer euroen nord og ned, særleg i Noreg. Men skal ein på sikt ta vare på den indre marknaden, på den politiske stabiliteten, minske det økonomiske gapet mellom nord og sør i Europa og slå beina under den vaksande nasjonalismen, kan det vise seg at eit sterkare, meir demokratisk og føderalt Europa er den einaste vegen. ■


(Dette er et utdrag fra Ny Tids ukemagasin 29.06.2012. Les hele ved å kjøpe Ny Tid i avisforhandlere over hele landet, eller ved å abonnere på Ny Tid –klikk her. Abonnenter får tidligere utgaver tilsendt gratis som PDF.)

---
DEL