Kommentar: Når lova blir global

Det ligg utfordringar i å handtere lovbrot utanfor landets genser. Den internasjonale straffedomstolen er også klar for ein revolusjon.

Ny Tid

Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter.
(Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

KjartanAlmenningDette er et bidrag til «Engasjert ytring»-spalten i ukemagasinet Ny Tid, på trykk 30.09.2011. I spalten kommer ulike idealistiske organisasjoner er til orde. De som deltar er: ATTAC Norge, Natur og Ungdom, Agenda X, Skeiv Ungdom, Changemaker, Én verden, Framtiden i våre hender, Bellona, Fellesrådet for Afrika, Naturvernforbundet, Leger Uten Grenser og NOAH – for dyrs rettigheter.

Delta i debatten på ukemagasinets Ny Tid debattsider – send din reaksjon på denne teksten til debatt@nytid.no. Helst før kl. 14 tirsdager for å komme på trykk i samme ukes utgave, fredag.

Universell. TV2 avslører at nordmenn reiser til utlandet for å kjøpe sex. Norsk lov regulerer nordmenns handlingar i utlandet. Det er problematisk, men berre på grunn av mangel på overnasjonal lov.

Våre personlege grenser er ofte samanfallande med dei grensene lovverket set. Lover har ein normgjevande effekt. Utlandsturar gjev såleis eit enkelt høve til å setje sine eigne grenser på prøve.

For dei fleste er det nokså uskuldig: Ein tur på Casino eller på moped utan lappen. Slike variasjonar i lovverket frå land til land er eit uttrykk for demokratisk mangfald, og det må vere bra etter dei fleste definisjonar.

Nokre grensebrot er meir alvorlege. Stortinget har sjølv definert bestemte deler av straffelova som gjeldande for norske statsborgarar også om lovbrotet har skjedd i utlandet. Grensebrot blir til lovbrot. Norsk norm blir universell – for nordmenn.

Det er ikkje uproblematisk. Det er i strid med folks rettskjensle at ein kan bli straffa for handlingar som er lovlege i landet handlingane blir gjort, vert det hevda. Verre er det kanskje at lova eksplisitt gjer skilnad på folk.

«Påtale etter denne paragraf reises bare når allmenne hensyn tilsier det», heiter det i den nye straffelova av 2005, § 5. Noko anna er ikkje mogeleg å innfri så lenge politiet ikkje følgjer folk på ferie. Og det synleggjer problemet: Straffelova har fått universell jurisdiksjon i mangel på noko meir.

For dette handlar sjølvsagt ikkje om å stoppe folk frå å bryte grenser. Det handlar om kamp mot grenseoverskridande og alvorleg kriminalitet. Mot krigsbrotsverk, mot folkemord, mot brotsverk mot menneskeheten, mot tvangsekteskap, mot kjønnslemlesting, mot menneskehandel, mot barneporno.

Å setje ny norm

Forbudet mot kjøp av sex er blitt med i dette selskapet. Ikkje alle land er samde med Noreg i at dette er grenseoverskridande og alvorleg kriminalitet. Ein kan ha ulike oppfatningar om i kva grad dette er klokt, men det er nærliggande å tru at Noreg har gjort dette universelt kriminelt delvis for å setje ei ny norm.

I juli 1998 fekk verda eit nytt verktøy eigna til å handtere nokre av desse utfordringane, nærare bestemt krigsbrotsverk, folkemord og brotsverk mot menneskeheten. Då vart Roma-statuttane underteikna, og Den internasjonale straffedomstolen (ICC) etablert.

Domstolen representerer noko heilt nytt: Det er ikkje lenger berre statane som er rettssubjekt i internasjonal rettsorden. No kan også personar måtte stå til ansvar for sine handlingar, sjølv der det nasjonale rettsvesenet ikkje gjer jobben.

Det er ikkje noko mindre enn ein revolusjon. Den revolusjonen bør følgjast opp av ein ny, der det er folkevalde som i globalt fellesskap definerer kva lover som skal representere internasjonal norm.

For det internasjonale juridiske systemet er framleis lite eigna. Det er avhengig av at representantar for nasjonale regjeringar, med vekslande ryggdekning på heimebane, blir samde om innhald. Det er avhengig av at nasjonale politistyresmakter prioriterer etterforsking. Og det er avhengig av at nasjonale domstolar følgjer opp.

Så inntil vidare skal kampane altså kjempast berre når allmenne omsyn tilseier det. Når ein stortingsrepresentant kjøper sex i Riga, til dømes.

(Dette er et utdrag fra Ny Tids ukemagasin 30.09.2011. Les hele ved å kjøpe Ny Tid i avisforhandlere over hele landet, eller ved å abonnere på Ny Tid – klikk her. Abonnenter får tidligere utgaver tilsendt gratis som PDF.)

---
DEL