Kommentar: Mediesvindel

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er igjen ute med tal på kor mykje norske kommunar kastar bort på velferdstenester. Påstandane er gamle, dårleg dokumenterte og tilslører langt større ran av offentleg sektor.

Ny Tid
Ny Tids arkiv av artikler, skrevet av diverse skribenter. (Se nederst i artikkelen, evt kontakt oss for skribent).

Dette er et bidrag til «Engasjert ytring»-spalten i ukemagasinet Ny Tid, på trykk 25.01.2013. I spalten kommer ulike idealistiske organisasjoner er til orde. De som deltar er: ATTAC Norge, Natur og Ungdom, Agenda X, Skeiv Ungdom, Changemaker, Én verden, Framtiden i våre hender, Bellona, Fellesrådet for Afrika, Naturvernforbundet, Leger Uten Grenser og NOAH – for dyrs rettigheter.


Delta i debatten på ukemagasinets Ny Tid debattsider – send din reaksjon på denne teksten til debatt@nytid.no. Helst før kl. 14 tirsdager for å komme på trykk i samme ukes utgave, fredag.

Fakta. NHO Service hevdar norske kommunar til saman kan spara 15 milliarder kroner. Tala er basert på ein ny rapport frå Vista Analyse. På bakgrunn av tidlegare saftig kritikk av desse rapportane, har NHO Service no ei rad med kraftige reservasjonar om kva rapporten kan brukast til.

Mellom anna seier NHO sjølv at den ikkje kan takast til inntekt for at privatisering av kommunale tenester faktisk er effektivt. Likevel brukar dei rapporten til å få avisoppslag som skal skape nettopp dette inntrykket. Kommunane kan sikkert verte meir effektive ved å lære av kvarandre, men rapporten gjev ikkje grunnlag for å hevde at privatisering av kommunale tenester er effektivt.

Effektivitetstala har Vista analyse henta frå SSBs tal frå kommunesektoren (Kostra). Det er manglar ved desse tala, men endå viktigare er dei premissane for undersøkinga NHO har lagt inn. Eit problem for NHO er at ein rein bruk av tala frå SSB som regel vil vise at det er kommunar som ikkje privatiserer som er dei mest effektive.

Ingen trylleformel

For å sikre seg at undersøkinga ikkje skal kunne brukast til å underbygge ein slik konklusjon, har NHO definert særeigne effektivitetsmål for kommunene. Undersøkinga legg til grunn at høg grad av privatisering i seg sjølv eit er kriterium på høg effektivitet, uavhengig av om både innbyggarar, kommunen og dei tilsette faktisk taper på denne privatiseringa.

Men privatisering er ingen trylleformel. Erfaringar dei siste åra har gjort det klart for alle kven som betalar prisen for «effektivisering.»

Adecco-skandalen var eit tydeleg døme på korleis løns- og arbeidsvilkår kjem under press.

Vi veit også at dei kommersielle velferdsselskapa, som vert finansiert av offentlege middel, har koblingar til skatteparadis.

Store avvik

I undersøkinga frå NHO kjem Gausdal kommune på tredjeplass i kåringa over landets mest effektive kommunar. Gausdal deltek i fleire interkommunale samarbeid. Den viktigaste grunnen til at Gausdal kjem på tredje plass på lista er at aktiv deltaking i interkommunalt samarbeid er ført opp som «kommunale innkjøp».

Hadde dei ført opp dette som kommunal verksemd, så ville kommunen ha rast nedover på lista. Nabokommunen som Gausdal samarbeider med har ikkje ført opp samarbeidet med Gausdal som «kommunale innkjøp» og hamnar lenger nede på lista.

NHO kom med tilsvarande undersøking med tilsvarande konklusjon i både 2010 og 2011. Undersøkingane møtte sterk motbør og Fagforbundet kunne dokumentere at Kostra-tala, som rapportane var basert på, hadde store avvik frå faktiske kommunale rekneskapar i store byar som Oslo og Trondheim.

Vi oppmodar media om å merke seg desse lettvinte utspela frå NHO Service som vert gjentekne kvart år. NHO er sikkert glade for alle oppslaga dei har fått om undersøkinga, men måten tala vert brukt på er etisk sett ein svindel. ■

Dette innlegget er vedteke av styret i Attac Norge, 20.1.2013

(Dette er et utdrag fra Ny Tids ukemagasin 25.01.2013. Les hele ved å kjøpe Ny Tid i avisforhandlere over hele landet, eller ved å abonnere på Ny Tid –klikk her. Abonnenter får tidligere utgaver tilsendt gratis som PDF.)

---
DEL